Viser innlegg med etiketten Erkna. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Erkna. Vis alle innlegg

onsdag 1. august 2018

Feriefinale på favoritten Erkna

1.08 Endeleg var fuglefredninga og ilandstigningsforbodet over. Yr lova oss ein av dei siste varme sommardagane. Med reker&loff, fotoapparat, fyrnøkkel og ein heil dag til disposisjon la vi ut mot Erkna.

Godt vant med t-skjortepadling!

Beinstrekk på Synesholmen - "vår" plastryddeholme. Såg reint og fint ut førebels!

Vakkert! Nesten kunst?




Erkna - klassisk og vakkert fyr - fantastisk øy! 

Luksuslunsj! 


Vi traff på fyr-forpaktaren som var både lei seg og sint denne dagen. Fleire sauar låg sprengt på marka, truleg jaga av hund. Det kom folk for avliving medan vi var på øya. Det minste ein kan forlange av folk som oppsøker slike perler, at ein oppfører seg som gjest, med sporlaus ferdsel og omsyn til dyr, fuglar og planter. Trist. 

Nøgd fyrturist! 

Sørvest mot Runde og Stad

Innover mot Giske og Ålesund. Interessante skyformasjonar heile dagen, og skikkeleg lummert drag i lufta. 

Nordaustover


Panorama

Fin padletur og herleg feriedag i ope landskap! 

24 km tur (logg frå Roger)

Siste krampe i Gjøsundet: 
Når ein er stor i kjeften må ein rulle store kajakkar...(Video frå Roger). 
Fordelen når det går bra er at stafettpinnen automatisk vert sendt vidare til neste mann :) 

mandag 2. april 2018

Påskepadling til Erkna fyr

2.april 18. Vi vakna til kvitt landskap og så tette snøbyger at vi ikkje såg handa framom oss. Vi utsette starten eit par timar og kryssa fingrane for at yr hadde rett. Det skulle skine opp. Det snødde framleis tett då vi køyrde utover mot Vigra, men før vi var klare til å legge ut kom jammen sola!  Planen om Erkna vart difor iverksett etter ei kort rådslagning. Her er det villsauar som lammar og fuglefredning med forbod mot å gå i land etter 1. mai. Turar hit vert då enten tidleg på året eller ut over hausten.

Påskepadling! Vi kunne gått på ski på Blimsanden då vi la ut. 

Eg veit jammen ikkje om eg har sett holmane utanfor her så snødekte som i dag. 

Erkna i sikte og havørn på sjømerket. Dette vert ein bra dag!

Innafor oss gjekk snøelingane tett og Vigra forsvann etterkvart heilt. 

Framom oss låg det dansande dønningar og eit mesterverk bada i sol. Erna med fyret. 

Både Erkna og medpadlarane forsvann i bølgedalane, og eg padla rett som det var med lause hovud i sikte. 

Slike bølger forsvinn på bilde, men det var herleg å kjenne på slik rørsle i sjøen att. 

Framme! Det var mykje drag i sjøen ved landinga mot aust, så vi sette kursen mot Hestevågen. 

Erkna fyr - eit av dei vakraste eg veit.


Veldig glatt på berga, og det vart litt drama med ein ankel. Truleg ikkje brot, og etterkvart var ankelen i alle fall haltbar. Det farlegaste vi gjer som padlarar er faktisk å gå i land...




Så nøgd er eg med å vere på fyrpåsketur!

Storholmen! Ser så nær ut, lett å bli lurt..

Vi sneik oss rundt hjørnet for å få maksimalt ut av påskesola

Påskefyrturistane! Vi vart sittande alt for lenge. 
Trong ikkje dunjakke, trong ikkje vottar! No er det vår, tiddelibom!

Eit hint av Italia - langt ute i havgapet.

Padlarar på snødekt mark på Erkna, sjeldnare enn pingvinar i Antarktis

Måtte rulle. Vrangsida var vrang. Ikkje så kaldt i sjøen, men utruleg salt!

Aprilrulle i boks, i alle fall på godsida

Sjøen hadde stilna då vi for inn att. Silkeføre. 

Adjø Erkna - for denne gong! 

Eventyrlege Erkna forsvinn bak oss. 

Silkeføre

Dei siste kreftene vert brukt til å bere og sjaue på land. 

Takk fur turen! :) 

13,5 km t/r

søndag 27. august 2017

Utom Erkna - rundt Dyngja

27.08 Varmt, overskya og stille. Jason og eg for til Erkna. Lite brott og bevegelse denne dagen, så vi padla langt forbi Erkna til holmane utanfor. Sjeldant å komme inn mot Erkna frå vest! Beinstrekk på fyret med 360 graders utsikt og ørnebesøk.

Dyngja

Når ein må padle innover att til Erkna - då har ein vore i havet!

Erkna fyr

Fyrsafari


Mot Raunen


 
Kart. Turen var 16,5 km

mandag 1. desember 2014

Erkna i novemberlys

29.11 - Eg trur ikkje eg orkar å padle i helga, var min første beskjed til Mildrid på telefonen..  - Hm. Neivel. Kva med Erkna då?, svarar ho. Omlag på dørstokken min, passeleg lang/kort tur. Alternativet var vel adventsvask (nyttig nok) eller julegåveshopping på Moa (og DET gjer ein ikkje frivillig på ein laurdag). - Eg er med!

Stø kurs mot Erkna

Novemberlys er fint

Litt skvalpesjø over. Dønning og vind frå kvar sin kant gjev merkelege effektar.

Ørnefotografering på yttersida. 

Her som det ofte kan vere litt ruskete var det stilt og roleg.

Landing gjekk fint ved moloen

Ei anna verd?

Villsauene var på sletta, og fyret såg ut som ein festning eller eit lite slott frå denne vinkelen. Om ein no skulle prøve seg som fyrvaktar på ei aude øy, så er nok ikkje Erkna den dummaste.

Storholmen der ute. Hårete mål for 2015?

Giske, Ålebyen og Sykkylvsfjell. Vakkert innover landet og.

Fyrmeisterbustaden. 
Litt mindre slott og festning herifrå. Meir fura, verbitt og standhaftig. 

Erkna fyr - og utsikt mot Runde. 

Mildrid har ein draum om å padle frå fyr til fyr her ute. Real-lunsj i le-veggen på fyret. Fantastisk havutsikt. Finfin novembertemperatur. Fleire plussgrader. Godt med dunjakke, men greit å sitte ein time. Ekstra koseleg med ein god rast på denne tida av året.

Som vanleg frå Erkna, flott solnedgang på veg innatt.

Stor dønning i ryggen gav oss godt driv. 

Synnes

På Blimsanden var det små men veldig fine surfebølgjer. Det vart ein liten halvtime med surf og leik før skyminga var i gong.

Flott tur - takk for drahjelpa og ein super dag på sjøen, Mildrid!

15 km totalt

Erkna er fuglefredningsområde med ilandstigningsforbod på sommaren.