tirsdag 4. september 2012

Kystkultursamling - Herøy

Herøy kajakk klubb er ein driftig og sosial gjeng. Så eg let meg (lett) presse til å melde meg på samling og kurs 1.-2. september sjølv om det eigentleg ikkje passa inn i høve jobb og reising både før og etter.

Herøy gard er museum og ei  perfekt ramme for padletreff. Deltakarane seig på utover fredagen, med meir eller mindre nervar, forventningar og gjensynsglede.


Fredagskvelden var blikkstille, full av knott og med spennande filmar frå Are Pilskog. Han var der og fortalte om filminga og erfaringane, og eg måtte nesten be om autografen. Sildefilmen har eg sett før, men den er vel verdt å sjå igjen! Link til sildefilmen. Vi fekk og sjå padling med flaggermus i Tafjorden.

Tor Inge hadde vett til å ta seg ein padletur

Hyttekollektivet på Lanternen bestod av folk som skulle på turpadling, rull og tull, grunnkurs ung og aktivitetsleiarkurs. Askvollbesøk. God stemning på hytta. Laurdagskvelden fekk vi verdas beste kvalgryte. Trivelege folk. Padleprat. Ubegrensa med kake. 

Kjell testar nærparkering

Eg har ikkje bilder frå kurset. Aktivitetsleiarkurs er krevjande. Først og fremst fordi eg vart konfrontert med eiga utilstrekkelegheit. På mange nivå. Omlag alle nivå. Mykje frisk luft, mykje slit (frisk bris - knapt tre stjerners forhold) og ein hjerne på høggir som ikkje klarar å omsette til rasjonell tanke og handling. Mykje læring.

Vi bestod kurset, og eg har oblaten som bevis. Det betyr ikkje så mykje. Ikkje endå. Eg reiv mi eiga list på nokre viktige punkt. Kva padleforbundet står for må dei bestemme sjølv, men eg må også stå for mine eigne krav. Så med ein veldig god ballast tek eg eit par steg til sida og tek sats på nytt.

Takk til Sygni som pressa meg til påmelding, Dag som var ein eksepsjonelt flink kursleiar og dei 3 andre kursdeltakarane som i stor grad bidrog til læringskurva mi i helga.      

Kystkultur..

1 kommentar:

  1. "Sikker padling krever øvelse" står det på mitt våttkort. Og det er vel det det handlar om, sjøl om ein har fått eit oblat til. Men no er du endå meir bevisst på kva DU må øve meir på, og det tenkjer eg er halve vitsen med eit slikt kurs. Dessutan stiller eg som prøvekanin og forsøksobjekt kor tid som helst :)

    SvarSlett