1) Vi kjem oss ut (Frisk luft er betre enn Dagsrevyen)
2) Vi kjem oss ut på nye plassar (Artig og dels spennande)
3) Vi kjem oss i form? (Verknaden lar merkeleg nok vente på seg..)
I alle fall - her er "Best of" turmålpostane - eg har no vore på alle i Ålesund (og vi er godt i gang med dei på Sula).
Sist og høgast! Ursfjellet/Vasstrandegga (561 moh). Høgaste punkt i Ålesund kommune ligg rett ved toppen. Sjølve toppen ligg nemleg i Skodje kommune..
Utsikt frå Vasstrandegga mot Ålesund og Godøya.
Langevatnet. Haustvibbar. Beviset på at det ikkje bles alltid.
Godt skilta er det stort sett. Myklebusthornet var eg på i fjor og, men no gjekk eg ein anna veg. Turmålspostar = lommekjent.
Maulings på Myklebusthornet
Alternativ rute ned frå Sukkertoppen, Trollråsa. Anne Marte og Kalle var med. Her kjem vi rett ned på posten ved Tueneset - det er med andre ord "ein dobbel". Mykje meir spennande enn å gå den vanlege stien nedatt.
Holsfjellet. Ei perle! Bergrabbar og furuskog.
På dei fleste postane er det bøker i tillegg til kode.
JUMP - på Holsfjellet. Anne Marte har stor tolmod og forståing for hoppebilde.
Kvervaksla - før forviklingane
Vi er godt kjent på Kverve. Det er vel ingen som har gått så langt for å komme ut til posten ved lykta som oss. Eg har lært at det er ein grunn til at det ikkje er merka sti på kartet. Som regel er grunnen at det ikkje er ein sti, til dømes fordi det er eit loddrett stup. Anne Marte har lært at ho ikkje bør stole ukritisk på kartlesar/stifinnar. Vi var begge einige om at det var ein fin og til slutt passe lang tur. Etter dette har vi tilfeldigvis alltid hatt med vatn og naudproviant på alle turar.
Høgkubben med Beate. Vi var kledd for sommar. Det hagla.
Borgundgavlen. Fin utsikt inn til byen.
Østremsetra
Borgernes vei, Lillevatnet og Hatlåsen (DYTT-fellestur) uten kamera. Per Ove guida på Hatlåsen og det var utruleg kjekt å få "innside information" frå ein som var oppveksen i området. Bjønnalogen og Geitnausta (DRITLANGT!) utan batteri i kamera.
Fine kveldsturar, varierte turmål og alltid utsikt som imponerar! Turmåla i Ålesund kan anbefalast.
Vi har og utforska turmålpostane på Sula i løpet av sommaren
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar