mandag 8. juni 2020

Juninatt i naturen

5.-6. juni "Nettverk marin forsøpling Sunnmøre" inviterte til ryddedag i Ellingsøyfjorden. Det fann vi fort ut at burde kombinerast med hengekøyetur og padling. Nokon tok grunnkurs i padling i fjor og slik kompetanse må som kjente haldast ved like.

Det var ikkje så enkelt å parkere og legge ut som vi hadde tenkt - i alle fall ikkje der vi hadde tenkt. Om enn litt seine, så kom vi oss ut på fredagen og fann ein perfekt leirplass. Ved, tre til å henge køyene i, enkelt å gå på land - og faktisk på avtalt øy for rydding!

Det er noko med desse sommarkveldane. Eg får generelt lakenskrekk i juni, og panikk for å ikkje nytte kveldane fullt ut (og påfølgande søvnunderskot...). Sommarkveldane er så få, det er så fint å sitte utover i skumringa og heilt mørkt vert det ikkje. Og det er akkurat slik dei helst skal nytast. I godt lag og utan tidspress.

Endeleg på sjøen att!!


Rosa kveld. 

Evig blåtime (Foto Synnøve)

Vi hadde toppa laget denne kvelden, så det vart både nye historier, bursdagsfeiring og diktlesing ved bålet. 

Junikveld
Vi sitter i slørblå junikveld
og svaler oss ute på trammen.
Og alt vi ser på har dobbelt liv,
fordi vi sanser det sammen.

Se – skogsjøen ligger og skinner rødt
av sunkne solefalls-riker.
Og blankt som en ting av gammelt sølv
er skriket som lommen skriker.

Og heggen ved grinda brenner så stilt
av nykveikte blomsterkvaster.
Nå skjelver de kvitt i et pust av vind,
– det er som om noe haster …

Å, flytt deg nærmere inn til meg
her på kjøkkentrammen!
Den er så svinnende kort den stund
vi mennesker er sammen.
 Hans Børli

Foto: Synnøve

Det vart ei fin natt. God temperatur (tosifra!!) og ingen mygg. Eit par regndropar kom det, men det gjorde i grunn ikkje noko. 

Mildrid med proff-oppsett

Først rydda vi stranda "vår"

Idyll, men innimellom låg det plast og søppel. - og ein flaskepost! 

Denne strekninga vart rydda...

Fem sekkar, rør og diverse større greier. Mest isopor og gamal udefinerbar plast. 500 meter, fire personar, ein time.  

Deretter fann vi nettverksgjengen, drakk bålkaffi og rydda litt meir. Dei hadde funne ei forsøpla rekvik på vestsida, så det var dessverre nok å ta av.  Lauvblåsaren var med for utprøving. Det er mykje smuldra plast og småbitar - overalt. 

Kan den her brukast til noko lurt?

30-40 sekkar? 

Blanda kjensler. Mykje er rydda, mykje ligg framleis att. 

For å kome i kontakt med ryddenettverket, ta kontakt med Runde Miljøsenter eller Sunnmøre friluftsråd. 

Link til alle "Natt i naturen"-turane våre i 2020

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar