fredag 26. juli 2019

Sommarsurf og sydenstemning på Stad

25.-27. juli Sommaren ville ingen enda ta! Vi hadde fri og nordvestlandet låg tilgjengeleg. Anne hadde flykta frå 30 varmegrader på Austlandet - berre for å komme til 30 varmegrader i Nordfjord. Til og med heilt ute i Ervika på Stad var det sydenvarme!

Klar for surf!!!

Flatt hav og open horisont! Slik var det ikkje då vi for over her forrige veke 

Litt venting, men fine bølgjer innimellom. Strand, sanddyner og flott natur!

Kyrkja og gravplassen rett inn. Her har det vore forlis og dramatiske hendingar før


God stemning! 

Det vi trudde var eit skjer viste seg å vere vraket av M/S Emsland. 

Lasteskipet «Emsland» vart i januar 1944 bomba utanfor Ervik. Skipet vart sett i land på Erviksanden. Det var lasta med kol som bygdefolket forsynte seg av. Ein kan framleis sjå vrakrestar etter Emsland på sanden. 


Dagen etter var det om mogleg flatare hav og enda varmare. Anne og eg bestemte oss for å padle innover mot Hoddevika og sjå nærare på grotter og fjellformasjonar. 

Kule formasjonar. Mykje geologi!  

Det var for mykje dønning på utsida til grottepadling, og godt drag i sjøen. Utruleg flott å padle inntil likevel. 

Vilt, rått, vakkert!!! 

Store landskap og steile veggar

Er det lurt å padle innunder her då skal tru???


Kink i nakken. 

Det var mykje ørn som segla rundt oss på varme vindar i fjellsida. Vi fann ut at Hoddevika var innafor rekkevidda, og det freista med ein beinstrekk og friskt vatn. 

Hoddevika! Yrande folkeliv og veldig veldig varmt!!!

Beinstrekk og vatn vart det. 

På heimvegen fekk vi spørsmål om vi skulle til Shetland. Men det vart tilbake til teltet i Ervika. 

Ny dag - ny surfeøkt!! 

Dagger stratos'en til Anne. Eg fekk teste denne siste økta. Skikkeleg artig kajakk!!! 

Anne surfar lett i Ilagen og! Kulare enn å surfe med full grønnlandspakke vert det ikkje!

Under vatn var det og rikeleg med vennar. Eg trur dette er den silen som har vore så talrik langs heile kysten i Sør-Norge i sommar. 

Restane av kolskipet Emsland. Dette vart eit greit me og fastpunkt for å vere i god posisjon til surf på innsida. Det var berre ein hake med det...

Resten av skipet låg og i bitar og delar  innover sanden, passeleg djupt til at ein ikkje ser det så godt, men passeleg grunt til at ein kan hekte seg i det. 


Vrakdelar stikk opp av sanden.


Slik såg skipet ut: 
MS Emsland bomba og sett på grunn i Ervika i januar 1944. Skipet var lasta med kol, som vart brukt lokalt av bygdefolket, og truleg var kjærkome utover seinvinteren. Kjelde: Allkunne.no

Padleturen vart totalt 18 km. I tillegg kjem alle timane med fin surf i Ervika! 

1 kommentar: