onsdag 17. juli 2019

Dag 5 Forb...Frøysjøen

17. juli.  Naboen hadde vinka oss avgarde før start med eit smil og ein kommentar om "..to rustne damer..". Kjensla dag 5 var at skrotten var aldeles fastrusta. Det tok minst eit kvarter frå eg prøvde å lee på meg til eg faktisk klarte det.. Vi låg på skrå over røter og lyng. 4 dagar med padling hadde sett spor. Lang frukost og litt yoga gjorde heldigvis mirakel. Vi mangla kart for litt av strekninga ut fjorden, men anslo det til ca 5 kilometer. - I dag vert det ei kort etappe på eit par mil, tidleg kveld - og kanskje båling! Sidan det var sol, og Frøysjøen er veldig oversiktleg reint navigasjonsmessig, gadd vi verken sjekke vermelding eller elektroniske kart. Og det var truleg like greit.

Huset i skogen

Fastrusta

Dei første blåbæra for sommaren

Lunner og lirking - og vi kjem oss lett på sjøen

Hornelen - og vi sendte nokre tankar til Astri og Gro på topptur! Det såg ut som utsikta ville bli bra! 

Vi padla ut i Frøysjøen. Brei fjord - så langt ein kan sjå. Utsikt mot havet i vest. Gråe fjell på begge sider. Motstraum og frisk  bris midt i fleisen. Det varierte mellom ca 5-10 m/s krydra med litt fallvindar frå fjella. Vi padla oss roleg ut av kartet, og var klar over at det mangla ein bit før neste kart. Og vi padla og vi padla, og vi padla. Det er ikkje det at det er så stygt her, men det vert keisamt og einsformig i lengda. Etter 2-3 timar måtte vi ha beinstrekk og kom til ei "bukt". Kan det vere at vi er inne att på kartet vårt no? Det tok ein time å krysse bukta med ein forferdeleg rotete straumsjø. Vi rota oss i tillegg inn i eit oppdrettsanlegg (huff og huff). Eg måtte ause kajakken min og Nina fekk nesten ein velt då vi låg i le bak ein stein for lensing/snack. Flaksen var brukt opp. 
Difor finst det ikkje bilde frå Frøysjøen. Frøysjøen var ikkje noko høydare, reint padlemessig. Det vart brukt banneord. Her kjem eg aldri til å padle att. 

Vi gjekk i land, venta og lagde skikkeleg middag. Italiensk pasta/pesto/parmesan-snadder. Nina mumla noko om at det ligna på fjella i Svelgen. Og det fekk vi stadfesta. Vi hadde på ein måte gløymt heile innseglinga til nord- sør - og midtgulen med omkringliggande herlegheiter.  
   
Inn mot Svelgen. Note to self. 

Etter å ha lada opp med mat, sol og beinstrekk la vi ut på nytt. 

Mutt medpadlar hadde vi begge. Forsåvidt god stemning oss i mellom. Men vi hadde ei høne å plukke med Frøysjøen. Vi padla vidare med motvind, og langt om lenge kom vi til den bukta som vi hadde på neste kart. YESSS!!! No har vi kontroll att. Vi hadde ikkje peiling på kor langt vi eigentleg hadde padla, og var drittlei vind. Så i første og beste småbåthamn vart det beinstrekk og oveting med sjokolade. 

Gardsvika ved Botnane

Det var allereie blitt kveld, og den tidlege kvelden med båling osv osv som vi hadde fabla om til frukost kunne vi berre gløyme. Vi ville ikkje vere akkurat her, og eigentleg ville vi til Kvannhovden. Vermeldinga sa at det skulle stilne. Og medan vi åt opp resten av sjokoladeplatene så skjedde akkurat det som yr spådde. Vinden og sjøen la seg og skydekket sprakk opp! Flaksen var tilbake!  

Vi runda neset og fekk sjå kjente formasjonar! Aldri har vel nokon jubla høgare over eit glimt av Kinnaklova. 

Vi vart einige om å krysse over til Hovden, og sjå etter teltplass. Det vart silkeføre, solnedgang og ein flokk med niser leika rundt oss. Humøret steig og vi bestemte oss for å ta dei siste kilometrane ut til Kvannhovden i tillegg. Nina har vore her før, så ho hadde kontroll på landing og teltplass. Nytt fyr for meg. Nokre kilometer frå eller til...!
  
Øya Hovden




Det er i havet vi kjenner oss heime. Utover var det stilt. Lange, låge, seige dønningar. Opne horisontar. Ferdige med fjordpadlinga. Flott havpadling på yttersida fram mot midnatt. 

Kvannhovden fyr! Nytt fyr for meg! #fanfare

Bratt rullesteinsstrand. Skumring. Fulle kajakkar. 

Vi landa på stranda 23.50. I god tid før midnatt med andre ord. Vi måtte tømme kajakkane medan dei delvis låg i vatnet for å klare å bære dei opp. Men det gjer vi. Effektivt. Utan mykje styr. Dette kan vi. Slik er livet for to rustne damer på tur. 

Kvannhovden by night

Dag 5 - raud markering. 28 kilometer - ca 18 av dei i betydeleg motvind - på ein litt dårleg dag.

Læring: 
Det er lurt å ha kart for heile vegen, eller sjekke elektronisk. Å lage god middag i staden for å padle i motvind er kjempelurt. Vinden varer sjeldan evig.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar