lørdag 13. juli 2019

Langtur! Dag 1: Valderøya - Borgarøya

12.-13. juli Nina og eg hadde sett av ei felles ferieveke langpadling. Plan A, B og C i ulike landsdelar hadde vore diskutert i løpet av våren. Vermeldinga såg lovande ut for plan A - så vi starta heime hos meg på Valderøya med kurs sørover. Mange potensielle utfordringar låg framom oss, og vi hadde open retur. Ingenting skulle bevisast, vi skulle ha det kjekt på tur og komme så langt sørover som vi rakk.

Dette vart 1. etappe

Kvelden før. Vi hadde kart over mesteparten av strekninga, så vi har vore både her og der tidlegare. Då har vi stort sett plukka dei finaste plassane og køyrt bil så nær som mogleg. No skulle vi i tillegg padle strekka i mellom. Stovegolvet gjekk med, og ekspedisjonskjensla seig på. 

Laurdag føremiddag pakka vi om frå yogacamp og fjelltur. Timane gjekk fort, og ideelt sett skulle vi hatt ein dag til å omstille oss på. Samordning, handling og pakking tek tid. Meldingane framover viste vervindauge for padling på Stad mandag og tirsdag, og vi ville vere i posisjon til det. Så då var det berre å komme seg avgarde.    

Kor mykje stæsj er det plass til i ein kajakk??

Nesten alt fekk plass - og vi er klare for start! Klokka 16.30 la vi ut. 

Bris frå nord gav oss ein god dytt i ryggen frå start.

Første etappe bestod av kryssing, kryssing og kryssing, før forsering av Hareidlandet med bratte fjellsider.  

Akvariet og Sukkertoppen frå sjøsida. Litt snirkling, for turistar ville vi vere på turen. 

 
Det er mange måtar å reise langs kysten på. Vi hadde den første snack- og tissepausa på Eltraneset, medan andre turistar for nordover med Hurtigruta. 

Mot Kvitneset og Hareidlandet. 
Vi ser ut Breisundet, mot Runde og dei andre øyene i Herøy

Kryssingane gjekk fint. Det var meir rotesjø langs Hareidlandet mot Flø. Bratte, flotte fjellsider, men lite nytt  å sjå og ganske langt strekk. Spruttrekket mitt viste seg å ikkje vere tett nok. Lågt fribord og lange medsjøar som la seg kring midja førte til at det seiv inn vatn. Vi kom til Flø, og var igrunn slitne. Ingen innlysande teltplass utanom campingen. Nina skar igjennom - vi padlar litt til. Sidan vi var seint ute så lei det mot kveld. Vi sette kurs mot Borgarøya og friområdet/museet der. Etter timar med retursjø og rotebølgjer i Breisundet var det veldig kjekt å småsurfe sørover i Ulsteinbassenget. Frå øy til øy i blåtimen, med vind og sjø i ryggen.  

Midnatt. Ikkje akkurat villcamping, men effektivt og greit. Vi droppa middagen, heiv innpå nokre skiver og køya. Godt nøgde - i posisjon!!!

Frukost i solveggen. Vi såg fort at temafargen for turen vart lilla...

Fine Skim-kajakkar! Vi fekk plass til alt denne gongen og. 

Borgarøya - perle i Ulsteinfjorden, absolutt verd eit besøk!

Verdata frå Vigra laurdag 13.07

Lærdom dag 1: 
Det er ikkje lurt å pakke kajakkane SÅ fulle på langtur. All pakking tek nemleg då urimeleg lang tid. Endå betre samordning og å redusere ting og tang til eit minimum er ein stor fordel. 
meir kritisk funksjonstest av utstyr på førehand: Spruttrekket som tok inn vatn vart ei unødvendig plage for meg heile turen. Sjølv om det var dette trekket eg hadde brukt jamnleg til alt det siste året, vart det annleis når kajakken låg djupare i vatnet.
Jamnlege snack- og beinstrekkar er lurt!       

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar