fredag 19. juli 2019

Dag 7 Frå Sagaøya Kinn til eventyrleg sommarnatt i Smelværet

19.07 I strålande sol og meir enn rikeleg nordavind viste Kinn og skulestova seg frå godsida. Padling var uaktuelt før langt på dag på grunn av vinden, og vi la ting til tørk eller på lading og kobla inn feriemodus. Rusle ein tur, sitte i solveggen, gjere litt yoga. Kvalitetstid.


Skulestova som no er DNT- hytte

Landeveg. Sjeldan vare. Reksta og Rognaldsvågen rett over fjorden. 

Ytterøyane fyr, med litt zoom. 

Kinn kyrkje og Kinnaklova. Symbol og samlingsplass i mange hundre år. Magisk plass, og her vert Kinnaspelet sett opp i slutten av juni.
  
Kyrkja var pakka inn for oppussing. 
Kinnakyrkja er bygd i stein, truleg ein gong på 1100-talet. Det er den eldste og einaste i sitt slag i Sunnfjord, og eit av dei flottaste mellomalder-monument på Vestlandet.   (Sitat Fylkesarkivet Sogn og Fjordane - og link til meir informasjon)
Eg vart etterkvart rastlaus og ville avgarde. Det skulle ryddast og pakkast, og det tek minst like lang tid å komme seg ut av ei turisthytte som å pakke ned telt. Det skulle ikkje stilne før til kvelden, men vi ville gjerne vere i posisjon til å krysse Stavfjorden når det stilna. Stavfjorden er den lengste opne kryssinga på heile turen. 

Idyll i hamna på Kinn

Det var friskt over til Rognaldsvågen. Der for vi på butikken og fylte på vatn, åt is og somla. Her har dei både reint og rikeleg med vatn, så vi fylte opp. Nina traff kjentfolk! Verda er lita..

Idyll i Rognaldsvågen

Vi padla austover på nordsida av øya, for å få mindre sjø og vind. Nokre kilometer lengre padling betydde ikkje noko for oss - i alle fall ikkje der og då. 

Snirkling i medvind på nordsida av Reksta

Jamn og roleg padling med regelmessig beinstrekk og mat. Vi hadde fått dreisen på det no. Tilpasse ver og vind, legge til rette for å bruke minst mogleg krefter. Finne le, finne medvind. 
   
Nina fekk mest blemmer, men vart etterkvart ein racer til å tape fingrane. Eg slapp billegare unna på denne turen. 

Første kryssing var Rekstafjorden over til Askgrova. Det var mindre vind, men ikkje heilt stille, og litt skvalpesjø. Det kom fleire supplyskip ut frå Florø, men heldigvis passerte dei før vi skulle over.  

Rekstafjorden

Snirkling ved Store Stårøya

Blikkstille innimellom holmar og skjer - Store Stårøya

Det stilna meir og meir, men øyane som vi hadde forlatt låg framleis med skoddedotten på. Fantastisk lys 

Vest for Askgrova er det flott å padle! Sandbotn, open horisont og litt holmar, skjer og sund. Dei kjente siluettane av Tviberg og Alden bakerst i horisonten. Kjente og kjære. 

Beste vestkant på Askgrova

Beinstrekk II. 
Det var ein så fin kveld, vi var i posisjon, vinden stilna. Deilig å vere på tur, og bittelitt vemodig at turen snart var slutt. Sjølv om eg prøvde å ikkje kjenne for mykje på det. 

Pippi - Skim differ (karbon)- fantastisk turkajakk


Beinstrekk III


Kveldsmat på Tansøy

Det hadde stilna heilt der vi var, og vi ville prøve på Stavfjorden.

Kulaste brua eg veit om!! Trykk på knappen og den legg seg ned. 

Tansøyløva!! Denne har eg sett før!! (Heiter eigentleg Mensholmen)

Det var lite vind, og vi la ut etter ca kompasskurs og berekna 1,5-2 timar over. Det var drøye 10 kilometer over til Smelværet og vi såg ikkje verken øyane eller husa der ute då vi starta. 

Kula i havet! 

Det vart ein aldeles nydeleg solnedgang i løpet av kryssinga. Det var framleis vindbølgjer og 4-5-6 m/s motvind ute på fjorden. Stavfjorden skal ein ikkje kimse med.  

Her passerar vi kommunegrensa til Askvoll (ca). Markering på ope hav!

Det er mogleg at vi vart litt distraherte av å (snart) komme heim/i mål. Omlag midt på fjorden såg vi begge to husa i Smelværet heilt tydeleg, litt meir sør enn kompasskursen vår, og la sjølvsagt om kursen. Etter ein ny halvtimes padling ante vi ugler i mosen. Det einaste som kom nærare var Staveneset, og "husa i Smelværet" var framleis langt unna. Etter 10 minutt mistenksom padling, såg vi brått Smelværet nesten rett til høgre for oss! På same tid kom eit stort cruiseskip sigande ut av Granesundet. Velvel. Vi var altså lenger unna målet, og langt nærare skipsleia enn vi hadde tenkt. Vi tok fadesen med ro, endra kursen, og no var vi sikre på kva vi såg. Etter 1 time og 45 minutt var vi ved Kråka. Eg hadde kajakken halvfull av vatn og var litt kald, og måtte ha flåte og pumpestopp. Nina hadde vondt i ei skulder og i dei tapa fingrane. Kanskje det var greit at eventyret nesten var over? Blåtimen denne kvelden var evig lang og magisk. Det vart ei sjeldan flott sommarnatt på fjorden. Det var likevel meir enn greit å komme innimellom holmane i Smelværet.   

Det EKTE Smelværet i sikte.  

Det var stille i Smelværet. Halvhjarta, søvnige fuglar av mange slag gav nokre lydar frå seg. Folk i ein båt prata. Vi seig lydlaust over grunnene. Knotten beit då vi steig i land. Floa var på vår side, og Nina er lokalkjent, så vi fann landing og teltplass umiddelbart. 

Ettergløden av sola ville ikkje gje slepp. Horisonten var rosa gjennom nesten heile natta. 
Vi såg rett over til Kinn, og øyriket i Flora, sjølv om vi hadde brukt heile dagen på å padle derifrå. 

Månelyst i Smelværet

Brått vart vi vare på månen som stod opp i sør. Gul og rund spegla den seg i laguna, og kasta kvitt lys over hav og land. Sjølv om vi var stup trøtte tok vi fram stolane og grov fram salte kjeks og kvitvin frå kajakken. Kven treng TV når ein kan sitte midt i ei eventyrleg sommarnatt i Smelværet? Eg stritta i mot så lenge som mogleg, men til slutt måtte eg gje opp og faktisk gå å legge meg. 

Smelværet er på mi topp tre liste over dei aller finaste plassane eg veit.

Etappa for dagen vart 33 kilometer. 

Læring: 
Ta førebuing og navigering like på alvor i kjente farvatn som i ukjente. Rigg med meir lys uansett, når det er lange kryssingar, sjølv om vi ikkje treng det for å sjå. No hadde vi eit godt lys kontinuerleg på, og det var kanskje i minste laget. Bruk GPS i tillegg til kompass på lange kryssingar. Avdrift utgjer eindel. Stol på kompasset og ikkje på "trua". To som ser det same er ikkje noko garanti for at det er rett. Turen er ikkje slutt før den er slutt.
Rutina med regelmessig eting og beinstrekk i kombinasjon med jamn og roleg padling fungerar - alltid. På lange kryssingar, sjekk straum i tillegg til vind, og hugs at det tek litt lenger tid for sjøen enn vinden å stilne.

1 kommentar:

  1. Mye interessant lesing med gode råd. Jeg fulgte noe av den samme ruten på min tur i sommer og fikk se og oppleve denne flotte delen av vår kyst. Mvh. Kjell

    SvarSlett