søndag 14. juli 2019

Dag 2 Borgarøya -Haugsholmen fyr

14. juli Ny dag - nye moglegheiter! Optimistiske la vi ut på etappa for dagen, med håp om tidleg kveld og båling.

2 etappe vart 37 kilometer. Varierande bris frå nordaust gav oss optimale padleforhold. 
- og vi enda på avtalt stad til slutt. 

Herøybrua! Velkommen til YTRE SØRE SUNNMØRE! 

Hegrekoloni

Padling i Herøy er flott! Store og små øyer, bruer og sund, halvstore fjordar, og levande og historisk kystkultur side om side. 

Herøy gard

Kystkulturmuseum og stad for padlesamlinga til Herøy Kajakk Klubb

Varierande bris i sunda og blikkstille i le. Fin padling.  

 
Flåværet

Flåvær fyr - nytt fyr på lista til Nina! #fanfare

Sidan dette strengt tatt var ferie, så tok vi varm lunsj og lang pause ved fyret. Det var fint i le på solsida, og den gode turstemninga seig på. Matlaging, yoga, slumre litt i sola.  

Kokkelering..

Scampigryte!!! Knallgodt. Vi har laga den ofte på tur i lag, men no er det lenge sidan sist. Vi traff perfekt med ingefær, chilli og deilege smakar. 

Så er det berre å draume seg vidare sørover. 
Vi ser Sandsøya med Dollsteinen og deretter Stålet og Kjerringa på Stad i det fjerne.

Flåvær fyr
  
Taren er vår beste venn når vi skal dra opp tunge kajakkar. 

Bris i ryggen, solglir. Nye kryssingar sørover. Spor etter vikingar. Gravrøyser. Opne horisontar. 
Slik går no dagen. Litt motvind. Litt motstraum. 

Det var to hendingar som beit seg fast i minnet på dette strekket. Ein diger havert som dukka opp nokre få meter framom kajakken til Nina. Og ein tilsynelatande liten og grei fritidsbåt som kom på full guffe ut frå Gjerdsvika. Vi vart litt usikre på kursen, og stoppa opp. Framleis på full guff kom båten rett i mot oss. Det satt eit par småjenter på dekk framom glasa, og båtføraren fomla med eit eller anna inne i båten. Han suste forbi ca 20 meter framom oss, truleg utan å ha sett oss i det heile. Godt at vi stoppa heilt opp...

Vi kom inn på kjente trakter etterkvart, så det vert ikkje eit einaste bilde frå Sandsøya og Voksa. Vi sleit med motivasjonen og det vart transportpadling. Flott område, absolutt, men vi hadde på autopiloten og fokuserte på naudsynte ting som å få vekk kramper i leggane.  

Den tidlege kvelden vi hadde sett føre oss forsvann i det blå, og bål vart bytt ut med kveldspadling. Vi hadde stø kurs mot Haugsholmen fyr. Nina hadde sett fyret i timesvis før meg. Etterkvart vart motivasjonen stor for å komme fram.  

Velkomstkomitè av geiter på Østre Frekøy.

Vind og dønning sto inn frå havet. Det var skvalpesjø, kaldt og vanskeleg å gå i land ved Haugsholmen fyr. 
Området er naturreservat, men det er lov å gå i land på Frekøyene. Det var masse fugl og ein god del terner i området. Terner er det sjeldan eg ser. Vi bestemte oss for å dra tilbake nokre hundre meter for å campe på Storholmen. Då slapp vi å forstyrre fuglane, vi fekk ei slags strand å gå i land på og litt meir le for vinden.   

Då vi kom oss i land stilna det, myggen kom fram og kvelden vart til sommarnatt. 

Det var for seint for bål og akevitt, med tanke på at vi hadde planar neste dag. Så då vart det brødskive og rett til køys.   

Læring: Den som både somlar, kosar seg og padlar langt får lite tid til bål om kvelden...

Camp 2 på Kobbehaugen - viste seg å vere beste tomta i byen...

Stranda ved Kobbehaugen

Verdata frå Svinøy fyr søndag 14.07. 
Stemmer ganske bra med opplevd vind, sjølv om målestasjonen ligg mykje lenger til havs. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar