lørdag 20. juli 2019

Dag 8 Sjarmøretappa frå Smelværet til Askvoll

20.juli Smelværet er eit paradis på jord. Her er det naturreservat med ilandstigningsforbod på sommaren på øyene, med unntak av hovudøya. Inne i været er det ei grunn lagune, og her står til og med kajakkar fast på lavvatn. Ei natt og ein skikkeleg cowboyfrukost her, før vi padla inn til Askvoll, var perfekt avslutning på turen. Vi hadde eigentleg ein dag til "ledig", men med store mengder regn og gråver på meldinga passa det bra å runde av her. Neste strekk på ønskelista får vere Lindås - Askvoll.

Det var ein lummer og varm morgon. Vi hadde 360 graders utsikt til padleeldorado på alle kantar. Barbeint på svaberga. Teltet stod på beste tomta på heile turen. Fint, men og vemodig at reisa straks var slutt. Kvardagen og verkelegheita seig på, og vi starta så smått å orientere oss mot resten av verda. 

Lekkert! 

Beste tomta i "byen" - Sørover mot Askvoll og Atløy

Vestover mot Alden 


Dei innfødte var nyfikne, men snille, og let oss vere i fred. 



Utsikta mot nord - Kinn og øyene i Flora

Husa i Smelværet. Folk i alle hus i ferietida.

Vi kom oss i kajakkane før dei første dropane kom. 

Eksotisk lagunepadling

Nok vatn til å padle gjennom Vaulen på Heggøya

Vestlandsver. Så stilt at smekka angreip langt ut på fjorden.

Gode gamle Granesundet - for ein gongs skuld utan motvind. 

Når ein kjem sjøvegen nordfrå kan Askvoll sjå ut som ei fråflytta bygd etter atomangrep. Det er heilt feil. Både kommunen og sentrum er ei perle, med stor aktivitet og utruleg mykje kjekke folk! 

Gamle hermetikken. Bakom her var det Skjergardstreff og etterkvart konsert med deLillos denne dagen. 

Stasbygda! 

Kjell Kristian jobba dugnad på Skjergardstreffet, men såg oss då vi kom inn (Foto: Kjell Kristian). 

Godt nøgde med å vere i mål!!! (Foto: Kjell Kristian)

Vi seig innover til Øyra. Her starta mi karriere som padlar! Først med eit grueleg kaldt grunnkurs tidleg på 2000-talet, deretter med ny giv i 2010 saman med Nina og Odin m.fl. 

På Øyra! Flott sentrumsnært friområde og badestrand. 
Nina ringer etter sjåfør og henting. Ferda er slutt. 

Heime hos Nina venta hjortebiff og badestamp. Kjell Kristian skjemde oss vekk med godt stell. 
Det var deileg med luksusliv og - etter ei veke i telt og tørrdrakt. 

Takk for turen NINA! Dette var ei super ferieveke!! Eg håpar allereie på fleire langturar. 


Eg fekk haik med Odin på mandagen oppover til Sunnmøre. Det gjorde logistikken for meg veldig enkel - og det vart ein hyggeleg biltur nordover. 

Turen hadde ikkje vore den same utan hjelp og støtte frå: 
- Øystein, som medpadlar over Stad, 
- Gro og Astri, som ordna med luksusliv på Skongenes fyr, 
- Kjell Kristian, som back up sør for Stad og som ordna med festivitas og luksusliv i Askvoll
Odin, som ordna returen med eit smil
TUSEN TAKK!!!

I etterkant har eg fått spørsmål om kor mykje planlegging det var. Svaret er både lite og mykje. Vi planla lite i forkant av turen, kun ein del gjennomgang av kart, avstandar og moglege teltplassar. Men alle turane vi har tatt i lag dei siste 9 åra, og særleg året med teltprosjekt, har vore øving og planlegging. Vi har i ro og mak lært oss kva som fungerar og ikkje når det kjem til pakking, navigering, padling i ulike forhold og leirrutiner. Ting har sklidd lett på turen, fordi vi kjenner kvarandre og stoler på kvarandre, ikkje berre som venner, men i konteksten padletur.  

Lærdom: 
Vi har igrunn langtur inne, så det er berre å finne felles fritid til padling, og gjerne fleire som vil vere med! Det er inga ulempe å f.eks være 4 på tur i 2 telt (ref. berestropper). Nokre småting som vi kan vi hugse til seinare: 

Mindre bagasje! På ein slik tur vert det mindre tid i camp, dvs mindre behov for luksusgreier.
Bøkene vart ikkje lest, badehanddukane vart nesten ikkje brukt. Vi treng berre to store boksar gass på ei veke (no brukte vi opp ein, og starta såvidt på nr 2, men kjøpte dog nokre varme måltid undervegs). Betre samordning så ein ikkje har to av noko som helst. 
Vi drodla undervegs og fann ut at vi burde klare å redusere klede med 1/2-1 pakksekk kvar. Om vi var skikkeleg strukturerte. 

Det vert lite tid til å lade med solcelle, så det er nok betre med ein ekstra batteribank.  

Vi kan gjere endå betre utstyrssjekk på førehand, ref spruttrekk. 
Vasstette plaster til fingrane - ha med meir enn rikeleg av desse, for dei finst ikkje på dei lokale butikkane. 

Kart og kompass fungerte fint, men greit å ha med GPS likevel. 
Vassdunkar fungerte i grunn. Nok vatn er eit must, mykje dårleg eller manglande ferskvatn i ytre strok.

Det er berre to ting eg kjem på at vi burde hatt med; GPS, og ei reserveluke til dei ovale lukene. 

3 kommentarer:

  1. Mycket kul att få följa er på färden genom en del av den vackra kusten som du har fångat på fina bilder! Tack för kloka råd o tips du delar med dig av. Ser fram emot nästa paddling!

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt at du følger oss på ferden! Så får vi sjå kva som vert neste langtur. ;)

      Slett