tirsdag 16. juli 2019

Dag 4 - Restitusjonspadling frå Skongenes fyr og gjennom Skatestraumen

16. juli. Morgonlydar på fyret. Strekke seg i senga. For varmt i soveposen. Solglir gjennom gardina. Tusle barbeint rundt i sommarkle med kaffikoppen, småprate og la inntrykka av blomar, fargar og lukter strøyme på. Kjenne på barnsleg glede over at skrotten heng saman og fungerar! Denne føremiddagen var hovudet innstilt på somling. Hadde det vore vatn på fyret hadde vi kanskje blitt ei natt til. Det var tørke og vasslaust, Øystein skulle vidare, og vi ville jo eigentleg litt sørover per dag vi og, så kompromisset vart somling. Som slettes ikkje er å forakte på ein midtsommardag i havgapet.

Astri og Gro!

Fantastiske turvenner som stilte opp, handla, bar mat og drikke over fjellet, ordna middag og venta på oss då vi padla over Stad dagen før. Kan du tenke deg noko kjekkare enn å komme i mål til heiarop frå desse to? No var det dei som skulle stå for neste utfordring, med topptur til  Hornelen. 

Nes på nes på nes nordover mot Stad. Vi har padla forbi alle saman. God mestringskjensle!  

Landinga på Skongenes fyr. Kajakkane og Nina står heilt inntil fjellveggen. 
Ikke enkelt, men heller ikkje umogleg å komme i land med kajakk. 

Sommar på Skongsneset

Hyttevertane kom for å fikse vatn, og vi fekk etterkvart somla oss ferdige. Det var deileg å pakke ned tørr tørrdrakt og ta jobben med å smøre seg med solkrem. 

Teambilde! 
Siste økt for oss alle tre - på denne turen. Eit sammensveisa padleteam på berre eit døgn.
   
Padleferie altså! 

Eksponert farvatn var historie, no glei vi over grunne område med struttande tareskogar og stille sjø, med ein god bris frå nord i ryggen!  

Måløybrua, Hornelen stikk opp bak. 

Resten av dagen kunne vi ha kalt Hornelen rundt på alle kantar, men det kjem eg tilbake til. Først måtte vi dumpe Øystein - og det vart ein kort og grei avskjedsseremoni på første egna brygge. 

Ha det! 

Nina og eg for sporenstreks til sentrum og menga oss med båtfolket. Det var skikkeleg artig å treffe kjentfolk i hamna, særleg når dei ropte ut: -Der kjem Stad-padlarane!!!

Solbrilleshopping, fylling av vassdunkar og thaimat stod på programmet, og Måløy er ein perfekt plass for desse gjeremåla. Det vart tidleg kveld for vi sosa oss vidare.

 
Hornelen

Vi susar forbi Skavøypollen. Oldemora mi kom herifrå, og farmor og farfar hadde sommarhus her i mange år. 

Der ingen skulle tru.... kom det brått eit stort skip ut! 

Vi hadde lett bris i ryggen og medstraum. Ingen av oss hadde padla akkurat her før, og det var kjekt å sjå bygder, kystliv og sommaraktivitetar. Folk langs ruta vår dreiv med båling, grilling og fisking. 

Folk har busett seg på mange fine plassar i dette landet

Vi kom etterkvart inn i Skatestraumen. Medstraum i hovedløpet, og motstraum i små sund og krokar. Fasinerande. Korleis går det an å ha slik flaks med veret?  

Ut Skatestraumen mot vest. Lag på lag. 

Vi vert små, i stort landskap. Ikkje flust med teltplassar. 

Hornelen vart berre kulare og kulare, spissare og villare. 

Heftig vegg mot aust

Hyllefjella i Bremanger er typiske og spesielle. 
Vi såg inn til Vingen - der det er hellesristningar og strengt forbode å gå i land utan guide. Ein dag skal eg dit. 

Kjell Kristian hadde tipsa oss om teltplass på Hennøya. Eigentleg hadde vi padla nok, lenge før vi kom dit. Det var ikkje flust med teltplassar, så vi kom til eit punkt der vi satsa alt på denne Hennøya. Då vi runda sørausttuppen av Bremangerlandet og starta ut Frøysjøen klaffa det fantastisk med fallande sjø og framleis medstraum. Vi hadde ikkje greidd å berekne det betre om vi hadde planlagt i årevis. 

Klokka passerte midnatt. Svartstille sjø, blåtime og knott. Flott oppleving. Deileg å vere ute. Det hadde vore ein lang dag og vi var begge rimeleg klare for køya. Vi fann vika på Hennøya, som kanskje egna seg betre for båtfolk enn kajakkar, skremte vekk ein stor oter, og fann umiddelbart 1,8 kvadratmeter som var flatt nok til å hive opp teltet. Det var både ved og ei fin fjære til båling, men vi orka ikkje denne kvelden heller...    

Hennøysundet by night. 

Dag 4 vart heile 36 kilometer restitusjonspadling

Verdata frå Myklebustfjellet verstasjon denne dagen. Fjellet er truleg ikkje heilt representativt for fjorden, men sjekk vindretninga, som var i ryggen vår heile ettermiddagen...

Læring: Det er ikkje alltid flust med teltplassar i Nordfjord (men det visste vi jo..). 
Knallgod thaimat i Måløy (men det visste vi jo....)
    

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar