torsdag 18. juli 2019

Dag 6 Kvanhovden fyr til Kinn

18.07.  Vindstille og lummer morgon på Kvanhovden. Formen var fin, humøret var bra og vi starta med morgonbad og lang frukost. Planen var å dingle rundt på øya og fyret til nedbøren kom, som var meldt i totida. Då passa det godt å hoppe i tørrdrakta og padle oss gjennom regnet, til innandørs overnatting på DNT-hytta på Kinn. Øyriket i Flora er eit av dei aller finaste padleområda eg veit, og vi gledde oss begge til padlinga utpå dagen. No skulle det snirklast - og ikkje padlast spesielt langt! Endeleg!

Det er ikkje synd på oss på tur... Kaldt bad og varme egg og dadlar er ein god start på dagen!

Rullesteinstranda mot sør

Kvannhovden fyr ligg på ei lita halvøy som strekk seg mot vest, med eit smalt eid over til hovudøya Hovden. På begge sider av eidet er det rullesteinstrand. Det er verhardt på begge sider, men tilrettelagt for landing på nordsida, og truleg lettast både med båt og kajakk å komme i land der. Det som er ekstremt interessant og spennande på desse strendene er SJØLVE steinane! Det er umogleg å ikkje verte, bokstaveleg talt, bergteken av dei. Devonsk sandstein og konglomorat i mange fargar og fasongar. Her ser eit glimt av korleis elvebotn og havbotn ein gong har vore. Varierande vassføring har gjeve "årringane" i laga som er avsett. Her er det heilt runde steinar som har vore hardt behandla i lang tid, og mer kantete steinar som berre har vore erodert litt før dei vart kitta inn i bergarten for å vere der til "evig tid". På sandsteinane ser ein korleis bølgeslaga har forma sanda, og spor av bølgeslaga slik dei var for fleire millionar år sidan. Fasinerande!! 



Tydeleg lagdeling i steinen. Gammel elvebotn eller elvedelta? Periodar med flaum som førte med seg større steinar og periodar med stillare vatn der nesten berre rein sand hamna på botnen? Her er det berre å bruke fantasien.

Over eidet, mot Batalden

Utsikta frå Kvannhovden fyr

Fyrturistane

Lag på lag

Timane flyg i godt lag på kule plassar. Skydekket drog seg til. Vi pakka saman og var klare for avreise då dei første dropane kom. Flaksen heldt fram, og det kom to spreke turgåarar forbi nett då vi skulle legge ut. Med eit par hjelpande hender gjekk det som ein leik å få dei tunge kajakkane ut på vatnet. Ei av dei var til og med geolog (!), så ein kort og interessant samtale tok vi oss tid til.  

....furet, værbitt, som det stiger frem.....

Vi padla på yttersida sørover i stor roleg dønning. Vindstille og berre nokre få dropar. Flott padlever!  

Tilbakeblikk på Kvanhovden fyr. Sjølve fyret er kanskje ikkje så spektakulært her, men FOR EIN PLASS!!!

Fram med sydvesten for første gong på turen! 

Øyriket i Flora framom oss, og dagens mål i sikte; Kinn. Snackpause. 

Det skal ikkje mykje til før blomane klamrar seg fast. Sommarstemning! 

Dropane hadde fest. Det ploppa høglydt på alle kantar av kajakken. Slikt regn har eg berre opplevd i Sogn og Fjordane og Bergen. 

Nina er lokalkjent her og guida gjennom Vevlingen. Heldigvis, for eg hadde ikkje klart å finne passasjen ut i frå kartet. 

Smale sund og fin padling i Vevlingen

Vivendel (vill kaprifol) velta seg utover dei smala sunda og lukta himmelsk! 

Beinstrekk og lunsj på Fanøy. Vi let oss freiste til innandørs lunsj i kafehjørnet på butikken (som heiter Batalden landhandel, men ligg på Fanøy), og fekk varma opp ferdigpizza! Topp service! Sjeldan det er slik kost på tur - men timinga no var perfekt. Siste del av dagen hadde vi både regn og litt motvind, men det gjorde ikkje så mykje. Øyriket i Flora er vakkert sjølv på ein grå dag.   

Store og litle Batalden speglar kvarandre perfekt. 

Stø kurs mot sagaøya Kinn

Landemerket Kinnaklova

På Kinn landa vi i hamna. Endeleg kom vi i land relativt tidleg på kvelden! På kaia er det bagasjetraller, og Flora Turlag har si eiga. Vi lasta ut av kajakkane, opp i tralle og tok landevegen fatt mot det gamle skulehuset. Her er det bygd om til DNT-hytte med sovesal og eit soverom. Vi delte med ein liten familie på tre, som nett kom frå Botnane der vi hadde sjokoladeetingbonanza etter forb....Frøysjøen. Verda er ikkje så stor.   

Det vart ein hyggeleg kveld inne, med dusjing, lading av mobil og ein fortreffeleg bacalaomiddag. Det er verkeleg fantastisk at frivillige driftar slike hytter som vi kan droppe inn på når det passar. All ære til dei som brukar tid på drift og vedlikehald!! 

Nina hadde advart meg på førehand om vasskvaliten. Det var nesten ekkelt å dusje med vatnet som var brunleg med sterk myrlukt. Vi hadde med rikeleg med reint drikkevatn (og det går an å hente drikkande vatn ein anna plass på øya). Godt vatn er verkeleg ein avgrensa ressurs i ytre strok. Noko som vi smerteleg har lært på varme dagar på tidlegare turar.  

Koseetappe på 21 km

Læring: 
Hugs at det er dårleg vatn på Kinn! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar