May 10th. Wonderful day kayaking and lazing in the fields enjoying the spring Sunday. We were sightseeing on the island Skorpa in Herøy municipality. No one lives here permanently now, but a bunch of wild goats. The goal of the day was to find the summer barn that was used as a shelter during the second world war. Here refugees were hidden, waiting for their transport over the North sea to Shetland. More about this on : http://shetlandbus.com/ (Thanks to Chris for the link and the geografy lesson!)
Koparstad - flott plass å legge ut
Stad midt i bildet. Skorpa bak til høgre.
Padlinga ut i motvind tok ca ein time.
Sol og livd i hamna på Skorpa!
Lunsj og strekk i sola. Søndagskjensla breia seg i kroppen.
Kusymreland! Flotte og store tuer - overalt!
Skorpa sentrum - og innover fjorden
Nokre avskrekkande "Hornulfar" her ute.
Alle med horn, og 13 bukkane Bruse. Skal tru om dei berre har bukkar her ute? Ingen lam i sikte i alle fall. Link til info om Kystgeitstammene
Greit at dei berre snudde baken til - eg hadde vore svett om dei kom fnysande i full galopp mot oss..
Vi gjekk nokre smale geitestiar vestover på øya. Hyller i berget, men veldig greit å gå.
Flittige folk her ute, og store steingardar mot utmarka.
Svinøy fyr. Zoomen lyg, det er ca 10 km ut dit. Ein dag....
Hive seg i enga!
Vi fann kysymre over alt! Den lukta godt og vi fekk sommarkjensle og gode barndomsminne.
Skjønne mai-dagar!
Fine hus, i god stand.
Losheim og telefonsentral.
I hagen var det framleis ramslauk og frukttre som bloma. Her må det ha vore godt å bu!
Hamna i Skorpa
Vi hadde eit prosjekt på heimvegen: Å finne sommarfjøsen på austsida som var brukt som skjulestad under 2. verdskrig.
Skorpa var eit viktig kontaktpunkt for Shetlandsbussen og anna alliert, militær trafikk under andre verdskrigen. Øya var òg ein stad der agentar og motstandsfolk både møttest og søkte dekning. For mange som rømte til Storbritannia, var dette siste stoppestaden, og første for mange agentar på veg inn i Noreg (Kjelde Wikipedia).
Her låg hytta. Ikkje kjempelett å sjå, men heller ikkje vanskeleg å finne.
Det var mildt sagt bedritent å legge til med kajakk. Dønning i kampestein. Mildrid fiksa det fint, så eg kunne ikkje vere dårlegare.
Flott løe/naudbu.
Restaurert oppatt av Herøy Rotary tidleg på 1990-talet. Under krigen var det på det meste 30 personar her som venta på transport over Nordsjøen.
Heimveg..
Takk for turen! Super søndag - og god lading av slitne "batteri"
11,5 km padling.
Kule dyr, fine blomster. (y) Behøver ikke padle så langt bestandig, for å få fine opplevelser og turer.
SvarSlett