Viser innlegg med etiketten Pappa. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Pappa. Vis alle innlegg

fredag 19. desember 2014

Gran Canaria 2014

5.-12. desember. Familesydentur for opptining og sosialisering. Dei andre hadde to veker, eg berre ei. Veka vart litt amputert, fordi eg var sause forkjøla.  Vi fekk likevel sett oss rundt om på øya. Eg har spotta mange fine turområde og turmoglegheiter til seinare.

Deileg desember - Maspalomas

Fyr og strand. Mykje same konseptet som heime, om ein ser stort på det.

Kjempefine byrom med Bougainvillea i alle fargar

Sjølv om hovedfokus var latmannsliv, strand, god bok og 110% avslapping så er det greit i kikke litt på området. Vi leide bil og køyrde rundt på øya eit par dagar. Det er mykje å sjå på Gran Canaria, mykje natur og utruleg variert. Det er verd å droppe stranda nokre dagar for å få med seg meir av øya.  

Fjell og dalar. Mykje same konseptet som heime, om ein ser stort på det.

Sitrusslang? Freistande. 

Fataga. Dalen med dei 1000 palmene

Frå fjellovergangen til San Bartolome mot aust.

Dedo di dios ("Guds finger") ved Agaete

Papegøyeblomst (Strelitzia )

Dracaene draco (Dragetreet)

Vi stoppa i Jardín Botánico og den hagen var vel verd eit besøk! Hit skal eg tilbake med meir bakgrunnsinformasjon. Kanariske planter og planter frå heile verda. Utruleg flott tilrettelagt. Kunne nytast både som park, spasertur og med botanikkbrillene på. 


Kule kaktusar

Vill kaktus? Det er dei raude dingsane her som vi trur er opphavet til kaktuslikør, kaktusgele og liknande lokale produkt. 

NESTE gong vert det meir friluftsliv på sydenturen. Rekognoseringsturen var lovande og det er framleis store område på øya der vi ikkje har vore å kikka ein gong. Deileg med avslapping og artig med litt anna natur og planteliv enn det vi har heime til dagleg.

Det vart og ganske mykje imaginær surfing frå strandstol. Note to self: Sjekk ut kajakkutleige før neste tur. 


mandag 3. februar 2014

På glattisen på Harryvatnet

Søndag 2. februar. Skarsethelg med skeiser i bagasjerommet. Sjølv om det har vore plussgrader ei stund mistenkte eg Harryvatnet for å vere frose. Kanonveret som var meldt søndagen let vente på seg, gradestokken for til himmels og sterke vindkast prega formiddagen. - Vi må ha med kaffi, seier pappa bestemt, sjølv om vi andre tvilar på om det er råd å sitte så lenge nokon plass.

På veg utover i myra flyg det opp ei ørn. Og ei til. Brått er lufta full av store ørnevenger. Dei snirklar rundt oss og siglar innover mot fjella. Kva har dei gjort ved vatnet? Kvifor er det så mange? Det var i alle fall 8 stk.

Ørn. Havørn tippar eg. 

Fleire majestestetiske ørner - dvs dei prikkane som du trur er rusk er på skjermen. 

Vi var oppglødde og tykte det var ein fantastisk tur allereie. Sjølv om vi ser ørn jamnt er det stas å få dei nær og mange. Vi saumfor terrenget etter åtsel, men fann ikkje noko. Kvifor var dei akkurat her? Var det vatn dei leita etter?

Vi runda dei siste myrhaugane og såg utover Harryvatnet.

Bislett!! FOR EIN IS!! Gledeshyl og hurrarop. 



På med skeisene. Kjempeglatt is utan ruklar. Perfekt vatna av fønvinden. Knallhard is under. 
Karianne sjekka kor tjukk isen var. 20 cm is, og deretter 30 cm vatn før botnen. Trygt på alle vis...

Alltid lurt med kaffi. Det vart 12-13 grader og mild vind.

Når det gjeld skeisinga tok Karianne ansvar og dokumenterte ferdigheitene.. Så det er mine sprell som vert offentleggjort i dag. Pappa hadde og nokre interessante "moves" då han skulle demonstrere verdsmeisterstart på 500 meter...

Forsøk på kunstar

Kan dette gå?

Forsøk på opphenting - det KAN GÅ!

Nei, det vart for mykje tyngdekrefter..

Flott utsikt innover Skarsetfjella.
Frå venstre: Raudtuva, Lauvhornet, Skalten med snø bakerst og Tinden til høgre. 


Flott tur! Det er skikkeleg artig med skeiser. Verdsmeister eller ikkje. 

onsdag 26. juni 2013

Midtsommar i Skarvatnet

Midtsommarhelg. Dei lysaste nettene er NO! Vi hadde avtalt å gå i Skarvatnet om ettermiddagen. Regnet hølja ned frå morgonen av, og motivasjonen var dalande. Pappa skar igjennom; Vi skal no fiske litt.

Ikkje direkte lett å få fyr på bålet denne gongen. Men vi gav oss ikkje så lett.

Skal tru om det vert heit kaffi?
Mangelen på plan B (termos) var nok avgjerande for innsatsen med fyringa

Skarvatnet. Fisking. Ro i sjela. Her er det godt å vere.

Kva har vi her?

Karianne med dagens første

Pappa med dagens ca nr 10.

"-OIOIOI, dette er ein (skikkeleg) stor ein!" Det vart vel sagt på nesten alle nappa. Det viste seg at Skarvassauren anno 2013 var forbausande jamstor og igrunn ikkje så stor i det heile. Sprek og bitevillig kompenserte i grunn for det med storleiken.

Karianne - aure 0-1. Vi vart lurt. Innimellom.

Men det var så travelt at kaffien, som vart kokheit og krutsterk (rørt med furupinne - abrakadabra), nesten ikkje vart drukken. Røyking, fotografering, dopausar osv var det nesten ikkje rom for. Det var BET!

Eg fekk mi dose eg og.
Mygghatten er kanskje ikkje HEILT moderne, men med vindstille og "smekke" så er den genial.  

Resultatet på benken heime: 40 stk - 4,5 kg totalt.

Karianne og eg pakka med oss meir mat og turutstyr medan "gamlingane" for på fest. Vi for oppatt i Skarvatnet.

23.55

Fjellteltet fekk seg varige mèn etter at Karianne testa det på Alden i storm og kastevindar. Fint brukbart, men bogane vert aldri meir symetriske. 

Kanonbra teltnatt. Mjukt og fint og passeleg varmt.Det hølja ned om natta og utover morgonen så vi kava ikkje med å stå opp.

Opplett mot Talstadhesten

Finare og finare. Varmare og varmare. Midtsommarhelga vart berre betre og betre.

Karianne i kjent Skarvasspositur

Mot Trollvassbotnen. Vakkert.

Vi gjekk tom for mat - og for motvillig heim utpå dagen. Kunne sølvsagt grilla småaure. Fiske her oppe no er meir å sjå på som utfisking enn matauk. Det var jammen bet om førmiddagen og, så det var ei skikkeleg kjekk økt i vatnet. 9 nye fiskar på lista.

Årets første traff vi på veg heim

Småauren vart reinska, og nokre forsøkt filetert. Fleire av naboane er ivrige på å steike seg slik "småkree", og mindre ivrige på fiskinga. Passar oss godt. Vinn - vinn.

Junitelting i boks!

mandag 31. desember 2012

Juleveka og desembertelting

Juleveka vert innleia med tradisjonell juletrehenting. Furu må det vere.

På Skarset er det i grunn heilt eigne grenser mellom friluftsliv og motorisert ferdsel.

1. juledag

Henrik og Karianne på Harryvatnet.

I myrane er vi nesten aldri, bortsett frå når det er frose. No var det 30-40 cm kanonhard stålis på Harryvatnet. Ein flokk svanar held til i området, og det var digre fastfrosne svanebæsjar overalt på isen. Ein liten strek i rekninga. Vi fann og fleire innfrosne fiskar. Ettersom dei låg med buken opp er det vel lite sannsannsynlig at dei er spesielt spreke til våren att.

Harryvatnet og Myrsteinen - vakkert

Med og utan skeiser.

Natt til 2. juledag

Desembertelting i hagen.

Resten av familien ville sove inne. Merkeleg. Men dei var svært støttande til at eg måtte komme meg ut når eg først hadde antyda teltnatt.  

Testing/læring: sommardunposen min er for kald når det er minusgrader (ca -4 denne natta), sjølv med fjellduk. Sjølv om ekstremtemperaturen på posen er -5. På tele fungerar 8''-spikar bra som teltpluggar. Men dei frys dønn fast i løpet av berre ei natt. (1-0 til pappa der ja). Eg må ha egna reiskap for å få dei opp att. Lite brekkjarn gjekk fint. Men eg veit at eg ikkje kjem til å ha med brekkjarn på tur. #måfinneeiløysingpådet  

Nina gjennomførte si teltnatt samstundes i Askvoll.
Røyset - Nina sin veranda. Koselig juletelting. (Foto MMS-Nina)

Røysetnissen på telttur (MMS-Nina)

Det vil seie at vi er HEILT i rute med prosjekt telting. Den som teltar litt i romjula får og med seg flotte astrologiske fenomen som til dømes at Jupiter er rekordnær månen.

Jupiter øverst (liten) og månen nederst.

4. juledag

Arbeidsdag i myrane med pappa. Ein fin dag med polkjeledress i vakkert vinterlandskap. Første rekke: Horberget, lisje Horberget, Aslaksteinen og Lyngstadfjellet. Stemshesten bak.

Mykje kvalitetstid innandørs med familien har det og blitt i juleveka.

tirsdag 4. desember 2012

Nisser og dverge bygger i berge

Dette er vel ikkje eigentleg "tur", men ein dag i steinbrotet til pappa. Han trengte ei handsrekking med ei salve i myrane. Karianne og eg vert gjerne med på det. Her er det frisk luft og styrketrening i god mix. Sprengstoff i 25 kg pakningar skal berast til hola og borehola fyllast heilt opp med grus etter lading. Fin jobb for "småjentene". 

Kaffi først.
 
Nisser og dverge bygger i berge;
men vi skal mine dem alle her ut.
Ti mens vi synger muntre i klynger,
sprenger vi berget i lufta med krutt.

Ja, la oss bore dype og store
huller i gråstein og blåstein og flint!
Da, mens vi synger muntre i klynger,
sprenger vi berget i stykker og splint.

Anno 2012 er dvergane bytta ut med borerigg

Anleggsområdet FØR. Nabben som skal sprengast er lysegrå.

Nøye kobling og dobbelsjekk av desse. Skytebas i arbeid.

Hurra, det knaller; for et rabalder!
Hurra, minerer, du vinner til sist.
Ti mens vi synger muntre i klynger,
sprenger vi berget ved makt og ved list.

Fjellet skal beve under vår neve;
hurra, minerer, nå knaller ditt skudd!
Nisser og dverge bygger i berge,
hurra, nå miner vi nissene ut!

-Henrik Wergeland-



Filmen er teke med sjølvutløysar medan vi låg i dekning i betryggande avstand under betryggande mengder stål. Salva vert skoten utan dekning fordi området er veldig langt frå bebyggelse og ferdselsvegar, flatt og oversiktleg. Denne salva gav omlag 1600 kubikk steinmasse. 

Anleggsområdet ETTER.

Mjølk kjem frå kua, og steinmassar kjem frå fjell. Om ein vil ha gode vegar, stabile tomter, sterke moloar, vakre murar - slik vert altså råstoffet til. Noko av massane skal knusast vidare til pukk og grus, medan firkanta stein vert plukka ut til muring. Denne salva gav omlag 1600 kubikk steinmasse.

Opprydding

Vakker vinterdag i myrane - mot Gjendemsfjellet.
Anleggsområde med naturoppleving.