Viser innlegg sortert etter relevans for søket Alnes fyr. Sorter etter dato Vis alle innlegg
Viser innlegg sortert etter relevans for søket Alnes fyr. Sorter etter dato Vis alle innlegg

fredag 29. juni 2012

Gullpadling

Onsdag 27. juni  var det Kystverkspadling. Sygni vart mellombels "tilsett" i verket, og vi vart ein rein dametrio på tur. Sommarkveldane skal nytast medan dei er lange - så vi trekte ut mot havet med fyr i blikket.

Hamna ved Giske kyrkje - nesten Syden!

Vi padla nordover, rundt Giske og midt inn i verskillet.

Duett i molo. Den todelte moloen er kul.

Sjøfuglar i fleng, med ungar i alle variantar, strender, ku i solnedgang, eit lite verdsberømt musikkstudio og stram lukt på Kvalneset. Giske har mykje å by på frå sjøsida. Likevel så er det på Godøya det store trekkplasteret står...  

Med stø kurs mot Alnes

Alnes fyr i midtsommarskrud

Alnes fyr er kult. Det gjev ein ekstra dimensjon å komme hit sjøvegen. Vi landa på rullesteinane og vandra opp til fyret. Lukta frå enga slo i mot oss, og blomane konkurrerte om merksemda. SOMMAR! SOMMAR!
Oppe på fyret var det benkar og pledd. Vi toppa det heile med medbrakt varm drikke og skipskjeks (prøv å seie skipskjeks fort tre gonger på rad...!).

Meg, Trude og Sygni. Alnes fyr.  

Landing på Alnes

Det gjev eit hav av nye moglegheiter å utvide definisjonen på kva som er ein bra landingsplass. Vanlegvis så er det jo litt nedtur å padle siste biten heim. Denne kvelden hadde "ytre strok" planar om eit spektakulært show, som vi fekk vere ein del av på heimveg. Knallhard berekning eller rein flaks?

Erkna ønsker velkommen til gullpadling!

I eit strålande og flammande lys gjekk ferda tilbake til Giske. Trude padlar i venstre kant av bildet.

Eldkula samlar seg og går i havet. Takk for i kveld.

Det er slike kveldar som gjer at eg vil vere "heime" på Vestlandet om sommaren. Det er slike kveldar som gjer at sommaren vert fantastisk!

Turen vart ca 14 km

tirsdag 27. mars 2018

Påskeøya Godøya

26. og 27.03 Heimepåske og litt lite energi. Det er då det gjer ekstra godt med skikkelege påskegåver. Den beste i år var pause i vegarbeidet og open tunnel til Godøya! Eg var ute der to heile dagar og dingla rundt. Flott turterreng. Vårens første is. Sol, hav, fjell og svaberg. Nydelege solnedgangar. Iskaldt på toppen. Lunt i solveggen.

Mot Ålesund og Sukkertoppen. Høgsteinen fyr.  

God sti heile vegen frå Juv og opp på Storhornet. Lite pust i motbakkane, så det tok si tid. Iskald vind på toppen, men krystallklår luft og veldig god utsikt

Mot Herøy og Stad. Seinare på dagene gjekk eg stien langs kanten her. Godøya sin mini-bessegg. 


Sulafjorden

 Her ligg fyra på rad og rekke og markerar leia og kysten. Alnes, Erkna og Storholmen som ein bitteliten prikk der ute.  


Giske og Valderøya

Surfestranda på Alnes. Interessant forflytning av sand. 

Lestaskjeret med Runde i horisonten
Dagen etter gjekk eg langs stranda nede her. 




Alnesvatnet og Storhornet. No har eg gått heile runden og skal berre ned att til bilen. 

Dag 2 gjekk eg og over Storhornet, men ned til Alnes og stranda tilbake til Juv. Det var faktisk litt lenger enn eg hadde tenkt, så eg var sliten på slutten. Men nydeleg! Artig å gå etter ruglete svaberg langs stranda i kilometervis. 
  
Alnes hamn med kvalbåten

Vår i naustveggane på Alnes

Alnes fyr (ofte med kaffi og kaker)


Surfestranda har fått juling, og det er meir stein enn strand for tida. 

Einsleg surfar som prøvar seg. Bølgjene hadde vore perfekt for rustne kajakk-surferar og. 

Tilbakeblikk på fyret


Magiske solnedgangar (frå Kvalneset på Giske) sette punktum for desse fine påskedagane ved kysten.

Sola går ned bak Alnesrauden

Erkna fyr

Storholmen fyr

Kula har gått ned bak horisonten - siste strålar.

Støtt gjerne arbeidet med å tilrettelegge stiane på Godøya: 

Liten runde: 11 km
Stor runde 18,5 km
Ca 500 høgdemeter.

fredag 10. oktober 2014

Heftig og begeistra rundt Godøya

07.10 Sygni og eg hadde padleavtale, og avtalar held ein jo, sjølv om eg framleis var lang i armane etter helga. Vi landa på Godøya rundt. Meldingane var austavind, men berre 3-4 m/s. Styrken på austavind langs kysten her er kanskje Yr.no si største svakheit. Vi såg kva som var av faktisk vind (frisk bris) og var førebudde på det meste. Det som er fint med Godøya er at det er veg eller sti rundt heile øya, mobildekning og mogleg å komme i land dei fleste plassar om ein svelgar kamelar når det gjeld stil og striper i kajakken.

På nordsida av Godøya i skuggen - med frisk bris i mot. 

Den første timen var ei rein arbeidsøkt, men vi viste at det kom sol og medvind etterkvart.

Innover mot Ålesund - fin by frå sjøen og!

På aust-tuppen var det vind og straum og skikkeleg skvalpete. Eg måtte ta litt i for å komme forbi. Det eg hadde tenkt som medvind vart i første omgang sidevind, saman med krappe fjordbølger. Interessant. Balansen fekk trening. Det var skikkeleg "tippy" rørsler i kajakken, utan noko mønster. Det slo oss kvifor vi padlar minimalt i fjordane...

Sidesjø, men berre store glis hos Sygni. Då er det vel greit for meg og då..

Etterkvart kom vi ned til Høgsteinen fyr søraust på Godøya. Dette er eit innseglingsfyr, 11 meter høgt og av sjeldan vare; teglstein. Fyret er opphavleg frå 1857 og freda som kulturminne no. 

Høgsteinen fyr

Veldig fint. Må ha to fyrbilde i dag. 

Neste etappe var kjempekjekk! Langs heile austsida fekk vi medsjø og småsurfa bortover. Inne ved land var det nesten heilt vindstille, sjølv om det gjekk kvitt midtfjords. Herleg å suse avgarde utan å bruke krefter i det heile. Vi kom nesten på Lesten og møtte dønning frå havet. Sikkert lurt å gå i land? Matpakkeeting og andre naudsynte ærend må ein berre ta seg tid til, og eg ville ha litt å gå på før vi skulle runde Lesten.

Ikkje akkurat strand, men landingsplassen gjorde nytta.

-Vi har eit hav av tid før det vert mørkt, kjem det skråsikkert frå meg. Eg var førebudd på nokre kilometer med lite vind og litt dønning. I det same vi runda "Lesten" kom det vindrosser rett i fleisen på oss. Eg vart nesten feid avgarde. Dette måtte ha noko med formasjonen og fallvind frå fjellet å gjere, for i teorien skulle det ikkje vere mogleg med austavind her.. Gisp og gulp. Kva gjer vi no? Eg gjekk gjennom halve alfabetet og padla på. Det gjekk framover såvidt, men ikkje mykje. Eg såg Sygni sleit med framdrifta og. Akkurat der var vel den minst trivelege plassen å gå i land. Vi bestemte oss fort; kneppe på taueline, gje gass, sjå om det går - plan B snu tilbake. Som tenkt så gjort, og det gjekk. Med tauelina på kom vi oss samla ut av dei hardaste vindrossene til meir normal heftig motvind. Full guff måtte til, men vi kom oss framover, og såg stranda og Alnes fyr komme nærare om enn gradvis. 

I vest hadde vi verdas flottaste solnedgang. Sola gjekk som ei ildraud kule i havet. Ikkje ei sky. Ingen dis. Raud kule. Blått hav. Og det var berre ikkje aktuelt å stoppe for å ta noko bilde. Vi kasta så mange blikk vi fekk til ut i horisonten og prøvde å feste bilda i hjernebarken om ikkje anna. Det er truleg den flottaste solnedgangen eg nokon gong har sett.  

Restane etter århundrets solnedgang


Alnes fyr -no er det berre surfen som står att..

Vi hadde berre eit lite crux att. Korleis var surfen i dag? Det skumma kvitt av surfebølgene i motvinden og det var surferar uti som vi såg vart kasta av bretta sine. Sidan vi kom frå yttersida hadde vi ingen begrep om kor store bølgjene var eller korleis dei braut. Skyminga gjorde det ikkje lettare, og sjølv om eg har surfa litt i år, så har det aldri vore med grønnlandsåre. Vi nærma oss forsiktig, og det reiste seg ein diger dønning under oss. Aiai - ikkje det settet her! Vi rygga og fomla og bakoverpadla til vi fekk meir oversikt, venta til settet hadde gått og dura på. No ser det snilt ut! GO!
Det gjekk faktisk heilt fint, men likevel hadde eg høg puls og skjelv i beina. Eg snubla meg opp på stranda og kjende på at eg var utruleg sliten og hadde det heilt fantastisk på same tid!

Turen rundt enda på 16 km. Resten er frå bilturen heim...

Utruleg fin tur. 
Klåre fargar, nydeleg ver, vind i alle utgåver, sol og lys og mykje mestring undervegs. Takk for turen Sygni!



søndag 21. juni 2015

Alnes - aldri feil!

28.06 Ein smak av sommar! Litt for mykje vind til turpadling og litt for lite dønning til leik og fanteri. Det var ikkje optimale forhold for padling, men vi la søndagsturen til Alnes. Det var ingenting surfbart då vi kom. Eit par testruller, og brått var vi på redningssporet.

Sunday at Alnes. We were practicing rescue techniques for a couple of hours waiting for the surf. Great day! I tested my new camera. It takes some time to get used to the settings and the whole lot of possibilities.  

 Lite å hente i "surfsona" i starten

Vi trente redning i ca 2 timar. Gutane hadde med diverse lærdom frå Wales som vi gjekk gjennom. Drilling på korleis den som er i vatnet kan legge til rette for tømming/redning, og ikkje sjå på seg sjølv som eit "hjelpelaust offer".  Det mest sannsynlige vi kjem ut for er truleg skulder/arm skade. Så det vart nokre rundar med "skadd" skulder og bevistlaus person og. Det var krevjande å vere tre, dvs to til redning med vind (frisk bris). Sjølv om vi var einige om strategisk plassering av kajakkane i forhold til kvarandre, så enda vi oftast opp med noko heilt anna etter å ha fått tak i person, kajakk og drifta rundt.  Det er tungt å få folk opp i eigen kajakk att. Scoop rescue (sjå video nedanfor) er eit triks. Årene for i alle retningar. Vi kløna og rota, men fekk det no og til på eit vis. Å tru at to personar kan handtere ein krevjande situasjon over lange avstandar er berre tull. Terskelen for å ringe etter hjelp må difor vere låg. Ting tek tid, og ein vert fort kald av å ligge i sjøen. Få folk ut av vatnet og ring etter hjelp må vere pri ein. Lange avstandar og tauing av ein hjelpelaus person med berre to personar til assistanse/tauing er ikkje optimalt.  

Scoop rescue: 

Det er nokre eksponerte fyr vi har lyst til å padle ut til, men vi har hatt som grunntanke at vi skal vere minimum 4-5 stk på desse turane. Øvinga stadfesta at det er rett tenkt.



Etter matpausa "tok surfen seg opp", med små men surfbare bølgjer (med ein god porsjon venting mellom dei fine setta). Det vart to nye timar på sjøen med nokre fine surfar. Dei var enkle og styrbare så det vart parallellsurfing med både to og tre.. Utruleg kjekt å leike her utan dødsangst. 

Eg runda av dagen med ein kveldstur rundt fyret og testing av nyekameraet:
Olympus Tough TG-4

Makro. Skogstorkenebb er ein av mine favorittar!

Fisheye. Tja. kanskje det kan verte kult innimellom?

Spegling. Litt usikker på kor kult eg tykkjer dette er. 

"Dramatisk"  

Panorama. Alnes beach! 
Kjenneteikn Alnes: Flott surf med potensielt katastrofal avslutning i storsteinen. 

Alnes fyr - finn 1 feil!

Kamera verkar spennande. Eg er litt "lost" i menyane og det kjem nok til å ta litt tid før dei er drilla på sjøen. Irriterande tungvint å bytte mellom ulike modus. Det er ikkje spesielt stort, men grueleg tungt. Det er vel berre å bruke, lære og finne ut av det!