Sunday at Alnes. We were practicing rescue techniques for a couple of hours waiting for the surf. Great day! I tested my new camera. It takes some time to get used to the settings and the whole lot of possibilities.
Lite å hente i "surfsona" i starten
Vi trente redning i ca 2 timar. Gutane hadde med diverse lærdom frå Wales som vi gjekk gjennom. Drilling på korleis den som er i vatnet kan legge til rette for tømming/redning, og ikkje sjå på seg sjølv som eit "hjelpelaust offer". Det mest sannsynlige vi kjem ut for er truleg skulder/arm skade. Så det vart nokre rundar med "skadd" skulder og bevistlaus person og. Det var krevjande å vere tre, dvs to til redning med vind (frisk bris). Sjølv om vi var einige om strategisk plassering av kajakkane i forhold til kvarandre, så enda vi oftast opp med noko heilt anna etter å ha fått tak i person, kajakk og drifta rundt. Det er tungt å få folk opp i eigen kajakk att. Scoop rescue (sjå video nedanfor) er eit triks. Årene for i alle retningar. Vi kløna og rota, men fekk det no og til på eit vis. Å tru at to personar kan handtere ein krevjande situasjon over lange avstandar er berre tull. Terskelen for å ringe etter hjelp må difor vere låg. Ting tek tid, og ein vert fort kald av å ligge i sjøen. Få folk ut av vatnet og ring etter hjelp må vere pri ein. Lange avstandar og tauing av ein hjelpelaus person med berre to personar til assistanse/tauing er ikkje optimalt.
Scoop rescue:
Det er nokre eksponerte fyr vi har lyst til å padle ut til, men vi har hatt som grunntanke at vi skal vere minimum 4-5 stk på desse turane. Øvinga stadfesta at det er rett tenkt.
Etter matpausa "tok surfen seg opp", med små men surfbare bølgjer (med ein god porsjon venting mellom dei fine setta). Det vart to nye timar på sjøen med nokre fine surfar. Dei var enkle og styrbare så det vart parallellsurfing med både to og tre.. Utruleg kjekt å leike her utan dødsangst.
Eg runda av dagen med ein kveldstur rundt fyret og testing av nyekameraet:
Olympus Tough TG-4
Makro. Skogstorkenebb er ein av mine favorittar!
Fisheye. Tja. kanskje det kan verte kult innimellom?
Spegling. Litt usikker på kor kult eg tykkjer dette er.
"Dramatisk"
Panorama. Alnes beach!
Kjenneteikn Alnes: Flott surf med potensielt katastrofal avslutning i storsteinen.
Alnes fyr - finn 1 feil!
Kamera verkar spennande. Eg er litt "lost" i menyane og det kjem nok til å ta litt tid før dei er drilla på sjøen. Irriterande tungvint å bytte mellom ulike modus. Det er ikkje spesielt stort, men grueleg tungt. Det er vel berre å bruke, lære og finne ut av det!
Venter på ytterlegare rapport på kamera :) Blir moglegens dette kameraet på meg også
SvarSlettAha! Jeg kjenner noen med TG-4, hurra! Jeg vurderer det sterkt som neste turkamera, når TG-3 dør. :) Veldig interessert i erfaringene.
SvarSlett