fredag 10. oktober 2014

Heftig og begeistra rundt Godøya

07.10 Sygni og eg hadde padleavtale, og avtalar held ein jo, sjølv om eg framleis var lang i armane etter helga. Vi landa på Godøya rundt. Meldingane var austavind, men berre 3-4 m/s. Styrken på austavind langs kysten her er kanskje Yr.no si største svakheit. Vi såg kva som var av faktisk vind (frisk bris) og var førebudde på det meste. Det som er fint med Godøya er at det er veg eller sti rundt heile øya, mobildekning og mogleg å komme i land dei fleste plassar om ein svelgar kamelar når det gjeld stil og striper i kajakken.

På nordsida av Godøya i skuggen - med frisk bris i mot. 

Den første timen var ei rein arbeidsøkt, men vi viste at det kom sol og medvind etterkvart.

Innover mot Ålesund - fin by frå sjøen og!

På aust-tuppen var det vind og straum og skikkeleg skvalpete. Eg måtte ta litt i for å komme forbi. Det eg hadde tenkt som medvind vart i første omgang sidevind, saman med krappe fjordbølger. Interessant. Balansen fekk trening. Det var skikkeleg "tippy" rørsler i kajakken, utan noko mønster. Det slo oss kvifor vi padlar minimalt i fjordane...

Sidesjø, men berre store glis hos Sygni. Då er det vel greit for meg og då..

Etterkvart kom vi ned til Høgsteinen fyr søraust på Godøya. Dette er eit innseglingsfyr, 11 meter høgt og av sjeldan vare; teglstein. Fyret er opphavleg frå 1857 og freda som kulturminne no. 

Høgsteinen fyr

Veldig fint. Må ha to fyrbilde i dag. 

Neste etappe var kjempekjekk! Langs heile austsida fekk vi medsjø og småsurfa bortover. Inne ved land var det nesten heilt vindstille, sjølv om det gjekk kvitt midtfjords. Herleg å suse avgarde utan å bruke krefter i det heile. Vi kom nesten på Lesten og møtte dønning frå havet. Sikkert lurt å gå i land? Matpakkeeting og andre naudsynte ærend må ein berre ta seg tid til, og eg ville ha litt å gå på før vi skulle runde Lesten.

Ikkje akkurat strand, men landingsplassen gjorde nytta.

-Vi har eit hav av tid før det vert mørkt, kjem det skråsikkert frå meg. Eg var førebudd på nokre kilometer med lite vind og litt dønning. I det same vi runda "Lesten" kom det vindrosser rett i fleisen på oss. Eg vart nesten feid avgarde. Dette måtte ha noko med formasjonen og fallvind frå fjellet å gjere, for i teorien skulle det ikkje vere mogleg med austavind her.. Gisp og gulp. Kva gjer vi no? Eg gjekk gjennom halve alfabetet og padla på. Det gjekk framover såvidt, men ikkje mykje. Eg såg Sygni sleit med framdrifta og. Akkurat der var vel den minst trivelege plassen å gå i land. Vi bestemte oss fort; kneppe på taueline, gje gass, sjå om det går - plan B snu tilbake. Som tenkt så gjort, og det gjekk. Med tauelina på kom vi oss samla ut av dei hardaste vindrossene til meir normal heftig motvind. Full guff måtte til, men vi kom oss framover, og såg stranda og Alnes fyr komme nærare om enn gradvis. 

I vest hadde vi verdas flottaste solnedgang. Sola gjekk som ei ildraud kule i havet. Ikkje ei sky. Ingen dis. Raud kule. Blått hav. Og det var berre ikkje aktuelt å stoppe for å ta noko bilde. Vi kasta så mange blikk vi fekk til ut i horisonten og prøvde å feste bilda i hjernebarken om ikkje anna. Det er truleg den flottaste solnedgangen eg nokon gong har sett.  

Restane etter århundrets solnedgang


Alnes fyr -no er det berre surfen som står att..

Vi hadde berre eit lite crux att. Korleis var surfen i dag? Det skumma kvitt av surfebølgene i motvinden og det var surferar uti som vi såg vart kasta av bretta sine. Sidan vi kom frå yttersida hadde vi ingen begrep om kor store bølgjene var eller korleis dei braut. Skyminga gjorde det ikkje lettare, og sjølv om eg har surfa litt i år, så har det aldri vore med grønnlandsåre. Vi nærma oss forsiktig, og det reiste seg ein diger dønning under oss. Aiai - ikkje det settet her! Vi rygga og fomla og bakoverpadla til vi fekk meir oversikt, venta til settet hadde gått og dura på. No ser det snilt ut! GO!
Det gjekk faktisk heilt fint, men likevel hadde eg høg puls og skjelv i beina. Eg snubla meg opp på stranda og kjende på at eg var utruleg sliten og hadde det heilt fantastisk på same tid!

Turen rundt enda på 16 km. Resten er frå bilturen heim...

Utruleg fin tur. 
Klåre fargar, nydeleg ver, vind i alle utgåver, sol og lys og mykje mestring undervegs. Takk for turen Sygni!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar