onsdag 21. mai 2014

Sommarleg fjøletur med bonusrunde i Sykkylven

20.05 Fjøre til Fjells i Sykkylven er i gang!  Eg hadde lufta ulike versjonar av tur der posten på Kalddalsstølen kunne innkasserast i same slengen. Vi var tre stk med stål i bein og armar som var klare for plan c.

Inn dalen, greit nok. Men opp fjellveggen bak der???

Posisjonering av bilar og synfaring i byggefeltet på Ikornes. Litt hikke vert det når alle skal fare rett frå jobb og hugse på alt på rett plass i rett sekk, rett jakke og rett bil. Prikk klokka fem la vi i veg på nygrusa skogsveg i steikande sol, rimeleg sikre på at vi hadde det vi trong mest med oss. Det kokte i fjellskoa og rann frå panna etter ca 100 meter. Herleg med slike sommardagar i mai!

Kalddalsvatnet og fin stølsvoll. Men opp bak der???

Kalddalsstølen fann vi, og det var ikkje spesielt kaldt der. Fjøla stod lett synleg, og det var greit å krysse av den på lappen. Oppdrag utført. Alt herifrå og ut er berre rein tur-bonus! Vi fann stien vidare mot Skopphornet (pilskilt på sætra) og la i veg oppover bakkane, inn i eit dramatisk landskap av bratte fjell og botnar, fossefall og irrgrønne planter som klora seg fast. Stien var god, så det var lett å gå, sjølv om høgdemetrane var effektive. Godt å gå i skuggen, og ikkje så mykje vegetasjon at det var eit problem.

Sti i første brekka

Første bratta var beseira, og landskapet opna seg. Svaberg, lyng og snøflekkar om einannan. Steile fjellveggar og ryggar. Stien forsvann og vi dobbelsjekka på kartet. Vi gjekk rett opp mot Tussavatnet, men såg etterkvart at andre spor gjekk inn i dalen og opp på snøen lenger inne. Greit å gå begge vegar, så eg trur ikkje vi tapte så mykje på det.

Er det verkeleg den ryggen til høgre der?

Tussavatnet

Opp her ja?

I motsol var det ikkje lett å sjå korleis det såg ut i neste bratte. Vi vart einige om å snu framom å ta sjansar, før vi gjekk vidare. Både snøfelt og snøskavlar kan vere lumske no. Etterkvart som vi kom nærare var det både spor og sti, og det var heilt greit å ta seg opp, sjølv om det var bratt. Krampe i leggane og krampe i smilemusklane. Rått landskap. Ikkje mykje som minte om kystfjell der vi stod. Vakker utsikt over heile Sykkylven.


Sykkylven

- Drit i Sykkylven, ropar Kristin som er førstemann - kom hit opp og få heile Ørsta!

Oi sann! Nytt landskap!

1000 meter over havet og klin flatt! Sunnmørsalpane avdeling Ørsta stikk opp tagg i tagg bak ein flat steinørken. Lekkert!  Eg har ikkje vore her før og vil gjerne ut på Storheia (1086 moh) først. Heldigvis vert dei andre med og vi travar over platået. Fantastisk lys og utsikt! Både Kristin og Ingunn  ser heim og ringer sine betre (?) halvdelar som er passeleg grøne av misunning der dei (med godvilje) kanskje skimtar oss på kanten.

Storfjorden, Sula, Borgundfjorden, Ålesund

Storheia (1086 moh) eller Flathornet som fjellet vistnok og vert kalla.

Heilt vest på Storheia (Foto: Kristin Frotvedt).

Høg på livet og maikvelden sette vi kursen mot Skopphornet. Det er lett å gå her oppe. Det var heilt vindstille og krydde av fuglar. Ulike artar, ulike lydar, men alle opererte i par. Rype, heilo, og nokre små som eg ikkje veit kva er. Halvtamme og våryre (dei også...).

Over mot Skopphornet

Skopphornet køyrde ein liten avledingsmanøver på oss. Vi kom ut på ein rå kant med utsikt rett ned på Megardsstøylen. Kjempekult!

Kor langt er det ned her?

Teambilde 2 - nesten Skopphornet! FOR EIT LAND vi kan boltre oss i!

Dagens hopp! (Foto: Kristin Frotvedt)

Det var jo ikkje toppen då.... Over snøfonna og opp på det høgaste punktet 1226 moh. Flott utsikt! Fotostopp og nyting. 

Utover Storfjorden. Festøykollen rett til venstre for Kristin

DETTE er nemleg toppen...

Råna midt bak der. Råna igjen....

Hundatinden neste og fjella i Ørsta bak der att.

Neste etappe gjekk vi rett aust langs kanten. Delvis på laus vårsnø, delvis på morene i teleløysing (svupp svupp). Gamasjane var gode å ha. Det gjekk mykje kjappare på snøen enn det ville ha gjort på ura som truleg ligg under. Vi fann teikn til sti innimellom på dei berre partia.

Eg var nervøs for skogsbeltet. Å gå ned ei bratt skogkledd li utan sti på Vestlandet, kan fort verte eit mareritt. Kart og terreng stemte for så vidt i Smådalane, men det var ikkje råd å finne råsa. Så då var det berre å trenge seg gjennom fjellbjørkekrattet. Slitsomt, men greit, og etterkvart kom vi faktisk inn på noko som likna på ein sti. Høgdemetrane var ikkje mindre effektive her, og det dunka og brann i knea mine. Eg høyrde noko mumling om nesten overtrakk rundt meg, og det var stor entusiasme då vi såg grusvegen rett nedanfor oss. Vi dumpa RETT inn på Erstadsætra, som planlagt. Fjellet og fjellskogen var brått bytta ut med frodig grasmark og hegg i blomstringa. Lukta var god og overveldande. Kveldssola skein på Sykkylvstoppane.


Dette vart ein skikkeleg bonusrunde til fjøla i Kalddalen. Sykkylven skuffar ikkje! Sommarkveld i mai. Godt fornøgde med turmål og ikkje minst turkameratar. Vi plukka opp bil nr 1 og bil nr 2 og hadde god margin på 22.10 ferja.

Rundar av med monstermast i solnedgang. 
Ja, ho er litt rar og tuslete for ho har ikkje fått på seg luftspennet endå, men det kjem rett rundt hjørnet. 

Skal ein gå denne runden er det absolutt kjekkast å gå den denne vegen rundt. Eg tippar at det er lettare å finne råsa ned til Erstadsætra seinare på året. Vi gjekk 11 km i luftlinje, 1050 høgdemeter opp og 1170 høgdemeter ned.
Kart - runde over Skopphornet

(NB: Det er minst TO andre ruter til Skopphornet og)

Godøya - ja takk begge delar!

19.05 Godøya med "Synnøve Lundes uteskole". I staden for enten eller vart det både og. Alnes - Storhornet - Gjuv og rundt stranda frå Gjuv til Alnes. Ein fantastisk fin sommarkveld i berre trøya. Flott tur! Eg hadde foto-tørke. Av og til er det kjekt å berre vere på tur - i "nu-et" som det heiter. Perfekt selskap, variert landskap og nokre røvarhistorier på vegen. Betre start på veka vert det ikkje!

Foto: Synnøve Lunde

Stien frå Gjuv til Alnes var prikka opp med freshe raude merke, så det gjekk som ein leik å ta seg rundt. 

torsdag 15. mai 2014

Fjøre til fjells 2014 - premiere!

9. mai. Eg var utålmodig etter å komme i gang med å samle turmål i Sykkylven. - Eg fer inn på fredagen, tenkte eg. Sjølv om ingen vert med, så tek eg ein liten post og skaffar karta i alle fall. Det viste seg at "Den-galne-samle-på-postar"-gjengen var like klar for action som meg. 4 stk ramla inn på sportsbutikken rett før stengetid fredag. Postar, kart, info. 4 damer med lite lokalkunnskap og 1000 spørsmål. 1 stk lokal butikkmann som svarar som best han kan. Jepp. VI ER I GANG!

I Gimsdal-området har vi vore før, så det var greit at vi i alle fall kunne vegen til parkeringsplassen. Anleggsfolk heldt på å henge opp sjølve linja i monstermastene i dalen, så det var med eit skrik vi kom forbi. 

Innover myrane mot ukjent mål og post nr 1

Idyll ved Stilla
Nedanfor Stilla var det også fint!
 
Det er altså desse "Fjølene" vi leitar etter. Litt nedanfor bildekanten er det rissa inn to bokstavar som ein då noterar seg. 

Fredagskveld og kjempenøgde med å trakke rundt i våte Sykkylvsmyrar!
(Herleg gjeng. Absolutt herleg!)

Ein post er no i minste laget, og Stilla var ein grønn ein. Vi gjekk difor vidare opp mot Gimsdalssætra og innover Gimsdalen på vestsida for neste post. I starten var det god sti, og alt var på stell. Sportsbutikkmannen hadde sagt noko om strategisk kryssing av dalen. Dette diskuterte vi litt, men (eg) kom fram til at stien opp i høgda og kryssing der oppe måtte vere bra?

Våtare, meir urete og ein dæsj oppoverbakke. Då snubla vi brått over desse husa. Godt kamuflert og nesten ikkje markert på kartet. Impulsivt døypt "Calypsobyen" av oss. Skikkeleg stilig. 


Hovedbebyggelsen i "Calypsobyen"

Herifrå var det ikkje sti på kartet, så vi var skikkeleg fornøgde då vi fann sti vidare og i rett retning - mot nord. Gleda var kortvarig då sti brått gjekk over til "fjellbjørkekrattstorsteinsur". Trimming av kjernemusklane er visst bra for slike kontorfolk som oss, så vi tok det med fatning. I alle fall med litt meir fatning enn det lemenet vi skremte opp. Vi var og heilt einige om at vi tok runden og ikkje same veg nedatt. Samrøystes. I tilfelle ullfille så gjekk vi gjennom reglane om at det ikkje er lov å brekke/skade føter lenger unna enn ca 100 meter frå bilen. 

Oppe på kanten såg vi ned på store myrar, og ikkje noko vatn. Kva? Det skal jo vere her? Sportsbutikkmannen hadde prøvd å fortelje oss at dei la postane der det ikkje vanlegvis gjekk så mykje folk. No skjønte eg litt meir kva han meinte med det. Sjekk med kartet. Vatnet heiter Haugvatnet ja... Og vi skal kanskje oppatt på andre sida av myra?  

Haugvatnet (611 moh) er re-oppdaga! Fint her og! Blå post.

Fjøla fann vi, og det var berre velstand i duskregnet. 

Haugvatnet låg faktisk på ein HAUG, og rett ved sidan av var det både bålplassar, STI og ein kanonfin teltplass. Heimvegen gjekk vi ei anna rute, på austsida av dalen først, og kryssa over ca midt mellom vatnet og Gimsdalssætra. Det var ikkje innlysande at denne vegen hadde vore ekstremt mykje lettare å finne oppover. Det er sikkert minst ein alternativ sti til i denne dalen...


Mot Gimsdalssætra og Ålebyen

Vassing av bekkar og småelvar, navigering med og utan sti, vi fekk verkeleg testa oss. Sykkylven kjem nok til å gje oss litt motstand. No er post-sesongen opna og vi noterar eit par ting bak øyret: 

- Litt research om turmåla på førehand og skikkeleg kart/kompass er lurt i Sykkylven. 
- Alltid pengar til bomveg på lur
-Tørre sokkar og sko i bilen som standard utrustning 

Badeutfordring og kveldspadling

7. mai. Badeutfordringsfarsotten hadde ekspodert på Facebook medan vi var på Jostedalsbreen. Eg trudde eg hadde gått klar, men det er av sine næraste ein skal få det.. Motkravet mitt var at utfordraren måtte stille på padling og fotografering, så fekk eg no noko att for det sjølv og.

Vakkert lys!

Grunnen til at eg elskar å padle rundt Giske er det fantastiske lyset, og den fine variasjonen rundt øya. Vi diskuterte at vi måtte finne andre turar, utfordre oss meir, og kanskje padle litt lengre turar. Havblikk rundt Giske fyller kanskje ikkje desse krava, men vi somla og kosa oss og brukte absolutt heile kvelden likevel. 

Snirkling i storsteinland på sørsida. Selskap av nokre selar. Skodde innover fjordane.

Så var det den der badeutfordringa då. Padlekompisane fekk i oppgåve å sjå skadefro og sarkastiske ut: 
(Dei er ikkje så god på det der med skadefryd, men det kan eg handtere, så lenge dei er veldig bra padlekompisar)

Link til heile baderiet på FB. Det var faktisk ikkje så gale som eg hadde frykta. Neste gong eg evnt skal bade her vert nok i samband med Sommarfesten på Giske 5. juli - konsertar, god mat og masse blide folk! Eg gler meg!

Det var IKKJE lurt å padle på andre sida av den brygga her inn i moloen. Snuing og kaving. 

Sommarsesongen er i gang og EG VIL så gjerne padle meir i vekene framover. 

lørdag 10. mai 2014

Jostedalsbreen på langs - dag 5 - På Norges tak!

4. mai. For ein dag! For eit land! Ei gneistrande verd i sterke fargar møtte oss utanfor teltet. Her var det berre å pakke og starte opp! Strålande sol og bitande kulde. Heilt greit.

Beste tomta i "byen"

Klar til ny dyst. 

Vi trudde vi såg eit skispor der framme, og det verka ikkje så logisk. Då vi skulle til å krysse det var det slett ikkje ski...

Eit einsleg reinsdyr har vore midt inne på Jostedalsbreen!

Her er toppen på Briksdalsbreen

Bokstavleg på Norges tak - og uendelege kvite vidder å ta laus på.

HORNELEN! 
Eg er nesten i fistel når eg ser ein kjent profil i vest. Starta sjølvsagt å sjå etter Alden, men den gøymte seg i disen..

I eigne spor på urørt snø. Lett terreng. Trått føre. Vindstille, sol og varmt vatn på drikkeflaskene fraus etter to timar ute. Vi tippa meir enn 15 minus?

Kvitekoll hadde pynta seg.

Tjøtabreen fell ned mot høgre med kjente fjell i Sunnfjord bak: Kvamshesten, Heilevangstaurane og Blegja.

Bak Kvitkoll dukka Hurrungane opp. Storen og Austbotntind klarte vi å plukke ut. Hurrarop og jubel! Vi sette pris på ALT vi fekk sjå etter dei siste dagane i kvitt og grått.

Therese på kanten ved Ramnane

Ved Ramnane kom vi inn på spor frå ei større gruppe som hadde hatt leir der (Sogn og Fjordane Turlag fann vi ut i ettertid). Dei hadde etterlete seg eit glitrande skispor som hadde frose fast og fint til oss. 

Halo heile dagen.

Sola var sterk, men minusgradene overdøyvde all varme frå ho.

Kattanakken nede til høgre. Rustøyfjellet dominerar til venstre. Bak i horisonten er det kjenningar på Sunnmøre; Eidskyrkja, Sunndalsnipa, Skårasalen

Sunnmørsalpar med Hornindalsrokken i midten og Kvitegga til høgre.

Nina og Lodalskåpa. Kåpa viste seg fram i all si glans no når vi var på betryggande avstand. 

Tilbakeblikk over dei kvite viddene vi har gått siste dagane. Jostedalsbreen avdeling nord. 

Lunsj på 1900 meter over havet. Godt å berre ta lunsjen ute, utan telt, med utsikt! Tasleriet i horisonten er Jotunheimen. 

Eg er på Jostedalsbreen og kosar meg!! (Foto: Therese Moe Øye)

GLIIIS! neste etappe er 5 km med nedoverbakke...

Vi fekk av fellene (kortfeller) for første gong på turen. Blå swix. Vi hadde ikkje noko kaldare med.. Smøring i kombinasjon med nedoverbakke gjorde at skigåinga vart superlett og tempoet auka med ca 100 %. Det var herleg befriande å berre suse avgarde, og sjå ned på fjellheimar i Sogn og Sunnfjord. Norges tak. Susar avgarde. 

Jølsterfjell og nedkøyring til Bings gryte.

Bings gryte er ein vindformasjon på eit smalt punkt ved breen. Den var i grunn kul: Kanskje 15 meter djup, ei stor hole, men ikkje særleg fotogen. På med fellar og ny liten overbakke. Vel oppe ved Grensevarden fekk vi ny utsikt. Er det ikkje der vi har tenkt oss ned? Eg ropte ut, peika og var ivrig. Eg meinte å kjenne att landskapet frå kartet. Snoadvarden og Kvannebakknova ned mot Strupen i Jøster, og rett på Befringsstølen. Vi var kanskje 6-7 km unna i luftlinje. - Kva for ein rygg trur du det er? spør Therese. - Den med skavlane?

Kvannebakknova. Fin rygg ut av breen, fin rygg ned. Ein bitteliten hake i mellom der. 20 meter stup og ein j...diger snøskavl. DEN hadde vi ikkje teke høgde for i planlegginga gitt. 

Vi gjekk vidare til der vi skulle ta av frå skispora til Fjærland. Kort strategimøte. Alle hadde vel tenkt litt. Kva gjer vi med den skavlen? Kjem vi oss forbi? Kvar kan vi ellers gå ned?

Oppsummert hadde vi to alternativ: 1. Gå ut til Kvannbakknova og skavlane, og satse på at det på mirakuløst vis ikkje var vanskeleg å komme seg trygt forbi skavlen i morgon tidleg. 2. Følge skispora til ei stor gruppe ned Supphellebreen til Fjærland. Sjølv om våre kart stoppa midt på Supphellebreen, så visste vi at gruppa måtte ha gått til Flatbrehytta og ned. Flatbrehytta, here we come - samrøystes. Snøskavlar i fjellet i mai er ikkje noko vi leikar med. 

Supphellenipa (1731 moh)

Då fekk vi med oss ein lekker topp til på vegen. Supphellenipa viste veg, og vi la kilometrane fort bak oss. Lunsj 2 vart utsett, og vi putta på med snacks for å halde det gåande litt til. 

Supphellebreen var snødekt og gruppa før oss hadde ikkje vore i taulag, det såg vi greit på spora. Suse avgarde. Easypeasy.

Flatbreen. 

Heile Supphellebreen og Flatbreen staka vi avgarde. Når EG kan stake med pulk er det greie forhold. Dermed var den siste muskelgruppa vi ikkje hadde brukt før på turen aktivisert.

Ut av breen - inn i Soria Moria- land?

Toppen av skaret ned mot Flatbrehytta. Lekkert! Nydeleg utsikt ned i Fjærlandsfjorden.

Rart å sjå fjord, skog og landskap med meir fasong og farge att etter mange dagar på breen. 

Vi greidde det! Eg er snart ferdig med Jostedalsbreen (for denne gong) og er strålande fornøgd! (Foto: Nina Haugstad)

Vi måtte vere litt turistar her oppe og nyte. Det var utruleg fint. Klokka var åtte då vi kom til Flatbrehytta. Vi hadde i teorien tid til å gå ned til Fjærland før det vart mørkt. Siste bussen til Stryn var utanfor rekkevidde.  Måndagen som jobbdag var i grunn gått fløyten same kor vi snudde på det. Er det verd å bruke siste kreftene på å gå ned no? Svaret var nei. Vi trong mat og hadde ein lang tur bak oss. 1000 høgdemeter med 30 kg på ryggen krev sitt, og det var greit å ta natta her.  Greit, vi er ein halv dag forsinka. Vi gjer ferdig turen med stil. Det vart overnatting på Flatbrehytta.  Det var mobildekning og vi fekk varsla både familie og jobbar. 

Flatbrehytta

Siste vassmeltinga i ein litt anna setting. Det var mildt (relativt) og godt i lia.

Flatbrehytta er privat og åpen. Her er det basert på tillit. Eg likar å bu i eit land der slikt går an. Det var ei fin avrunding på turen å ta kveld her. 

Kart dag 5 

28 km luftlinje
ca 350 høgdemeter opp fordelt på 3 kneiker
ca 1000 høgdemeter nedover

Dag 6
Frå Flatbrehytta og ned - 3 km 1000 høgdemeter (ok då, 970 for å vere nøyaktig..). 

Grisebratt ned frå Flatbrehytta. Kos å komme ned i våren etterkvart. Skogfiol og Jonsokblom (!) ved stien. 

Eg vog sekken med ski og pulk då eg kom heim: 31,5 kg. Det er litt meir enn eg likar å bere, men det gjekk faktisk greit. Vi brukte omlag 2,5 time ned. 
Drosja i Fjærland kom med hengar 5 minutt etter at vi hadde ringt. I tillegg til å vere hyggeleg og rask hadde drosjesjåføren full kontroll på bussrutene. Fortare enn svint satt vi på rett buss med nasen heimover. Kjempeservice!

Betryggande at vi etter 5 dagar i same telt framleis snakka med kvarandre, og fabulerte om nye turar på bussen heim.

Takk for turen Nina og Therese!