tirsdag 22. april 2014

Fjellski på flatmark i Jotunheimen

13.-14. april.  Etter ein sjekk på yr.no på Grotli hotell søndagsettermiddagen vart ambisjonen redusert frå Glittertind til "tur ein plass det er brukande ver". Vind og meir vind i alle fjellområde. Etterkvart som vi somla vart og "innanfor køyrbar radius i kveld" eit kriterie.

Gjendesheim

Grei frukostutsikt det her.

Sterk vind i fjellet. Vi la turen innover Gjende. Det kvite der er snøfokk som vi fekk midt i fleisen i varierande grad i ca 9 km. 

Fjellfie heiter det vist. 
Med solfaktor 50 i tillegg til denne påkledninga vart det så som så med påskefargen.

Besseggen der oppe

Memrubu ligg omlag midt på vatnet, og idyllisk til. Vi fekk eit glimt av Surtningssue (fjellet) bakerst der og.  

Det vart innelunsj på Memrubu gitt. Flott utsikt likevel. 

Retur på vatnet

Stakande med vinden i ryggen gjekk det leikande lett nokre kilometer tilbake på vatnet. Stemninga steig mange hakk. Vi starta på Leirungsdalen og det var artig med ein liten motbakke. Flatare mark enn Gjende vinterstid skal ein leite litt etter. 

Therese: DIT skal eg - med nyeskia!

Lidun køyrer yoga

..og eg nyttar høvet til å hoppe litt (Foto: Lidun Hareide)

Vips - ferdig med Leirungsdalen! Godt føre og artig strekk.

Påskefjell slik det skal vere. Nydeleg!

Både eg og Cecilie var i godlune. 

Ski på Valdresflya. Stengt veg og strålande skiføre. Her var det berre å suse nedover!

I alle fall til hit... Så var utfordringa å komme seg opp på skiløypa på kanten då.

Det var ein god plan å ta siste strekket på skiløypa langs vegen. Det var berre ein hake med det. Det var eit strekk til... Smøringa satt dårlegare, skare og drittsnø, lang i armane og tung i beina. Klokka gjekk. Det einaste som heldt farten oppe var trua på ein 3-rettars middag i enden. 

E6-skiløypa tilbake til Gjendesheim. 

Veldig kjekt å sjå hytta på andre sida av elva. Ikkje nok med at vi rakk middagen, men vi rakk ein lyndusj og! Salige og rolege etter ein finfin dag på ski i fjellheimen var det lett å nyte kortreist mat i tre omgangar med alt tilbehør. 

Vi runda av med solnedgangen frå peisestova. 

Mat og service på Gjendesheim var berre strålande. Betjeninga var hjelpsame og 100% på. Heile tida.

Ruta for dagen. Flatare vert det ikkje!

25 km med 13 kg på ryggen. Vi vog sekkane på slutten av turen. Eg var svært nøgd med eigen innsats! Styrketrening i vinter har gjort det betydeleg lettare å bere sekk.

Det var berre ei lita hake. Eine compeeden hadde glidd av i løpet av dagen. Den hælen såg ut som eit katastrofeområde. Etter å ha berga to dagar på ski så gjekk det altså skeis den 3.

AUAUAU. Dette er to dagar etterpå, vel heime att. 

Veit ikkje om eg lære så mykje nytt av "Ekspedisjonsskolen: Slik unngår du gnagsår" men det er ei grei oppsummering av førebyggande tiltak der. Neste gong vert det test av brødposar i skoa, og ekstra taping av compeeden. 

søndag 20. april 2014

Palmehelg med pulk på Danskehytta

11.-13. april. Testtur og trening. Palmehelg, påskeferie og pulk. Alle møttes i Stryn med perfekt timing, og starta med å lempe ut utstyr i Hamsevika på Grotli i nitida på fredagskvelden.

Litt styrete å få alt på plass. Blåtimen burde brukast betre enn til pakking..

Vi gjekk kanskje ein heil kilometer innover i Hamsevika før vi slo opp telta på det som skulle være ei myr, og som i alle fall var flatt og greit nok for natta. Det vart mørkt, og eg var i grunn klar for køying. 

Dei andre tenkte litt annleis, og brått vart teltet invadert av bursdagssong og ballongar.

Bursdagsparty!

Det var koseleg med kake, gåver, ballongar og smågodt, så legginga vart lett utsett ei stund til. 39-årsdagen med dette feira!

Campen laurdag morgon

Vi braut alle reglar denne dagen. Stormkjøkken inne i teltet, og bilde før frukost...

Første snackpause. Nokon har erfaring og kan kle seg for pausing.. Vi andre skaffar oss erfaring.

Vi starta dagen med navigering med kart og kompass frå Hamsevika og opp mot stikkaløypa (ca 3 km). Det var grått men grei sikt. Likevel vanskeleg å navigere i kvitt landskap. Vi starta å gå med framdriftsmønster. 

Stikkaløypa

Verda vart kvitare og konturlaus. Det  var greit å komme inn på den merka løypa. Eg kjende hovudet koke av å tenke terreng, kompasskurs, dra, slite og verte meir og meir "blind" etterkvart som alt gjekk i kvitt. Vi klarte ein kjapp lunsj på ca 25 minutt utan å fryse spent fast. Det var ikkje så kaldt i grader, men vinden gjorde sitt til å kjøle ned. Med pulk pakka for langtur vart eg i overkant svett og varm i bakkane, og tilsvarande iskald i pausane. 

Innbinding

For å krydre turen litt når det begynte å verte utriveleg oppe på høgfjellet, bandt vi oss inn i taulag. Ikkje alle hadde terpa knutar heime, og tolmodet når ting tok tid og fingrane fraus var ikkje heilt på topp. 

På med redningstauet!

I taulag mot Danskehytta. Tvilar sterkt på at nokon har gjort DET før oss. 
(Foto: Lidun Hareide)

Dei siste tre kilometrane i taulag og med oppoverbakke var grisetungt. Eg gjekk først, og brøyta spor i tilegg. Vi brukte urimeleg lang tid. Det var greit å komme fram. Hytteverten var entusiastisk, positiv og servicen var på topp. Nykokt kaffi og noko i glaset vart servert før vi omtrent fekk av oss skia. Det var ein hyggeleg velkomst, og all ære til folk som brukar ferien sin på å være hyttevert for DNT. 

Vi tok middagen på hytta, drilla knutar og venta til det var mørkt og kuling med å gå ut og sette opp telta. 

Blåtimen ved Danskehytta.

Vi hadde klarert bruk av tunet til telting, og eg var glad vi hadde ein plan B tilfelle teltet for. Det kom nokre skikkelege vindkast gjennom natta, og snøen fauk i store fine fonner bortover tunet. 

Telta stod like godt om morgonen. Varmt og godt og komfortabelt inni teltet, sjølv med snøfokk og vindrosser ute.  Litt graving etter pluggar vart det, men vi fann alle!

Klar for avgang. Masse nysnø. Slike dagar vert det i alle fall framdriftsmønster! 15 minutt i front var lenge, men belønninga i form av å gå bakerst ei stund var vel verdt det. 

Nedover med pulk er utfordrande... (Foto: Lidun Hareide)

Oppover med pulk er utfordrande.... (Foto: Therese Moe Øye)

Slik gjekk no dagen. Vi hadde vinden mykje i ryggen. Verda var kvit. Snø var det i mengder overalt til ei kvar tid. Vi landa i Hamsevika som planlagt og læringskurva mi var høg gjennom heile turen. Det vart ein god test og gjennomkøyring dette.

Turen vart ca 19 km t/r.

Danskehytta freistar til fleire besøk, gjerne på sommaren og gjerne med utsikt neste gong!

fredag 11. april 2014

Våryr på Godøya

9. april var ein nydeleg kveld - og etter meldingane den siste på lenge. Her var det berre å komme seg ut, og eg hadde lyst på Storhornet. Lenge sidan sist no. 

Etter første motbakken frå Gjuv er det berre å velje og vrake.

Storhornet - siste kneika

Du veit du er på Sunnmøre når....til og med utsikta er sponsa!

Nydeleg utsikt til Ålebyen og Sukkertoppen

Eventyrlandet Alnes stikk ut der nede

Over mot Vartdalsstranda og Ørsta. Her ligg turmåla utover våren på rad og rekke..

Lesten nærast og øyane i Herøy. Soria-Moria-stemning. 

Vårblomane er i full gang. Langs stien ropa kusymra framleis om merksemd medan kvitveisen hadde teke kvelden.

Eg kom ned att omlag ved solnedgang. Skal tru om eg får med meg sola i havet om eg stikk til Alnes? Ein liten avstikkar på vegen heim kunne by på dette:

Alnes - bygda i solnedgang

Sola i havet. Kajakkgjengen er klar for surfesesong. Dette vert ein bra sommar. Alnes ventar på oss.

Solnedgang over i blåtimen. Fyret er på post, og vert snart tent. 

Herleg kveld på Godøya. Trim i motbakkane og store opplevingar med flott utsikt og vår i lufta. Våren er berre den aller kjekkaste årstida! Måtte vi få mange slike kveldar framover.

onsdag 9. april 2014

Skjergard i nabolaget - Kalvøya rundt

8.april. Plan A og plan B. I ausande regn og blikkstille tek vi siste avgjerda: Vi trur på yr.no som seier at det bles opp, og går for plan B - innaskjers. Området rundt Kalvøya har vore oppe til vurdering fleire gonger, men eg har altså ikkje vore der før. Det er eit litt skjerma området mellom Valderøya, Ellingsøya og Haramslandet (Søvika).

Hurtigruta i leia. Vårt mål for dagen er holmane i bakgrunnen der.

Gråver har ein viss sjarm, i alle fall når ein har komme så langt som inn i tørrdrakta og opp i kajakken. 

Kjeholmen. Liten, men akkurat stor nok til eit eige hus. Her vart vi liggande lenge. To leikne selar var opp og ned og rundt og att og fram ei god stund. 

Det vart litt snirkling mellom holmane, og det var mange små holmar og skjer. Vi snakka om sol, bikini, bading og idyll. Det var eit skikkeleg fint område, med stort potensiale også på ein knallfin sommardag. Dei største holmane var bebygd. Nokre øyer var fråflytta som Torholmen. På Kalvøya bur det framleis folk (15 stk i 2012). 

Gråtass i tunet på Torholmen

Kult tre på Kalvøyholmen. Kva treslag er dette?

Matøkt og rast på Vikholmen. Utsikt mot Søvika og Gamlemsveten i Haram

Etter meldinga skulle det blese opp i seks-sjutida. Vår plan var å ete medan det var fint og vere opplada og klare til motvind heim. I det vi skulle sette kajakkane på vatnet kom vinden (klokka 18.30). Frå null til friskt på ca 2 minutt. 

Veromslag..

Fin padling!

Motvind tek meg mentalt, og eg vert sur og lei. Det som er fint er at Ragnhild er like blid. Så då er det begrensa kor sur eg kan bli. Samstundes så er det mykje kjekkare å padle i sjø som bevegar seg. Lyset og skifta ved veromslag er fasinerande. Det var ikkje meir motvind enn at det gjekk heilt greit. Holmane låg tett innover, så det var mange "etappemål".

Litt snirkling vart det her og..

Lepsøya (Plan A) i nydeleg kveldssol der borte - kanskje neste gong?

Skipstrafikk er ganske vakkert..
( Høydal (døpt i 2012) var då verdas første gassdrevne lasteskip. Det betyr at skipet har 90 % reduksjon i utslipp av NOx og 25 % reduksjon av CO2 samanlikna med tilsvarande skip med tradisjonell dieselmotor. Kan frakte opptil 2200 tonn fiskefor)

Vi kryssa leia inn att og tok sjansen på å komme før ein båt (Høydal) som var laaaangt unna. Det gjekk fint. Vi hadde snakka om avdrift på veg utover, men sette likevel kursen rett mot vinden, til naustet vi gjekk ut i frå. Sjølv om vinden var ganske rett på, var den nok på skrå til at vi enda fleire hundre meter nordom der vi hadde tenkt. Det der må eg altså jobbe litt med framover. 

Sidan vi hadde fått opp pulsen (motvind + skipslei med båt) og var gode og varme var det ingen grunn til å ikkje ta aprilrulla. Høgre side - check, venstre side - check. Kan snart ikkje kallast vrangsida meir. Så glatt gjekk det. Neoprenhette ja, men det isa i skallen, og det var kaldare i sjøen her inne enn ute ved Synnes i mars (reint subjektivt..).

Eg var strålande nøgd med turen, og oppdaginga av ein heil skjergard i nabolaget. Her er det fleire rundar og matøktholmar som må utforskast! Takk for turen, Ragnhild!

Kart - klikk for større. Runden vart ca 14 km lang.

Opplevinga i "terrenget" stemte godt med vindmålingane på Vigra 8. april. 
Middelvind i kolonne 7 og maks vind i kolonne 8.