Nuka'en og eg er klar til å erobre verdsarvfjorden
Geirangerfjorden - fantastisk klisje eller oppskrytt fjordarm?
Sjølv eg må innrømme at det var veldig fint innover fjorden. Det er ein heilt fantastisk og spesiell natur her. Som padlar er det tre ting som held deg i aktivitet innover fjorden. Sjå/ta bilde av: Store passasjerskip, fråflytta gardsbruk og fossefall. Lat oss starte med gardsbruka:
Tore i fint driv forbi Matvika
Tor Inge på veg til Syltavika og lunsjing
Sidan vi hadde med oss fleire lokalkjente så fekk vi litt info om dei ulike gardane. For alle andre vil eit søk på "Storfjordens venner" vere ein fordel.
Store passasjerskip:
Trude og hurtigruta. Trur det var best stemning ombord i kajakken.
Dobbelskip vs dobbelkajakk. Liv Ingunn og Astrid padla i takt heile dagen, og var eit velsmurt maskineri.
Dei omlag 50 andre bilda eg har av ulike skipspasseringar kan synast fram til spesielt interesserte. Merkeleg kor mykje meir interessant det var å ta bilde av dei PÅ fjorden enn å sjå etterpå?
Over til: Fossefall
"De syv søstre"
Mange slags turistar var ute etter å sjå på dei fine fossane langs fjorden.
Sjølv med godvilje kom eg ikkje til meir enn 6 søstre i dag, men det finst våtare dagar, så tvilen får komme fossefallet til gode.
"Friaren"
Rett ovanfor søstrene står den forsmådde friaren som slo seg på flaska. Flaska kan du tydeleg sjå i fossen. Du trur kanskje at dette er ein liten fillebekk?
Små padlarar i stort landskap
Mildrid og Trygve i dobbelkajakk. Snart berre sjarmøretappa inn til Geiranger. Som eg vil PADLE SJØLV!!! (jf. Trygve)
Frå fossefall til forfall:
Jon Oli ved tagginga.
Då vi nærma oss Geiranger var det som om vi mista litt av roen. -Når går ferja, padla på.. Fjellveggane var tagga ned, det lukta dieselrøyk og småbåtane med påhengs laga leven. Kvelar turistane den naturen dei eigentleg er her for å sjå?
Geiranger sentrum.
Kven er det som er ute av proposjonar? Turistane eller turistmjølkarane?
Bakerst innerst ligg den originale naustrekka. Heldigvis.
Vårt bidrag til galskapen: Tørrdrakt-kajakk-kortesje i sentrum.
Takk for følgjet og ein flott tur!
Fjord1 gjorde returtransporten av folk og kajakkar til ei enkel sak.
Her gjekk turen og vi padla ca 22 km
(klikk på kartet for større utgåve)

























































