Leirvågfjellet på Sula, mot Langevågen, Sukkertoppen og Godøya.
Sidan mange av desse turane er korte, så har vi innført begrep som "dobbel" og "trippel".
Vestlandet er praktisk med at det i store trekk er ei årstid. Vår, sommar og haust 2012 var igrunn 13 grader og overskya. Goretex med ull under funkar difor så og seie alltid.
Trollet ved Mauseidvatnet (til høgre).
Vonhytta og nordover
Varden på Blåfjell. Meg og Beate
Det er overraskande fint på Sula. Variert natur og godt tilrettelagt for friluftsliv. Ein kveld var vi 4 stk på tur og "tok" faktisk 4 postar: Taustua, Vardane, Svanshornet og Fiskarstrandhyttene. Ein kvadruppel.
Skikkelege vardar på Vardane!
Juhuuuu!!! Trippeljump på Sula.
Frå Vardane nedover mot Svanshornet (ryggen på midten). Fint terreng. Lett å gå. Svartestille og knott. Så mykje knott at det verken vart bilde eller kartsjekking.
Fiskarstrandhyttene
Kilometervis strandvandring proppa med kulturminne utover mot Kalvestad
Kristine demonstrerer storleiken på vikinglanghusruinane - Kalvestad
Haustfargar
Vinterarbeidstid, mørke kveldar. Det er snart slutt på tida då ein rekk ein fjelltur etter jobb. Det er ikkje fleire søndagar att til å gå på Eltrane.
Anne Marte og eg tek eit siste raid på Sula. Postane på Gjølevatnet og Vassetvatnet vert erobra med våte sko, full vanntettmundur og hovudlykt i reserve (ein mørk og regnfull kveld). Oktober er slutt. Sesongen er slutt. Denne sesongen i alle fall.
- Har du ski? spør eg Anne Marte. -Jepp, svarar ho. -Nedoverski og bortoverski!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar