Viser innlegg med etiketten Skulptur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Skulptur. Vis alle innlegg

mandag 17. juli 2017

Sømna, Brønnøysund og Torghatten

17.-18. juli Torghatten har stått på ønskelista lenge, og eg har aldri vore i Brønnøysund før, med unntak av eit kort stopp med Hurtigruta i mai. No var det ver, eg hadde tid og då vart det sightseeing!

Torghatten sett frå Hurtigruta. Klart ein har lyst tilbake hit! 

Første glimt av Torghatten i juli frå fergekaia på Vennesund

Sidan det er ferie, så kan ein gjere merkelege ting, som å stoppe på kaia etter å ha køyrd AV ferga. Eg "samlar" på skulpturlandskapa i Nordland, det var sol, og eg var nyfiken på kva Sømna kunne by på. Det er ekte luksus å ha eit hav av tid og fridom til å berre stoppe, vere og sjå.  

Jaha? Kva er dette for noko?

Haiku var blitt til Hai Ku Badekar - og eg vart fnisete, litt irritert og nyfiken på ein gong. Full pott til kunstnaren der altså. Link til nærare omtale av kunstverket. 



Vidare langs stranda gjekk det sti til Olavskjelda. 

Helande krefter i vatnet?  

Eg hadde ikkje noko akutte lidingar som eg kunne teste kjelda på. Dette skal vere den nordlegaste Olavskjelda, og er nemnd i skriftlege kjelder allereie i 1598. Stien var grei, men litt kronglete og nesten som å gå i ein jungel for å komme opp siste biten. Imponerande klårt vatn i bergsprekka. Skal tru kva "Olav den heilage" hadde tenkt, om han viste at vi 1000 år seinare freda alle plassane han var tørst og fann seg reint vatn å drikke?

Det lei mot kveld og eg tura vidare mot Brønnøysund og ein fin stad for villcamping på yttersida av Torget.  
+-
 
Sjølvaste Brønnøysundet



Hengekøyeliv - eg kan venne meg til dette..


Neste dag var nydeleg og tema for dagen var enkelt: Turist på Torghatten. Eg leikar ikkje turist, og det vart både igjennom, oppå og rundt.  

 

Artig å gå gjennom holet, det var imponerande. Stor kontrast mellom rå bergveggar og frodig vakkert kystlandskap utanfor. God sti og mykje turistar. Det var diverse postar på veg opp med geologisk informasjon - som gjorde det endå meir interessant.

Sti til toppen rett opp her - svabergvandring i ca 200 høgdemeter. 
Langt færre turistar her, men for ei utsikt!!!

Panorama frå toppen. For ein kyst!! Det klødde i padleturlysta. 

Her var det så flott at eg måtte "ta ein Gustav" og sitte lenge. 

Frå turstien som går rundt heile "hatten"

Grusveg rundt heile med ein avstikkar til minnesmerke frå flystyrten i 1988 der 36 menneske omkom. 

5,5 km rundt på flat grusveg. 
Ca 2,5 km t/r opp på toppen og dryge 200 høgdemeter

Før kveld i leiren måtte eg kikke litt nærare på Brønnøy sitt skulpturlandskap - Steinar Breiflabb som ligg midt i leia! Litt vanskeleg å sjå han frå land, men eg hadde jo vore på hurtigrutetur og fotografert før... Denne skulpturen er klart kulast å sjå frå båt. 

Ikkje ei steinrøys, men Steinar Breiflabb. 

Arkivfoto frå mai 2017 på Hurtigruta.

Brønnøysund/Sømna er eigentleg ganske likt heimkommuna mi og landskapet ved Hustadvika med strandflatene, landbruksbygdene og kystfjella. Skjergarden utanfor skil seg kraftig ut - og den står på ønskelista til neste gong. Elles var inntrykket trivelege kafear, god turistinformasjon og hyggeleg by - hit kjem eg gjerne att. 

tirsdag 5. juli 2016

Turist i eige land - Flakstad og Reine

5.07.16 TILBAKEBLIKK

I Lofoten treng ein ikkje langt frå bilen for fine opplevingar. På ein halvgrå skiftande sommardag, og ein stk lungebetennelse vart det sightseeing med bil, og ein strålande flott feriedag i godt lag.

Flakstad kyrkje

Skulpturlandskap Flakstad



Innom Smeden i Sund er obligatorisk..

Skarv i produksjon

Hamnøy og Olstind

Glåpen fyr

Mosken og Værøy

Rorbuene på Reine

Fotopunkt av ein grunn - Rein(e) idyllen. 
Det vert liksom aldri oppbrukt heller det motivet her.

mandag 4. juli 2016

Turist i eige land - Unstad og Eggum

4.07.16 TILBAKEBLIKK

Surf på Unstad, midnattsoltur på Eggum og eit par skulpturlandskap langs vegen. Innhaldsrik feriedag i godt lag. Gode minne og lading av batteria. Kristin lånte fotoapparatet og har tatt alle bilda av surfing og surferar.

Surfeturist på Unstad

Så var det å komme seg ut her då...

Mildrid og meg i godt driv! Fine bølgjer, passeleg store, men framleis litt vanskelege å fange..

Surf.....! JUHUUUU!

Mildrid loopa med greenlanderen, men det fekk vi ikkje bilde av. Kult å sjå på, og det gjekk veldig bra med både dama og kajakken - enkel rulle og "back in business". 

Ein surfar går i land..

Tøffare vert det vel ikkje? Kudos til fotografen med godt blikk! 

Då vi var ferdige skein det opp og vart reine syden. Flott på Unstad. 

Kristin. Fjellet bakerst er Skolmen og Meskolmen. 


Kvelden vart så flott at vi køyrde ut på Eggum. Der er det fint å rusle, sjå på havet, midnattsola og hovudet. Hovudet tykkjer eg er eit av dei aller kuleste skulpturlandskapa i Nordland. Vert aldri lei av det, og har ikkje klart å telje opp kor mange ulike profilar ein faktisk kan sjå. 

Foto: Kristin
 



     
Midnattsol - nesten. Klokka 23.50

 
Midtsommarblomar med magiske krefter

Pastell mot Vesterålen frå borgja. 

Midnattsol på ordentleg: klokka 0.20

Køyreturen heim var heilt fantastisk. 
Stilt, lyst, ingen turistar (utanom oss) og Lofoten på sitt aller, aller vakraste,