Viser innlegg med etiketten Vestvågøy. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vestvågøy. Vis alle innlegg

lørdag 4. februar 2017

Smortvarden med Siri (585 moh)

4.02.17

Vinteren ville liksom ikkje heilt sette seg. Både Siri og eg hadde haugevis med arbeid og potensielt stress. Vi klarte likevel å finne nokre vindauge med sol og flotte akkurat passe lange turar denne seinvinteren. Livskvalitet og stressmeistring!


Eit gløtt av sol, snart på det høgaste for dagen

Vårleg i bakkane

Nydeleg, sjølv om det var litt meir snø enn vi hadde rekna med. 

Siri fann vegen og eg kom dinglande etter raud og andpusten i bakkane.  

Varden på Smortvarden i sikte!

Mot Haveren

Er det Vikjordtinden?

Gimsøya med Hoven

Lettare å gå heim att i egne spor. Batteria på lading heile dagen!

Gode minne frå nok ein gulltur i Lofoten!


lørdag 19. november 2016

Premiere-tur med fjellsportgruppa til Heimredalsblåtinden (622 moh)

19.11 PREMIERE! NY FJELLSPORTGRUPPE!
Eg har dingla mykje med folk frå Lofoten Turlag i år. Denne helga fekk eg være med på turleiarsamling og årsplanlegging. Flett nytt initiativ er opprettinga av fjellsportgruppe, og gjengen tok like godt den første turen med ein gong! Eg var ikkje heilt førebudd, men etter mottet "ein angrar aldri på ein tur" vart eg no med. Dersom du er interessert i litt spenstige turar er det altså berre å følgje med på turprogrammet og fjellsportgruppa til Lofoten Turlag.

Med start på Eggum sette vi kursen mot Blåtinden (622 moh).

Målet i kvitt bakerst. Det såg heilt uoverkommeleg ut. Mjuk start på dagen innover anleggsvegen

Rett opp røyrgata betyr faktisk: Rett opp røyrgata

Nedre Heimredalsvatnet og morena på Eggum

Det som såg ut som ein vegg då vi starta viste seg å være ein dal og variert terreng. 


Øvre Heimredalsvatnet og nærare målet no. Fjellet såg framleis heilt uoverkommeleg ut. 

Siste demninga på øvste vatnet

Det vart bratt og det var kjekt med broddar. Eg var inne på tanken på å snu midt oppi her. Foto: Ylva Asker

Vi kom oss opp innanfor akseptable rammer. Vi såg på kvarandre og gliste; Brukbart. For meg var det ein personleg siger. 

Gjengen på toppen

Lekker utsikt, og mystiske spor.

Ylva har det meste i sekken - og kva passar vel betre enn flagg og feiring på toppen? Det var trass alt premiereturen!

Stine i flett nytt DNT-antrekk

AHA. Det er ei naturleg forklaring på det meste

Flott utsikt til alle kantar. Nemnde eg det? 

Teambilde for dagen. God stemning! Foto: Stine Sørvang

Flott utsikt, og nesten meir spektakulært då skyene seig innover. Foto: Stine Sørvang

Vi fekk fart på oss, og kom oss nedover. Eg grua meg litt, men det gjekk veldig greit å komme seg ned. Over all forventning faktisk. Bra team på tur! 

Tilbakeblikk på toppen. 
I bratta gjekk vi opp og ned ei linje rett under pila. Det ser heilt uframkommeleg ut, men var faktisk innafor. 

Dersom du er interessert i litt spenstige turar er det altså berre å følgje med på turprogrammet og fjellsportgruppa til Lofoten Turlag!

Eg har dessutan plukka opp eit par veldig gode triks til korleis ein kan drive effektiv og sosial turplanlegging som eg skal "selje dyrt" til ÅST neste år. 

fredag 19. august 2016

Haveren - heilt til topps (808 moh)

19.08 Oppstart på alle vis etter sommaren. Kollegaturen gjekk til Haveren, 4. høgaste topp i Vestvågøy kommune. Vi tok oss tid og nytta ein av dei siste sommardagane med varme i sola. Fine folk og fin utsikt. Betre vert det ikkje.

Pust i lia - og teknisk stopp.

Fin sti i bratta, greit å gå og meir enn varmt nok i skuggen

Oppe på platået mellom Lisjehaveren og Sletthaveren. Fræna-kjensle her oppe. Lett å gå og topp utsikt. 

Vestvågøy med bygda Vestersand rett ned  og Eggum bak til høgre.

Borgvær

Sjarmøretappa fram til toppegga.

Rykta gjekk om litt luftig toppegg, så vi var spent på kva som venta

Flott egg og ikkje spesielt luftig. Heftig terreng, men god sti og nok plass til begge føtene

Egga bort til varden

Teambilde!!
 Jepp. Klare for ny sesong. Opplada batteri, god tru og godt samhald. Det vert dynamitt framover. Denne kjensla tek vi med til mørke haustdagar med striregn og kuling. 
Det var kjekt å komme seg heilt på toppen. 

Ryggar på alle kantar. Her er det mykje potensielt turterreng.

God stemning ned att og!

Mot Bø

Gjennom enga med sau og gås på alle kantar - fin start og slutt på turen

Haveren har blitt ein av mine favorittar i Lofoten! Artig og variert tur og fin utsikt. 

tirsdag 16. august 2016

Ballstad rundt i kajakk

16.08.16 TILBAKEBLIKK

Merete inviterte til Ballstadpadling, og vi fann oss ein fin kveld i august. Turistpadling i hamna og utsjekk av gamle fyrtufter på Svinøya var planen, med test av tørrdrakt undervegs.

Merete med "byfjellet" Skottinden i bakgrunn

Innover mot Hattvika

Her har det vore hamn og fiskevær i  minst 1000 år, og framleis er det eit aktivt fiskerimiljø. Ballstad slipp er ei av dei største verksemdene i hamna. I tillegg er det ein del turisme og utleige her. Ballstad har i overkant av 1000 innbyggarar og dei innfødte eg har møtt er veldig glade i og stolte av bygda si.

Under brua i Kremmarvika var det sterk straum og mykje artig å sjå.   

Vanleg korstroll (sjøstjerne)

Sjønellik (t.v)

Svartstjerne (slangestjerne)

Dødmannshand (blautkorall). Foto: Merete

Lykta på Svinøya erstattar fyret som stod her til 1956

Murane står att - husa vart seld då fyret vart lagt ned. 

Ballstad fyrstasjon. Foto: Kystverket

Værøy til venstre, Mosken og del av Moskenesøy til høgre. 

 Mot Mortsund

Flakstadrekka i all si prakt og Brurstolen (t.h)


Det vart blankstille, blåtime, solnedgang og måneskinn på ein gong. Vi vart aldeles andektige på
heimvegen.  


 

10 innhaldsrike kilometer

Dessutan fekk vi plusspoeng for å øve på redning. Merete demonstrerte også imponerande balansekunst, då ho berre steig frå berget med ein fot ut i kajakken og sette seg elegant ned. Note to self: heim og øve opp balansen!