Sesongopning for padling med gjengen på jobb. Sidan dei påmeldte hadde litt padleerfaring for vi ut til Giske sjølv om det var nordavind.
Klar for tur!
Terje var pådrivar, Trude stilte med smittande begeistring medan Bjørn og eg tok rolla som dei nøkterne deltakarane denne kvelden. Straum og nordaustvind som drog i ulike retningar gjorde at eg var litt meir skjelven enn eg har vore på lenge i kajakken. Vi held oss på le-sida og satsa på kvalitetstur framfor kilometer.
Ut mot havet! Livskvalitet å få nyte kveldane her ute.
Måsane på Kvalneset. Røffare sjø på nordsida av neset, så Giske rundt får bli neste gong.
Kvalneset (og forsåvidt heile øya Giske) er eit prakteksemplar av ei morene. Dessutan stinka det "daud-kval-aktig".
Alnes låg på andre sida av fjorden, og såg ut som ei fiktiv eventyrbygd i kveldssola.
Fjøresnirkling på veg heim.
KYBIL-padlesesongen er i gang! Kanonfin kveldstur! Måtte det verte mange i løpet av sommaren!
Artig å ha med spesialkompetanse på padletur. Til saman hadde vi full kontroll på skiltreglar, installasjonar og reguleringar i sjø, aktivitet i region Midt-Norge, forvaltningsplan for Nordsjøen og kva som skjer på vindkraft til havs for tida. Moloinspeksjon er ein naturleg del av tur med denne gjengen..
Her var vi på sørvestsida av Giske. Turen vart ca 6 km og vel ein time lang.
Kjekt at det er så variert vannsportmiljø på Sunnmøre. I Borgundfjorden var det regatta med seglklubben, roklubben var i aksjon og turpadlelaget hadde lagt ut med kajakkane eit par timar før oss. Når vi kom ut på Giske var det ein 4-5 kiterar i sving.
Utruleg fine bilete du fekk frå denne turen óg! Ja, eg syns dette var kjempekjekt!
SvarSlettIngen kan kjenne seg trygg når kystverket har starta inspeksjon frå kajakk.. .-) Det blir sikkert ein suksess. Kjem jo heilt nær alle sjømerker og under alle bryggar.
SvarSlettSå herlig blogg! :) Kjekt å se at dere har vært på padletur ute i øyene her - jeg bor i Florø ;) Det er litt av et eldorado og mange likesinnede. Skal endelig få min "jomfrutur" i kajakk om ikke så lenge, gleder meg som en unge, he-he!!! :P
SvarSlettHa en flott torsdag videre! :D
Hm, jeg må jammen sjekke om du har falt ut av blogglista mi eller noe. Har skjedd flere ganger nå at jeg andre steder har ramlet over innlegg i bloggen din som jeg ikke har fått med meg. Pussig.
SvarSlettMiamaria/Lene: Eg trur det har med den datoen du sett på innlegget ditt. Viss du ventar med å skrive blogginnlegget, og så skriv inn den datoen turen var, kjem det langt ned på lista. (Innlegg- lista er ordna etter dato. Dei nyaste først.)
SvarSlettSikkert lurt å skrive dagens dato, uansett..