Klare for action!
Kystverket har stor variasjon i flåten.
Seglbåtane på veg inn etter regatta - no er det vår tur!
Hurtigruta ut Breisundet
Snirkling ved Tyskholmen
Blid gjeng!
Veldig artig å treffe nye kollegaer og sjå andre sider av dei eg jobbar i lag med til dagleg. Det er kjekt å vere på sjøen i lag, og oppleve byen frå ukjente vinklar. Koseleg! Nokre gode historier, veldig mange gode spørsmål, og eit par fine A-HA-opplevingar på fleire. Lovande padletakter. Eg håpar resten av gjengen hadde det like bra som meg.
Ingunn hadde lånt seg tørrdrakt og eg hadde lova å vise ho litt om redning. Vi runda av med kameratredning og eigenredning. Det gjekk som smurt, og det er greit å sjå for alle. Eg har ambisjonar om å lure med dei fleste på å prøve redningar i løpet av sommaren.
Vi padla ca 3 km
Takk for ein flott kajakk tur!!! Flink kajakk instruktør du Lene som til og med overraska oss med smil, utpå sjøen:-) Helsing fersk kajakkpadler:-)
SvarSlett