tirsdag 25. august 2020

Augustnatt i naturen

17.-18. august 

August var feriemånaden for oss begge, og avviklinga var passeleg usynkron. Natt i naturen er prioritert, så vi fann likevel eit felles hol i kalenderen. Ein varm og disig augustkveld satsa vi på bynær camping ved Sukkertoppen. Vi hadde sett oss ut denne plassen på ein hustrig vintertur for nokre år sidan. Det var kortare, enklare og tørrare enn eg hugsa, men meir gjengrodd (med lauv på trea).  

Ålesund

Trekroneutsikt frå køya. Fasinerande. Kvar gong. Lurt å teste om køya heng beint nok medan det er lyst. 

Camp

Det var tidleg på kveld, og vi tok turen til toppen for å få med oss solnedgangen. Ikkje det store lysshowet denne kvelden, men fin tur. Herleg å vere ute i T-skjorte til langt på kveld.
 
Kva kan det verte ut av denne solnedgangen? 

Synnøve på toppen!

Ålesund - by night. Brukbar utsikt å slumre inn til...

Vi vart sittande med snop og prat litt utover. Det har vore eit rart år. På desse "natt i naturen" - turane våre har vi hatt ulike forhold og oppsett kvar gong. Mørkret senka seg. Sommaren er på hell, det er tydeleg! 
Det vart ei varm natt. Inga frysing denne gongen! Bylydane susa i bakgrunnen. Eg vakna fornøgd og utkvilt, og vi rakk kaffi og havregraut før vi for på jobben. Kvalitetstid i kvardagen. 

Soloppgang frå køya

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar