onsdag 28. oktober 2020

Oktobernatt i naturen

 23.-24 oktober Den eine solskinnsdagen etter den andre har passert i oktober, medan eg har vore oppteken med jobb og plikter. Uroa auka. Korleis vert det med oktobernatta? Vi satsa kortreist og kom oss endeleg ut. Ei ny øy i gamle Ålesund kommune vart utforska. I alle fall overnatta på. Det vart ein lun og vindstille kveld på Tørla. Vi var ikkje lengre frå bilen enn at vi hadde med rikeleg med tørr ved. Furuskogen egna seg godt for å henge opp køyene, og vi droppa tarp denne gongen og! Meir enn halve poenget med hengekøye er å sjå tretoppar og himmel. Ny metode med å tre fjellduken over heile køya vart testa, og det fungerte godt. Sjølv om det starta å regne i firetida vart vi ikkje spesielt våte i køyene. Det regna godt då vi stod opp, så frukosten vart i Fjelltunvegen.

Furuskog er best! 

Testing av fjellduk som trekk utanpå køya. 
Repetisjon av lysbruk. Same styret kvart år. Korleis verkar hovudlyktene att, og korleis stokke leidningar, batteri og stropper. 

God fredagsstemning! Tørla by night

Morgonperspektiv frå køya

Haust i skogen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar