søndag 20. desember 2020

Desembernatt i naturen

10.desember Flott ver - og vi heiv oss avgarde. Desember er full av så mykje, så vi pressa inn køyenatta mellom heimekontor, adventskalenderar, julepynting og oppfølging av sjuke folk. Sjølv om vi måtte tidleg opp for å rekke jobb neste dag. Vår aller første hengekøyenatt var i Borgundgavlen, så det passa godt å avslutte prosjektet der. No var vi betre kjent der ute og hadde ein perfekt lokalitet i tankane. Det var stup mørkt då vi la avgarde, men mildt og vindstille.  

Vi har vi blitt gode på å henge opp køyene! Synnøve ordna med festen - 12 av 12 turar var gjennomført!

Bål på tilrettelagt bålplass. Lysa frå Sula og byen i horisonten. Stjerner som gløtta fram mellom skyene.
"Villmark" tett på byen er gull verd!! 

Godt å vere ute. Fin prat. Vi kunne NESTEN ha bada. Puste med magen. 

Det vart ei superkomfortabel natt. Passe varmt. Perfekt høgde og vinkel på køya. No kan vi det!! 

Morgonlys til morgonkaffien.

Månen stod opp seint, men godt. 

Vi rusla oss ut av skogen forbi ei lyssett Borgund kyrkje i blåtimen før sola stod opp. 
Adventsstemninga seig på. 


Stor takk til Synnøve for flotte opplevingar og netter i naturen! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar