mandag 28. september 2020

Septembernatt i naturen

26.-27 september

Natt i naturen - prosjektet skrid fram, og vi var klare for 9 av 12. September har vore våt, og vi var førebudde på ei haustleg natt ute. Staden har vi snakka om sidan vi gjekk forbi i skiløypa i vinter. Tjønnebru viste seg å vere ein fin stad om hausten og. Her fann vi le for vinden, solide tre og sjølvsagt rikeleg med ferskvatn. Vi har blitt god på å plukke dei fine dagane, og har hatt litt flaks. 

Vi støtta det lokale næringslivet med bompengar, og prioriterte kos framom slit. Det vart difor med rikeleg med ved, mat og klede. 

Tjønnebru mot Mevatnet

Utsikt mot Akslevollvatnet frå køya

Eg blir aldri lei av hengekøyeperspektivet! 

Vi starta pent, med ambisjonar om indianarbål, og det heldt til både grillpølse og fajitas. 
Solnedgangen kjem tidlegare og tidlegare no, og skumringstimen vert lenger og lenger. Fin temperatur og etterkvart ein stjerneklar kveld...

Det var så flott stjernehimmel, at eg måtte sove med linsene på! Eg vakna eit par gonger og kikka opp i universet. Søvnen tok meg kvar gong, men det var nydeleg så lenge det varte. Her inne er det ikkje noko lysforureining, så natta vert ekstra klår, og stjernenen nærare enn nokon gong. Eg sov så godt at det måtte vekkeklokke til for å få meg opp! Septembernatta var sjarmerande behageleg.    

Køyene i skogen. Eg må finjustere vinkelen litt betre neste gong. Underlaget (og eg) seig litt nedover, utan at det gjorde så mykje akkurat denne gongen. 

Morgonkaffi i morgonsol smakar ekstra godt! 

For ein morgon! For ein dag! 

Vi hadde snubla i eit par kantarellar dagen før, så på heimvegen vart det sopptur. Synnøve hadde allereie fylt opp lageret, men det var mi første soppjakt for sesongen. Artig å finne kjente, trygt spiselege soppar med super kvalitet. Det vart ein skikkeleg bonus på heile septembernatta. 

Kantarell og piggsopp

Bra fangst!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar