onsdag 4. november 2020

Til topps på Hestmannen (571 moh)

8. august Eg var den einaste som var gira på topptur. Det vart difor solo morgontur. Litt over klokka seks starta eg i Storvika, og det var allereie FOR varmt. Første etappe gjekk i skuggen til bygda i Grønvika. Ikkje eit vindpust. Ute i åpnare landskap på stien festa sola grepet. Nye stader er alltid spennande! Eg fann skaret mellom Hestmannen (og kalla Hestmonkallen) og Ambåtta. Stien fann eg derimot ikkje, og gjekk då rett opp frå skaret. I etterpåklokskapen sitt klåre lys ser eg at det kan lønne seg å bruke litt meir energi (og gå over mot dyrkamarka på sørsida) for å finne stien. Med mitt vegval gjekk eg til ca 450 høgdemeter før eg kom innpå sti. Svett, varm, etterkvart vasslaus, men med ei makelaus utsikt!!! Toppen såg eg heile vegen, og spenninga steig. Kor bratt er det i toppen? Kjem eg meg opp? Samstundes var det ein liten kamp mot klokka, for eg hadde ikkje lyst at dei andre skulle vente unødvendig mykje på grunn av min egoistiske toppturtrang..

Første glimt av toppen. For å komme dit var det først sti i skogen

Tørr sandsti og veldig varmt. Tankane gjekk rett tilbake til Australia og bushvandring der i 1998. Surrealistisk!

Ein flik av Australia og cowboyfilm på Helgelandskysten

I skaret sulla eg altså litt, fann ingen sti, og gjekk rett på. Det var så krongelete der ei stund at det vart dårleg med bilde. Då eg endeleg kom opp over krattskogen feira eg med bildetaking og drakk opp resten av vatnet mitt. 

Ambåtta og resten av Nordland i bakgrunnen. Kult fjell ca 300 meter høgt. Neste gong?

Det var litt av ein motbakke, men det gjekk fort oppover og eg nådde den første av forsvarsinstallasjonane. 

Det brattaste partiet. Såvidt innafor. Ikkje mange metrane - og resten av turen var heilt uproblematisk

Ein liten egg og så var eg oppe! Fantastisk kjensle av meistring og fridom! 

....OG FOR EI UTSIKT!!!!

Nordover mot Rødøy

Lovund i sørvest

Beviset - meg og toppvarden på same bildet!! Jaggu kom eg meg ikkje opp på Hestmannen!!

Herlege Helgeland! 

Sørover, mot Lurøy, og det området vi skulle padle i seianare på dagen

Nordover, Hestmona "sentrum" og Rødøybassenget
  
Træna og Sanna lengst ute i vest

Rundskuefilmsnutt

Det er lettare å gå ned enn opp og returen var gjort på eit blunk. No kom eg inn på den eigentlege skiltinga mot Steinsvika og sette avgarde på det eg trudde var ein snarveg. Det vart ein jungeltur, og truleg ingen snarveg.  Heldigvis fann eg eindel blåbær langs stien som gjorde at eg berga livet. Eg var glad då eg såg campen og dei andre og klokka var omlag som vi hadde avtalt. 

Returen - og den merka stien såg lovande ut. Det vart bærtur. Bokstaveleg talt på alle vis. 

Basen vår. Ser du godt etter finn du tre kajakkar og to flotte damer på bildet! 

Verdas beste turvenner hadde då frukost nr to klar, med kaffi, bacon og speilegg og hjalp meg med pakkinga attpå. Meir service enn fortjent! Takk!  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar