torsdag 5. november 2020

Sydensol og syndeflod frå Hestmona til Lurøy (dag 5)

8. august Vekkeklokka stod på grytidleg. Den som vil på topptur før avreise må opp tidleg, men det er ei eiga historie. Varmen slo mot meg då eg drog opp glidelåsen på teltet. For ein sommardag! For ei utsikt!  Utpå formiddagen var vi klare for padling. Sydentemperatur og havblikk! 

I horisonten ligg Dønnamannen på rygg og snorkar, medan dei sju søstrene står i kø på badet..

Flatt hav - rett og slett. Nesten for varmt. Sommarpadling!  

Rett før vi for kom dei ei nise forbi i sundet. Vi padla oss på ein oter som tok formiddagsluren sin , og ein nyfiken sel dukka opp, alt i løpet av ein halvtime. Desse var dei einaste dyra vi såg på heile ferieveka! Fugl var det rikeleg av, og ekstra kjekt med ternene, dei er det ikkje mange av på Sunnmøre. 

Toppen på Hestmannen ser heilt uoppnåeleg ut frå denne vinkelen, men for nokre timar sidan stod eg på toppen! 

Hestmannen er alpin og rå sett frå vest/sørvest, medan fjellsidene er frodig og ugjennomtrengeleg krattskog. Hestmona er ei spennande øy! 

Sydenpadling, med fin veksling mellom ope hav, skjergard og utsikt til bre og fjell på fastlandet



Fastlandsformasjonane var fasinerande, og eg måtte leike litt med dramafunksjonen på kameraet. Lite viste eg om at veromslaget låg rett rundt hjørnet, og at mørke skyar vart ein realitet fortare enn vi hadde rekna med...

Beinstrekk og snackpause i Grytøvalen. Herifrå såg vi Hestmannen klårt og tydeleg. Ser du han, ridande mot venstre på hesten sin?

I løpet av pausa slo det om. Sterk vind, og truande skyer. Vi måtte kle på oss og finne ut kva vi skulle gjere. Brått var kosepadling blitt til krevjande motvindpadling og kryssing. Vi bestemte oss for å dra mot Lurøy uansett, og håpte på le for vinden i Lurøysundet. Kryssinga var slett ikkje gale og vi var framleis ved godt mot.  

Torunn midtfjords i Matskjærfjorden

Lurøysundet var smalt og langt med snaufjell og skog på kvar si side. Det kjentes nesten ut som vi var på eit fjellvatn i høgfjellet i Sør-Norge. I staden for le fekk vi effektane av vind-tunell og motstraum. Masse krefter og lite framdrift. Vi skjønte det etterkvart og gjekk på land. Real og kaffi gjorde godt, sjølv om "himlens sluser" opna seg. Vi kraup inn i kvar vår fjellduk og krøkte oss saman under den tettaste bjørka vi fann. Med stor ro slumra vi oss gjennom eit par timar med vindkast, krappe fjordbølgjer og tropisk regn. ALT vart vått, og fingrane våre gjekk heilt i oppløysing. Heldigvis var det ingen klaging (godt gjort!!!) og Torunn spretta smågodteboksen for å halde oppe moralen. Det funka knall. 

Vått i vått - men humøret er på topp etter smågodt! Foto: Torunn

Vi hadde ikkje lyst å padle i regnveret, men det var heller ikkje noko godt alternativ å bli der vi var - så då for vi vidare. Få kilometer, men det tok lang tid. Ikkje noko rom i herberge for oss. Violet Road hadde konsert på øya. Alt var fullt, alle var på fest. Vi fann til slutt ei grei vik, dragsa kajakkane på land, fann teltplass, og prioriterte le for vinden framom beint underlag. Eg trur vi var slitne alle mann etter ein lang dag. Eg måtte i alle fall mobilisere litt på slutten. Det kjentes ut som ei vekes tur, berre denne eine dagen.     

Kart med ruta for dagen fra Lene H. 24,4 km

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar