mandag 2. november 2020

Verfast på Rødøy (dag 3)

6. august. Verfast og verfast. Det var mykje vi ville sjå på Rødøy, og veret inviterte ikkje til padling; grått, vindfullt og trist. Damene ville altså vere att på Rødøy. Roger var oppe tidleg og padla aleine sørover. Frå no måtte vi klare oss på eigenhand.

Det er faktisk ikkje ein stor stein på stranda, men ein velutstyrt sommarferieturist på morgonvanding

Frukost i det grønne, etter å ha vinka Roger avgarde

Dusjing, vandring i eventyrskogen og ellers sjå kva Rødøy kunne by på, stod på programmet. Det var sti frå stranda og over til bebyggelsen, og vidare veg til ferjekaia på sørsida av øya. 

Til bygds, til bygds for å gjere oss reine!

Tam rein vandra gatelangs med oss

Skøytelegenda Hjallis var født på Rødøy. I parken midt på øya møtte vi både minnesmerke og lokale folk som fortalte mykje og levande frå bygda si. 

Døra i fjellet hadde vi sett då vi kom padlande dagen før. 

Her går det ei eventyrløype med ymse å sjå undervegs. Vi fekk både trim og eit godt inntrykk av naturtypen og kreativiteten på øya. 



Klokkargarden, som vi hadde store forventningar til. Dusjing og middag, i prioritert rekkefølge. 
Ein liten pakkpose med finkle og jålesaker var med i bagasjen. ALT vi får plass til i desse kajakkane altså!!

Du veit du er nord når fjæra ser slik ut! 


Rett ved leiren vår låg kommunen sitt bidrag til skulpturlandskap Nordland

"Indre følger ytre" av kunstnaren Per Inge Bjørlo

Flott plassert i landskapet, og med form og farge som set tankane i sving. 


Den geologiske historia låg også i dagen og satte tankane i sving. Dette skulle eg gjerne hatt meir kunnskap om! Striper og mønster og raude bergartar innimellom, både i løvefjellet og i svaberga. 





Om den geologiske historia vert for heftig å ta inn over seg, så har menneska og sett spor her. På Storsanden var det laga rekonstruksjon av steinalderbustad og informasjon om diverse funn frå skikkeleg gamle dagar - i vår målestokk. Eg går nok framleis for telt, men hadde klart ei natt eller to, om eg fekk ha med underlag og sovepose frå 2020. 

Sommar på hell

Nydusja og svoltne var det fantastisk å entre den staselege og ærverdige stova i Klokkargarden. Her hang det kunst frå nasjonalromantikken, med vekt på dei Nord-norske meistrane. Det var og eit bilde laga av Anders Askevold. Maten var god, servicen topp, og selskapet aldeles fortreffeleg! 

Kveite

Kvinnfolk

Kake

Rødøy har mykje å by på, og vi kunne sikkert vore her i fleire dagar. Eg kjem gjerne att! Etter ein innhaldsrik verfastdag lysna det til kvelden og vi runda av med midtnattsvandring på Storsanden. 

Ikkje spør - det var gøy! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar