fredag 6. november 2020

Sirkelen vart slutta - Lurøy til Tonnes (dag 6)

9. august Siste padledagen framom oss. Blanda kjensler. Vemodig. Skulle gjerne ha vore ute lenger. Samstundes kjekt å sjå fram mot godene i sivilisasjonen att.  

Leirstemning "dagen derpå" - kjekt med sol og klestørk etter syndefloden dagen før.

Tidevatn har ein anna dimensjon her .....

Rusletusle på Svinøy/Lurøy

Vi bestemte oss for å starte på returen og sjå Lurøy frå sjøsida denne gongen. Veret spelte på lag og sjølv om vi var litt slitne så var vi klare for padling etterkvart. 

Onøy til venstre, Lurøy til høgre!

Idyll og Nordlandsfargar. Her var det mange hus med integrert strand i hagen! 

For oss var dette det næraste vi kom sentrum. Lurøy har litt å by på, men eg vil ikkje påstå at det var utprega urbant eller turistifisert. Renessansehagen står på ønskelista neste gong eg er i området. 

Landemerket Lovund. I løpet av den første timen med padling fekk vi vind og straum meir og meir i ryggen - der vi likar å ha det!

Litt meir sjø på fjordkryssinga - men av den snille sorten likevel. 


Frå denne vinkelen er det ikkje vanskeleg å sjå Hestmannen som rir ut i havet mot nordvest.
Link: Til topps på Hestmannen! 

Teambilde på siste beinstrekk!! 

Vi passerte Ytterkvarøya og Innerkvarøya. Lene kom på at ho hadde sett Sølvrushet på TV2, med folk frå Kvarøya i nokre av hovudrollene. Då vi skulle til å krysse Kvarøyfjorden for siste gong, høyrde vi musikk. Det stilna heilt på fjorden. Kan det vere...? Jammen var det ikkje konsert med Violet Road her denne kvelden. Vi fekk med oss siste halvdel frå kajakkane og lyden bar godt. Kjekt å sige innover med live musikk på fjorden! Flott avslutning på ei innhaldsrik ferieveke! 




På Tonnes var det ledig plass i rorbu - og den var flott! Kjekt med dusj, middag og skravling siste kvelden. Innhaldsrik ferie! Mange opplevingar og inntrykk. Uråd å sortere alt på ein gong. Betre kjent med kvarandre, og kanskje litt betre kjent med meg sjølv? Området kring Lurøy er  eg heller ikkje ferdig med. Lovund ligg i horisonten, og det er eit utal holmar og skjær og sund som framleis er uutforska - av oss.  

Siste etappe (raud) 19 kilometer. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar