fredag 30. oktober 2020

Sommar i nord - polarsirkelpadling (dag 1)

4. august. 883 kilometer heimanfrå starta ferien for alvor. Ein køyredag med vinduspussarane på, hytteovernatting langs E6 og proviantering på Mo var unnagjort! 

Vi forlot eit ferje- og eksportfylke til fordel for eit anna.

Klar for sommar i nord!

Veret var surt, og vi manna oss opp. Kunne det vere lurt å starte med ein betre middag innandørs på Oscarsbrygga på Tonnes? Det gjorde vi (og det var lurt!).

Ferdig oppmanna og pakka. 

Grått, vind og ganske surt til å vere sommar. Meldingane var betre allereie for neste dag, og vi skulle ikkje langt. Så då var det berre å hive seg i pakkinga. Den første personlege sigeren var i hamn då alt fekk plass i kajakken!  

Sjø og byger, men humøret er bra! 

Det var fleire i leia, og vi venta på seglbåtane før vi kryssa over frå fastlandet til øya Vikingen. 

Polarsirkelen på Vikingen

Øya er eit landemerke i leia, og var første mål for oss i ferien. Sjøen var rufsete ved holmen og det var krevjande å lande med tunge kajakkar på rullesteinstrand. 
 
Ferdig landa, klar for sightseeing! Foto: Torunn

Polarsirkelmarsj på Vikingen


Polarsirkelteambilde! 
Den gode stemninga hadde ingenting med veret å gjere. 

Med dette stadfestar eg å ha stått på polarsirkelen! 

Lite le for vind og ver. Eg hadde tenkt at det kanskje gjekk an å telte her første natta. Det trong vi ikkje diskutere ein gong. Vikingen var ikkje ein stad å vere lenge - denne dagen. 

Artig medvindpadling neste strekket. 

Inne i sunda vart det straumsjø og vi var litt i tvil om vegen vidare. Vi småsurfa forbi Selsøyvær i ei faderleg fart, og tok ein flåteprat inne i vika. Samrøystes til litt meir padling og jakt på teltplass for natta. 

Idyllen Selsøyvær

Over mot Gjerdøyhamn, med håp om teltplass innimellom dei grå holmane ein stad. 

Det vart leirplass, vindskjerm og varm middag. Ein bratt start på ferien. 

Ikkje ei sur mine på nokon i løpet av dagen! Veret kan ein ikkje gjere noko med, med ein kan velje folka å feriere med.  Finaste gjengen! Vi starta det som skulle verte ein tradisjon; å debriefe om kvelden. Alle måtte trekke fram sitt høgdepunkt for dagen og tilsvarande på andre enden av skalaen.  

Dag 1: 12,5 km padling (GPS-spor frå Lene H)

Det var lurt å ete middag FØR vi la ut i kjipt ver og ukjend landskap. 
Berestropper er fint.     


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar