tirsdag 23. juni 2020

Pinsepadling - overnatting ved Hellisøy fyr

29.-30. mai
Vi starta på hytta til Nina og familien på Bruknappen. Etter å ha padla sund og fjordar kom vi oss ut i ope hav, og det låg an til fyrbesøk!

Hellisøy fyr

Fyret var klart innan rekkevidde. Eit smalt sund skil Hellisøya og fyret frå Fedje.  

Dramatisk å padle inn i skuggane, med seig dønning i sundet. 

Ein ting er å padle ut til eit fyr. Det kan mange klare. Noko heilt anna er å kome seg i land på fyret. 

Fyra vert ofte kalla "kystens katedralar". 
Ugjestmilde festningsverk kan ofte vere ei like passande skildring. 

Ikkje noko innlysande ilandstigning på denne sida heller. 

Vi padla rundt, og det var ikkje sjølvsagt kvar vi skulle gå i land. Ofte kan vi bruke Kystverket si landing for båtar, men sidan vi kom på maks lågvatn så var det vanskeleg å komme til trapper og stiger med kajakk. Fullpakka kajakk for 5 dagar på tur hjelp heller ikkje på smidig ilandstigning. 

Dokumentasjon! Hellisøy fyr og meg på same bilde! 

Vi var inne på tanken å droppe å gå i land på fyret, og finne teltplass på hovedøya. Eit blikk på Fedje vestside og vi skjønte fort at det ikkje bugna av enkle landingar og perfekte teltplassar der heller. Solnedgangen var veldig nær og klokka tikka mot midnatt.   

Flott ver, men drag i sjøen. 

På runde to var vi meir kreative. Vi fann ein stad vi kunne legge kajakkane i taren, tømme dei og bære dei opp på berghyllene tomme. Det er faktisk ganske effektivt. HMS-en med denne metoden er og veldig mykje betre enn å slite og løfte på fullasta kajakk. Vi kompenserar for rå muskelkraft med hjerne og tolmod. 

Landing

Landing - oversiktsbilde
Her var det berre å lage løftelag med ein nede og ein oppe og sjaue sekkane opp på teltplassen. 

Vi rakk det før sola gjekk ned! 


Kveldmat i solnedgang og blåtimevandring til fyret før leggetid. DET kallar eg ferie...! 


Gispande etter luft måtte eg bikke meg ut av teltet (aka drivhuset) grytidleg. Vi starta dagen med slumring og soling. Det var vindstille og kjempevarmt her ute i havgapet. 
  
Hellisøy fyr i sommardrakt! 

Kystverket er ansvarleg for drift av sjølve fyrlyset og vedlikehold av bygningane. Fyret vart etablert i 1855, og det budde folk her fast til 1992. No er det freda. Lokale eldsjeler driv utleige og aktivitetar på eigedommen. Tru meg - dette var ein verkeleg flott plass og verd eit besøk! Kunne tenkt meg eit par dagar her ute sjølv. Nokre av moglegheitene er guida båttur med omvisning, eller å leige fyrbustaden for overnatting. 


Fyr nummer ein på turen! 

Vi var allereie godt nøgde med eit nytt fyr på lista. Det er ikkje sjølvsagt å komme seg ut. Det er langt i frå alle fyr vi kan overnatte ved!


Omvendt prosedyre. Havblikk! Klar for T-skjortepadling vest av Fedje. Ikkje kvardagskost. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar