onsdag 24. juni 2020

Pinsepadling dag 2 - Fedje til Gulen

30. mai
Dag to starta med lang frukost, soling og rusletur på Hellisøy fyr. Vi måtte vidare, og det sa seg sjølv at ruta vidare måtte bli yttersida, vest om Fedje. Havet låg paddeflatt, det var varmt og ikkje eit vindpust.

Farvel til Hellisøy fyr

Fedje vestside

Framleis vest om Fedje 

Signalbygget i bakgrunnen er Fedje sjøtrafikksentral

Sjøtrafikksentralen er ein del av Kystverket. 
Sidan 1992 har dei helde auge med tankskipa til og frå Sture og Mongstad samt overvaka og regulert skipstrafikken til og frå Bergen. Vi hadde og planar om å nytte tenesten deira utpå ettermiddagen.  

Framleis vest om Fedje, på veg inn mot Karlsøysundet

Fedje sentrum! 
Ei skikkeleg triveleg bygd i ei skjerma naturleg hamn nord på øya. Med kyrkje og ferje i sikte satsa vi på at det også fants butikk med sal av is!

I sentrum var det så mykje turistar og ståk at vi grabba isen vår og rygga ut att frå butikken. Dei fastbuande gjorde så godt dei kunne for å følgje opp gjestane, men dei tilreisande oppførte seg omlag som om korona berre var ei øl...   

Idyll på Fedje

Vi skulle ut i opnare farvatn, og tok på meir klede. Neste etappe hadde eit par usikre element. Sola steika og vi snirkla oss gjennom skjergarden nord for Fedje og etterkvart gjennom naturreservatet Innarsøyene. Flott havpadling! 

Første glimt av Holmengrå fyr...

For å gjere ei lang historie kort - vi kom oss dit!!! Her kjem etterkvart eit eige innlegg frå fyret. 

Fyr nummer to på turen! 

og holmen var ikkje mykje grå....!!



Utsikt frå toppen av Holmengrå - ytre del av Fensfjorden. 
Vi såg såvidt Utvær fyr heilt i vest. Fjella i Solund lente seg karakteristisk mot vest, med låge siluettar av øyer og holmar i Gulen framom.  

Etter middag (i bikini!) og rusletur opp til fyret ringte vi sjøtrafikksentralen. Dei kunne informere om skipstrafikken i området, og gje oss oppdatert vervarsel. Bodskapen deira var klar og hyggeleg: Få skip, inga skodde og GOD TUR! 

Dressed for Fensfjorden

Nina har ofte gått over Fensfjorden med småbåt og veit at det kan vere ruskete. Eg har og erfart at det kan vere meir sjø her enn på Sognesjøen. Vi hadde difor stor respekt for neste kryssinga, og tok på tørrdrakt i tilfelle uføresett. Ut i frå veret og oppdatert vermelding kryssa vi langt ute, ca 7 kilometer tvers over, rett frå Holmengrå. 

Drikkepause midtfjords

Farvel til Holmengrå i det fjerne

På full fart inn i tidlegare "Trivselsfylket"

 Gulen er ny padlemark for meg, medan Nina har vore her fleire turar før. Etter lang kryssing var det godt med stein, berg og sund. Det var mykje straum i sunda og vi måtte orientere oss litt kvar vi eigentleg var komne.  

Målet for dagen var å krysse Fensfjorden. Vi  var på ein måte ferdige med oppgåva og datt litt saman. Vi var ubesluttsomme og det var ikkje mange innlysande teltplassar. Vi runda holme etter holme. Brått såg vi rett inn til Byrkenesøy. Gulen er ikkje så stort, her ute. 

Kvelden senka seg

Månen var med

Nydeleg solnedgang. 

Vi hadde framleis ikkje funne leirplass. Det var ein nydeleg stille kveld på sjøen med speglande sjø og vakkert lys. Då sola gjekk ned var vi leie og trøtte, sjølv om sommarnatta framleis var magisk. Vi vart einige om at på denne øya her MÅ det berre bli camp.  

Vi fann tang å dra opp kajakkane på, lyng å sette teltet i og slik vart det. Nokre villsauar sjekka oss opp då vi kom, så vi skjønte at maten måtte gøymast godt over natta. Etter ein fantastisk dag med mange inntrykk sovna eg allereie på veg inn i posen. 

Sauebesøk i campen (Foto: Nina)

Dag 2 - blå linje  - temmeleg nøyaktig 30 kilometer. 6,5 time padling. 
Dag 1 - raud linje - temmeleg nøyaktig 30 kilometer

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar