mandag 22. juni 2020

Pinsepadling dag 1 - Bruknappen - Hellisøy fyr

29. mai
Pinsehelga vart avsett til padling allereie i vinter, og slo til med optimalt padlevær. Nina har leika med tanken å padle frå hytta på Bruknappen og heim til Askvoll i over ti år. Saman har vi utvikla konseptet fyrpadling nokre år - og eg har som livsprosjekt å komme meg ut til alle. Vi slo saman dei mest ambisiøse planane; Bruknappen - Askvoll utaskjærs og via fyra. Vi hadde plan B,C og D i bakhand og Kjell Kristian som stilte som bakkemannskap og skysskar. Alle ekspedisjonar med respekt for seg sjølv har jo støtteapparat. 


Nina og familiehytta på Bruknappen. 
(Like ved Feste kai/Lygra Kirke i gamle Lindås kommune, no Alver kommune)

God stemning og full sommar frå start!! 

Lygra kyrkje. Første etappe gjennom sunda i Lindåsbassenget og lurefjorden. 

Idyll! 

Det vart motvind etterkvart, men vi kom raskt inn i ferie- og langturmodus. Jamn padling, rikeleg med drikke, gode pausar. Om ein gjer alt så lettvint som mogleg, reint energimessig, vert det mykje energi att til å kose seg på turen.   

Pause før Fosenstraumen

Flott bru over Fosenstraumen og faktisk ganske mykje straum! Heldigvis berre eit kort stykke akkurat under brua! 

 Det var mindre vind og straum dess lenger ut vi kom. Vi likar oss generelt betre i havet enn i fjordane. Holmane var ikkje lenger skogkledde, her var det blankskurte berg og fargerik strandflora langs ruta. Dette er jammen ei fin tid!!

Sommarstemning!

Beinstrekk! Og for eit blomehav på den vestlegaste av Jibbesholmane.


Vi var litt leie før beinstrekken og brukte tid på å orientere oss mellom alle holmane. Fleire timar med padling i motvind og motstraum låg bak oss. Skal vi berre finne ein leirplass? Ein strekk i sola med Real turmat og eit faktisk syn av Hellisøy fyr i horisonten gav oss nye krefter og ny motivasjon. Det sit faktisk mest i hovudet.  


Vi skimtar eit fyr!!! Hellisøy fyr. 

Fedjeosen byr på nokre kilometer opa kryssing over ei trafikkert skipslei. Det vart tørrdrakt og fullt fokus. I tillegg til oss var det eit offshoreskip, Kystvakta, Forsvaret og eit par fritidsbåtar på fjorden.

Det er kveld, men midtsommarnatta er framleis ung. Nytt fyr i sikte! 

Vide horisontar, lysfest og svarte siluettar som gøymer land og bygder. Det er magisk å vere på sjøen slike kveldar. Det er nesten ikkje mogleg å beskrive. Tenk at vi kom oss på eit fyr allereie dag ein!! 

Dag 1 vart det akkurat 30 kilometer på vel 6 timar padling.  

Kart kjem 

1 kommentar:

  1. Kjekk lesing! Ikkje værst tempo om det inkluderer pause.......

    SvarSlett