onsdag 18. april 2018

Plastplukking ved Uksebåsen

15.04 Plastfritt Giske vert administrert av ein gjeng makelause damer som med smil og pågangsmot mobiliserar heile øysamfunnet til ryddedugnad. Denne helga var det storopprydding av Uksebåsen som stod på programmet. Vi hadde vore på kajakktur der i februar og sett behovet med eigne auge, og eg meldte meg frivillig til å få med padlefolk på aksjonen.

Rodene på ryddeaksjonen - kajakkgjengen med ansvar for omkringliggande holmar og skjer (Foto: Plastfritt Giske). 

Nokre var med laurdag, og vi var 4 som for ut søndagen. Speilblank fjord, strålande sol og sterk motivasjon for ein utedag å bidra til eit litt reinare havmiljø. 

Vakkert på fjorden


Det var ein nydeleg formiddag på fjorden. Små og større båtar passerte oss mot same mål. Fleire små grupper med niser for rundt oss, travelt opptekne med sitt! Fine og små, og ikkje så lette å ta bilde av - men stor oppleving. Eg har aldri sett så mange på ein gong før (3 x 3-4).  

Nytt sjømerke i samlinga - Rugholmen

Det var verkeleg idylliske holmar vi skulle rydde. Ikkje feil å vandre rundt her. Vi fann mindre plast enn frykta, men nok til å gjere ein skilnad. 

Strandrydding, både nyttig og vakkert..

Med livet som innsats skulle dei siste taustumpane på holmen til pers...

Soling, lunsj, padlehistorier, røvarhistorier. Strandrydding er også sosialt og kjekt. 


Ribbemanetar og yrande liv under vatn - dyreplankton av mange slag.

Kenneth utfordra meg på å rulle utan hette - sesongpremiere - kaldt, men greit. Fekk "øyrepropp" og vatn i nasen og då lurte vi litt på kor mykje plankton som eigentleg vart med inn i systemet. #grøssoggru   

Økt 2 starta på Rugholmen

Her var det meir plast på eit lite område. Vi lærte fort og fekk "plastblikket" Det er ganske forutsigbart kvar det samlar seg. Det ligg og mykje plast godt inngrodd under gras og torv, og det fekk vi ikkje gjort så mykje med. 

Sunnmøring med panteflaske. 

Mytene om Sunnmøringane er nok ikkje berre oppspinn. Først heilt på slutten av tre timar med rydding fann vi EI - EI EINASTE panteflaske! Så det med at Sunnmøringar og tomflasker finst over alt er ikkje heilt sant, for på Sunnmøre er det langt mellom tomflaskene...

Mesteparten av søpla fekk vi lessa rett over i småbåt. Velsmurt ryddeaksjon. Ragnhild fann ein stor dose til på slutten, så då lagde vi tauelag og taua det til basen. 
  
Jan Roger var lokomotiv framme, eg i midten og Kenneth og Ragnhild sørga for flåten med diverse plast framme og bak. Fungerte knallbra.  

 
Ved basecamp, som no hadde blitt ombord på båt, hadde dei nygrilla pølse med brød til oss. Vi fekk servert ferdig mekka rett i handa på sjøen - topp service! 

Då var vi ferdige for dagen og sette kursen heimover. Helikopteret svirra over hovuda på oss, og henta ut bigbags med plastsøppel. Velorganisert! 

Storsekkane vert henta medan vi padla heim. 

I løpet av helga var frivillige av ymse slag i sving på øya; dykkarar kartla botnen, oppdrettselskapet stilte med båt, ryddemannskap og hadde omvisning på sitt anlegg, helikopterselskapet sørga for søppeltransport. Det var frivillige med båtar, fotografering og filming, sponsing av bigbags, grillar, softis på Valderøya etterpå og sikkert mykje meir som eg ikkje kjem på i farten. 60 personar rydda over 3 tonn plastsøppel (21 bigbags) i løpet av helga. Det er trasig at vi har stelt oss slik at vi MÅ rydde, men når det er sagt var det veldig kjekt å få vere med på denne aksjonen! Håpar vi klarar å få med mange fleire padlarar mot plast på Sunnmøre framover! 

I tillegg til ryddeinnsatsen så ser eg at det er padlemessig lurt å vere med på slike dagar. Vi fekk øvd på ymse ilandstigningar, tauing, vart lokalkjente, veit akkurat kvar det er bålved til seinare bruk, til og med kniven som ligg fast i vesten var i bruk. 

Note to self: Ta med stroppestrikker neste gong, og kanskje ein ekstra karabin (til å feste sekkar/gjenstandar på dekk. )

Endomondokart
11,3 km padling totalt

1 kommentar: