mandag 29. januar 2018

Båling på Bondalseidet med ski i alle variantar

19.-20. januar
Desperate etter å komme i gang med 2018, friluftsliv, båling og uteliv starta vi på Bondalseidet seint fredag kveld. Therese hadde med hundane og vi starta med nordisk pulkdrag innover turløypa, noko som var heilt nytt for både dei tobeinte og dei firbeinte.

Like ved turløypa fann vi ein fin leirplass. Hundane vart stalla opp, og vi tok alle dei praktiske gjeremåla; bålgrop, presenning (Therese) og hengekøye (til meg). Det vart midtnatt før vi seig i hop ved bålet, med snop, stjernehimmel og skitprat om laust og fast. Helgekjensla seig på og det var meir enn verdt alt stresset med å komme seg avgarde. 

Nordisk oppsett: Hund - pulk og meg til slutt. 

Hengekøyevinterovernatting 

Variant av gullrekka på fredagskvelden..

Kva skjer eigentleg her? Skal vi vere her? Hundane roa seg, men var ikkje heilt sikre på kva vi heldt på med.  

Hengekøye er superkomfortabelt, men litt kaldt. Eg må jobbe med nokre kuldebruer i sidene. Gadd ikkje å legge meg INN i fjellduken, hadde den berre oppå, og det angra eg litt på. 
Therese låg med hundane under presenning. Ho måtte forklare dei at grønlandshundar KAN sove i snøen, og at liggeunderlag er berekna for folk. Mykje læring på alle med andre ord.   

Morgonstund med bål, kaffi og ostesmørbrød. Ikkje snargjort, men veldig veldig koseleg!


Laurdagen var rett og slett strålande! Det var mykje folk i turløypa og vi var spente på korleis vi skulle handtere pulkar, hundar og oss sjølve. Vi starta difor med rein snørekøyring til Åmskaret for å varme opp dei tobeinte og få ut noko øs frå dei firbeinte. 

Berre lekkert!!

Det er utruleg kjekt å suse avgarde, berre med eit og anna stavtak, bak ein hund som dreg med liv og lyst. Effektivt og artig!
Hundane var eksemplariske og vi kom oss ut med pulkane og etterkvart. Det å ligge bak ein pulk og styre er ikkje berre lett. Det liknar litt på å rygge med tilhengar. Øving gjer meister, og eg treng verkeleg å øve litt meir på å plassere meg bra opp mot hund og pulk. 

Anders henta hundane, og sidan vi var i posisjon tok vi skitrekket opp Nottane og gjekk vidare opp mot Veirahaldet. Vindpåverka og hardt, iskaldt, men nydeleg utsikt! 


Hit! Fantastisk utsikt over mange av dei kjende toppane i Ørsta


Veirahaldet


Svusj ned att - dårleg føre på fjellet, bra føre i trekket.

Innhaldsrike 18 timar på Bondalseidet. Her ligg det godt tilrette for mykje og ulik aktivitet. Vi er heldige som har slike nærmiljøanlegg og område rett utanfor døra. Det er ikkje alltid turen treng å vere så lang for å vere innhaldsrik!  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar