onsdag 31. januar 2018

Signalhornet (627 moh) og Skolma (635 moh)

21. januar
Broddetur frå Brandal til nordenden av Hareidlandet. Både Synnøve og eg ser rett på Skolma heimanfrå, og sidan eg ikkje har vore der før, passa det godt denne søndagen.

På skogvegen frå Brandal var det isholke og mørk skog. Etterkvart kom vi opp i småskog og opnare lende og snø som ikkje bar oss. Håpet var skikkeleg skare på snaufjellet. Det vart ikkje så hardt som vi trudde, men i alle fall betre føre dess høgare vi kom. Det hadde ikkje vore betre verken med ski eller truger, totalt sett. 

Det var mykje merkepinnar overalt, som vi følgte i grove trekk. Vi tenkte vel eigentleg å gå over Grøthornet til Skolma, men det viste seg i ettertid at vi hadde vore på Signalhornet og Skolma. Signalhornet er jo ein mykje tøffare topp å ha med seg på vegen, så vi klaga ikkje på det.

Drittføre, men vi kom oss gjennom einebeltet. 

Fjordkrysset Storfjorden/Vartdalsfjorden

Skolma bak der

Flott varde på det som viste seg å vere Signalhornet. 
Perfekt timing med at snøbyga kom medan vi satt i le bak varden. 

Runde i horisonten

Utsikt sørvestover frå Skolma. 

Godøya frå ny vinkel. Godt å sjå at det er litt sjøtransport i aktivitet på ein søndag. 

Standardoppsett vinter viste seg å vere veldig likt frå topp til tå denne dagen! 
Broddar og varmeskjørt er god kombinasjon! 

Frå Skolma over Signalhornet mot fjella i Ørsta
 
Synnøve ser heim mot Ålebyen

I posisjon for kjapp retrett ned i skogen og den trange dalen - før ferja heim!

Nye toppar, frisk luft og ein herleg søndag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar