tirsdag 10. juni 2014

Kodejakt i Sykkylven

03.06 Nydeleg kveld, og vi hadde planane klare for eit skikkeleg raid i Sykkylven (eller Sykkulven, som det heitte denne veka). Denne kvelden gjekk vi for plan B - tre postar, bonustopptur og bading.

Hmmm... er dette Fauskekambane mon tru?

Dette var nesten for lett, og vi såg ikkje koden som stod ca 20 meter unna. Så Fauskekamben har vi gjort grundig, kan ein seie. Bonusen var ein fin rusletur i flott kulturlandskap. Utan fjøl hadde det neppe vorte noko Fauskekamb på oss. 

Fint kulturlandskap

Mot neste mål: Storevarden. Først traktorveg, deretter fin sti. 

Utsikt mot Fauskesætra. Blåskjerdingen bak.

Storevarden  (645 moh). 

Det var ein fantastisk fin kveld, varmt og godt og akkurat nok trekk til å halde insekta på avstand mesteparten av tida. 

Gry med kode nummer 2!

Caro sleit i starten, det var alt for heitt med pels. Litt påfyll frå "mor" og ein trekk i høgda, så vart det betre.

Neste mål var Sandvikshornet der borte. Ingen kode der, berre den høgaste på ryggen bortover her. 

Fint terreng, og overraskande kort til Sula og Ålesund. Vi såg cruiseskipa sige ut av byen i horisonten. 

På toppen! Storfjorden rett ned og Ellingsøyfjorden bak der att.

Rett ned låg forresten Sandvika - som har vore med i programmet "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu".

Teambilde Sandvikshornet (879 moh)

Utruleg flott utsikt 360 grader rundt, og grei fin fjelltur. 

Austover såg vi mot neste kode (Jogardshornet - humpen til venstre), innover til Sjøholt og fjella i Ørskog. I morgon, i morgon.. Vi innsåg at det var litt drygt å ta den 4. på kjøpet her (som var plan C).

Vassætra og Sandvikhornet bakom. Been there, done that.

Traktorvegen ned. Panorama til Sykkylvsfjella.

Traktorvegar kan vere litt keisame å gå på, men utsikta vi hadde frå denne vegen kompenserte i grunn for det. 

Borgundkollen, Gimsdalen bakom der og flott profil på Gimsdalstinden og Hammarsettindane bak der att.

Vel nede vart det is på kiosken og spasertur ut på Aursneset rett ved ferjekaia. Der fann vi kode nummer tre for dagen og jammen vart det ikkje bading og!

Friskt!

Caro og Sykkylvsbygda i solnedgang. 

Flott tur på ein fantastisk sommarkveld! Kan det verte fleire slike? Vi nyt og får mykje ut av dagane no. 
Turen denne kvelden var ca 15 km lang og ca 900 høgdemeter stigning til saman. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar