onsdag 11. juni 2014

Vått og flott i Fossedalen!

06.06. Bonusdag i Askvoll med Connie. Velje og vrake... veret var grått så etter mykje tvil sette vi kursen innover mot Fossedalen og Kringlene.

Dalsfjordbrua!

Ny bru, og eg tykkjer den er kjempefin! Ved Ottersteinen på nordsida er det laga parkering og det opnar eit stort nytt turområde som enda er relativt urørt. 

Laukelandsfossen og Laukelandshesten

Frå parkeringa var det laga/rydda ein kjempegod sti innover fjorden. Applaus for dugnadsgjengen som har stått på med rydding og merking! Trapper i stein og tre, tau og skilt strategisk plassert innover.

Nedre Fossedal. Fråflytta i 1975/76

Fossedalsfossen! Utruleg fin plass. 

Rekordtørkesommar til no gjev lita vassføring, men idyllisk er det framleis.

Fosseturistane! Teambilde for dagen. 

Fin temperatur, men duskregnet gav seg ikkje, og skodda seig ned i fjella. Vi skulle ta ein "snarveg" frå fossen og opp i øvre. Snar kan vel diskuterast, men på lita vassføring var det heilt kurant å krysse utøpsosen på Fossedalsvatnet. Ved mykje vatn lønner det seg nok å gå tilbake til tunet i nedre og følgje stien opp...

Connie kryssar lett og legg litt press på turfølgjet sitt. Kringlene i skodda bak der.


Gamle tufter i osen og heilt i andre enden på vatnet skimtar ein bøane i Øvre Fossedal

Våt og lynkjapp lunsj i Øvre Fossedal. Garden vart fråflytta i 1956. 
I skodde og regn vart toppturen utsett på ubestemt tid.

Mykje interessant informasjon om Fossedalen på origosona til Fjaler: Link til Fossedalshistorikk. Gardane var etablerte allereie på 900-talet og i øvre finst det visst ei vikinggrav. Det har vore litt att og fram med folk og busetnad gjennom århundra. Soga seier at folket i nedre daua i Svartedauden, medan dei berga seg i øvre. Folketellinga i 1801 fortel at det budde 39 menneske i Fossedalen.  

Siste brødskiva tok vi på berga ovanfor Fossevikja med utsikt til Dale. 

Flott og vått i Fossedalen denne dagen, men fantastisk enkelt å komme seg dit samanlikna med tidlegare tider. Vi har lært at transportetappa inn til Kringlene er ganske lang, og sjølv med god sti og mykje flate parti skal det likevel gåast. Så er det berre å bøye seg i støvet for dugnadsgjengen som merkar sti og idealistane som held hus og tun vedlike i dalen. Bra jobba, og det gjev store turopplevingar til mange! 

Så er det berre å krysse fingrane for at nokre område og frie fossar kan få leve utan småkraftverk og nye kraftlinjer...

Takk for turen, Connie!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar