Vermeldinga laurdag var sol og 20 grader, så det var ein litt hustrig gjeng som starta i faktisk ver som var duskregn og 10 grader på Trollstigen.
Start frå Trollstigen med Bispen bak.
Flott innover dalen - ved Alnessteinen
Alnesdalen var flott, ganske flat og lang.
Etterkvart såg vi "Mannen" som ein slags varde oppe på ryggen. Greit med målet i sikte.
Med turklede i alle variantar var vi eit fargerikt "fantefølgje" i fjellandskapet. Det vart berre varmare og finare utover dagen.
Mykje stein, men og flotte haustfargar. Stigbotthornet.
På "Mannen" var det ei arbeidsbrakke og mykje installasjonar.
Heile fjellmassivet er i rørsle og store delar av det hamnar sannsynlegvis nederst i Romsdalen i løpet av dei neste 100 åra. Det er difor døgnkontinuerleg overvåking med tilhøyrande varslings- og beredskapssystem.
"Mannen"
Det er skikkeleg "WOW-faktor" å komme opp på kanten. Her ser ein rett ned i Romsdalen, rett over på Romsdalshorn og bort mot Trollveggen. Luftig på kanten, toppa med spenninga om at ein står på ein gravitativ deformasjon. Intet mindre.
Nokre i bursdagsselskapet hadde teke med "sprudel" på toppen. Fin overrasking for jubilanten og ein flott måte å feire på. God idè og strålande gjennomføring! Det var skikkeleg stas då Siri smelte av korken utover Romsdalen....
"Jurasprudel" og sprek jubilant.
(Juratind er altså ein anna kul fjelltopp i området, for dei som ikkje tok'an på første forsøk)
Det er så mykje snakk om desse tre F-ane når ein vert førti. I Kristin sitt tilfelle så står dei nok for Frisk Freidig Fjellfant.
Utover Romsdalen
Romsdalsjump! (Foto: Kristin)
Breitinden (1797 moh) nærast
Nokre gjekk om Breitinden og ned til Stigrøra tilbake. Eg vart med gjengen som gjekk Alnesdalen ut att.
Kjempeflott tur som vart runda av med ein dukkert i friskt fjellvatn.
Takk for turen!
Dette var rett en fristende tur:)) Herlig:))
SvarSlett