mandag 23. september 2013

Månelyst rundt Giske

17. september. Kanonver og eg stressar ut etter jobb for å møte Sygni på Giske. Det går på skinner, og med god margin er eg på plass i småbåthamna 5 min før tida. Vi skulle finne den lettaste plassen for "knelause" å gå ut. Eg vart litt forundra over at all sanden som var her sist gong no plutseleg var vekke.

Mens eg ventar så tek eg instagrambilde #småbathamn #Giske

Eg vert ganske irritert då klokka viser 10 over og Sygni framleis ikkje har vist seg. Har ho ikkje respekt for meg, tidsbruken vår eller skjønnar ho ikkje kor korte dagane er for tida? Eg var i ferd med å hisse meg litt opp, men bestemte meg for å drøye 5 minutt til. Det kunne jo vere noko med ungane som hadde komme i vegen. 

Då ser eg Sygni sitt bilde på instagram.....
Sygni på instagram: Endeleg ut av soffa'n #kajakk #Giske #godsomny

Sjekk: Sygni er faktisk ikkje her. Eg måtte ringe. Ho var merkeleg nok heilt sikker på at HO stod i den hamna som vi har lagt ut i frå før. Og lurte litt på kvar det vart av meg. Så feil kan ein ta (dvs EG). #Flau.
Det viste seg at all sanden låg der den skulle ligge. Det er faktisk TO småbåthamner på Giske, som begge har to moloar, blå større båt fortøyd, naustrekke og småbåtbrygge. Det er likevel berre den eine som har sandstrand, og er svært godt egna for meniskopererte.   

Giskebrua er veldig fin.

Sesongens første melis på toppane. Jønshornet. Sunnmøre er flott.

Kveld. Flott å padle rundt Giske. Mykje fugl. Nydeleg lys. Kjekt å padle att - det verka som evigheiter sidan sist. - Å ja, omlag to veker då eller? Sygni flirte. 

Padlar i solnedgang. Lekkert som vanleg. 

Vi hadde gledd oss på fin solnedgang, og den var bra nok den altså. Høgdepunktet denne kvelden vart likevel månen. 

Måne på himmelen og stjerner på sjøen

Månelyst! Vakkert.


10 km tur

4 kommentarer:

  1. Flotte stemningsfulle bilde ,fint på sunnmøre :) Hoff menisk skada kne! :( Håpar ho blir bra etter oprasjonen :-)

    SvarSlett
  2. Ha ha ha, så feil kan man ta! Hysterisk. Men misunner dere ikke den melisen.

    SvarSlett
  3. Steikje so bra du skriv , Lene! Eg fniste no godt her eg sat :-) Nydelege bileter også,kjenner at lysta til å prøve Kajakk padling vert større og større...Pysa meg!!!

    SvarSlett
  4. Steike bra! :-D sånn typisk! Litt sånn ooooops! opplevelse når det viser seg å være en liten egen feil :-S Men dokke fekk no en fin tur til slutt, og noke å le av ;)

    SvarSlett