torsdag 5. september 2013

Tromsdalstinden 1238 moh

2. september. Bonusdag i Tromsø. Hovudet har lyst på fjelltur og kroppen er i streik. Eg har hatt som mål å komme meg på Tromsdalstind i sånn ca 20 år, så fornuften sigra over kroppen. -Bedre moglegheit enn denne får du ikkje!
Topptur i T-skjorte i Troms i september. Brukbart.


Nina og eg fnyste litt av fjellet sist vi var her. Det ser no meir ut som ein åsrygg. Tind meg her og tind meg der. Litt meir tindeaktig frå Kvaløya eller frå søraust, men frå Fjellheisa og Tromsdalen ser den ganske "ås"-aktig ut. Frå parkeringsplassen på skytebana kikkar eg opp. -Det ser framleis ut som ein åsrygg, men ein skikkeleg diger ein, tenker eg.  

  
Flotte haustfargar. Utsikta over Tromsø by og fjella på Kvaløya vert berre betre og betre etterkvart som eg karrar meg opp bakkane. 

Oppvarming på traktorveg, fin sti gjennom skogen og lettgått lynghei. Kroppen avlyser streiken etterkvart, og det er rett triveleg på tur. No begynner alvoret og stigninga. Ei skikkeleg kneik med eit par hundre høgdemeter. Stien går i sikksakk og det er overraskande greit å gå, sjølv om det er bratt. 

Uren luren - og berre ryggen att

Etter bratta flatar det ut. "Berre" ryggen til topps. Det ser greit og flatt ut. Det viser seg å vere ganske langt og slettes ikkje heilt flatt. Eg må innrømme for meg sjølv der eg går at "Tinden" nok er eit skikkeleg fjell ja, og det var vist ikkje akkurat ein åsrygg likevel. 

Første glimt av Lyngen

På ryggen fekk eg første glimtet mot aust. Velkjende Lyngen-fjell! Det var stas! Motivasjonen steig fleire hakk og eg fekk forventningar til utsikta frå toppen. Sjølve turen opp var nemleg ikkje så spesiell. I ur må ein sjå kor ein sett føtene, og ur ser rimeleg likt ut i Trivselsfylket, Eksportfylket eller i Troms.

 Straks på toppen, og lag på lag med fjell kjem til syne

Solid varde og ein lang rygg på toppen

Det var mykje folk som nytta seg av finveret og for på tur. Litt kald vind på toppen, men det gjorde ingenting. Utsikta til alle kantar var formidabel! NO skjønnar eg kvifor Tromsøværingane er stolte av byfjellet sitt. 
 
Tromsø og Kvaløya

Mot Ullsfjorden og fjella ved Jægervatnet (Lenangstindane?)

Ramn

Kva for tind er dette?
 Eg er nesten heilt sikker på at ein av isbreane bakerst er toppen på Jiehkkevàrri (også ein draum..)

Kongedag!

Realmiddag på toppen, kose seg leeeeeenge med utsikta og etterkvart rusle nedover att. Ur er like kjedeleg ned som opp, men det var kjekt å komme ned i lyngbeltet. Spede sommarblomar konkurrerte med haustfarga lyng, og det var alle årstider på ein gong i vegetasjonen. Av med jakka og framleis var det alt for varmt. Herleg!


Eg var veldig fornøgd med dagen og turen. Av og til er det greit å gå aleine. Einsam vert ein ikkje. Det var mykje folk på fjellet, og dei fleste ville slå av ein prat. Sosialt folkeslag her oppe. Eg brukte ca 3 timar opp og ca 2,5 time ned (same vegen) på ein knusktørr og lettgått dag. 

1 kommentar:

  1. Du er virkelig aktiv du! Og Tromsø.... av alle plasser! En drøm å dra nordover og oppleve landskapet der oppe og gått et par fjell. Rå fint!!! :))

    SvarSlett