torsdag 26. september 2013

"Plomming" og husmorfakter

14.-15. september var eg heime hos familien, og robba siste rest av plommetrea til mamma og farmor. Den første delen av aktiviteten "Plomming" er veldig kjekk. Klatring i og risting av tre, gardintrapp, rive, og bøtter. Eg tenker du ser det føre deg her no.

Søt og god "Opal" (trur eg)

Tilbake i rekkehuset er det eigne husmorferdigheiter som må øvast opp. Fordelen med å komme frå gard er at ein har ein base med mykje godt utstyr. I tillegg til å robbe plomme hadde eg lånt originale norgesglas frå kjellaren til farmor. Farmor var dessutan pumpa for informasjon om hermetisering. Det er jo ikkje den ting ho ikkje kan, sidan hennar husmorungdomsår var i tida før kjøleskap og frysar. 

Eg startar med plan B. 
Legg til side nok plomme til mauling resten av veka i tilfelle produksjonen går rett vest. 

"Plomming" del 2 handla veldig mykje om hygiene. Vasking, sterilisering, Atamon (ein av dei produkta som IKKJE har skifta utsjånad sidan 1960). Forhåpentlegvis godt nok. 

Sterilisering i steikomn.

Plomming del 3 handla mykje om sukker. Og sukkerlake. Og kliss overalt. Den første produksjonskvelden gjekk med til den gode gamle konserveringskunsten hermetisering. Etter å ha sjekka både kokebokbiblar og internett valde eg minste motstands veg, og plukka det eg likte frå tre ulike oppskrifter... 

1. Ikkje skrelle plommene
2. Koke opp laken for seg
3. Koke glassa ferdig med plomme i til slutt

glas, plommer, lake, nesten i mål. 

Eg testa to ulike sukkerlakar: 1) Vaniljestang 2) Konjakk og kanel. Oppskrift nederst på sida.

Kok opp - la trekke i kjelen i ca 20 min. 

Ferdig! 

I alle fall ferdig til godgjering i boden fram til jul. Farmor meinte det var noko med at om plommene flaut opp i glasa, så var glasa tette. Det ser svært lovande ut. Dessertmoms som eg er, ser eg fram til hermetiserte plommer i fleire variantar.  

Plomming del 4 handla om å finne mange ingrediensar som ein absolutt ikkje assosierar med plomme.  

Råvarer!

Prosjekt chutney var i gang. Eg laga ca 2/3 porsjon men med full mengde plomme og dobbel dose kvitlauk. 
Kutt opp i småbitar - ha i kasserolle - kok opp og surr. 

Chutney-kjele

Det tok ganske lang tid å få den konsistensen som eg ville ha - ca 1 time med surring. Første smaksprøva var lovande. Skikkeleg god smak, skikkeleg hot og litt sursøtaktig. Det vert spennande å teste saman med middagar framover. 

Plomming del 5 vart marmeladekoking. 

Marmeladekjele

Eg brukte litt mindre sukker enn oppskrifta. Limeskal og plommesteinar vart fiska opp av kjelen etterkvart. Her måtte og innhaldet stå å surre mykje lenger enn oppskrifta, men så vart det skikkeleg stiv marmelade og!
I løpet av prosessen kom eg på at eg i grunn ikkje likar marmelade spesielt godt.
Klokka 23.30 var det likevel svært godt med eit par skorper med lun marmelade på. "Plomming" 2013 erklært gjennomført og avslutta! No er det berre etinga som står att. 

Hermetiske plommer - lake 1 - vanilje 
1 l vann
700 g sukker
1 stk vaniljestang
0.5 dl nypresset sitronsaft (hindrer at frukten mørkner)

Hermetiske plommer - lake 2 - konjakk og kanel
1 l vann
700 g sukker
1 stk kanelstang
0.5 stk sitron, revet skall av
4 dl cognac
0.5 ts sitronsyre (hindrer at frukten mørkner)

Mine favorittlinkar til hermetiseringstips:
Plommechutney
500 g plommer (500 g)
500 g epler (350 g - 2 grønne)
1 båt hvitløk (2 båtar - kvitløk er godt!)
500 g tomater (4 store plommetomar ca 350 g)
500 g løk ( 2 gule løk, ca 300 g)
litt frisk ingefær (25 g - tilsvarande stor tommel)
2 1/2 dl eddik (2,1 dl)
250 g sukker (200 g)

Originaloppskrift, med mine mengder i parentes. 
Vask, rens og kutt frukt og grønnsaker. Kok mør i eddik. Tilsett sukker og kok til chutneyen vert tjukk og fin i konsistensen. Fyll over på heilt reine glas. Oppbevar kjølig.

Plommemarmelade
1 kg plommer
1/4 dl vann
1 lime og 1/2 sitron
1 vaniljestang
nyrevet fersk ingefær (terning 1 x 1 cm)
500 g sukker

7 kommentarer:

  1. Savnet chilli i chutneyen din, eller så det ut til å være noen herlige oppskrifter. Mye jobb nå men tenk på belønningen en mørk vinterkveld.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, stussa litt på det med chilli eg og, men det var altså ikkje med i original-oppskrifta. Generelt er ikkje matlaging mi sterkaste side, men artig når motivasjonen kjem for å gjere eit stunt.. Plommer er jo berre så lekkert og deilig!

      Slett
  2. Dette var jo riktig fancy sammenlignet med mitt gammeldagse syltetøy. Alt ser kjempegodt ut. Vi får vel smake på chutneyen?

    SvarSlett
    Svar
    1. Det vert med smaksprøver neste gong eg kjem heimom. Mors heimelaga plommesyltetøy er nok ein klassikar som ikkje vert utkonkurrert av internettoppskrifter.. :)

      Slett
  3. Så stilig! Veldig gøy å lage sjøl. :)

    SvarSlett
  4. So flinke du e!! Hermetiserte plomme har eg ikkje smakt sidan barndommen ,mmm da va godis på søndagane ,idei dage vi alltid hadde desert :P

    SvarSlett
  5. OH, You are a plommer!!(ha ha , hysterisk morsomt!!) Steikje for eit husmoremne du er, eg er imponert!! :-)

    SvarSlett