fredag 16. august 2013

Rossholmen

Turen starta med bilkortesje i sikksakk gjennom byggefeltet på Roald. Storfint austlandsbesøk krev padling i havet og nytt turmål. Det var berre Kenneth som hadde vore på Rossholmen før. Mallavika var nytt utgangspunkt for meg.

Stein Erik med Tiderace Extra og Lepsøya

Sygni testar flett ny grønnlandsåre frå Thygesen. Gliset verkar lovande. 

På nordsida av Molnesfjellet er det ei flott strandlinje med svaberg, små strender, rullesteinsstrand og grønne bakkar. Dette er Molnes naturreservat: Målet med vernet er å sikre eit område med sjeldant samensett og variert strandlandskap, med kalkkrevjande vegetasjon og fleire orkidèartar. Dette er ein av dei vikigaste lokalitetane i M&R med skjelsand og flygesand, store botaniske verdiar og i periodar eit rikt fugleliv. Det er registrert 55 artar beitemarksoppar her. Beitemarksoppar er vel meir for dei spesielt interesserte, men dog.

Gutane sett kursen mot Rossholmen. Den er faktisk IKKJE freda. Storholmen fyr heilt til venstre.

Sygni. 

Det vart ein vakker kveld med mykje lyseffektar. Rossholmen er eigentleg fleire små holmar og skjer. Den eine holmen såg litt knudrete og rar ut. Kunne det vere....?

Steinkobber. I fleng.

Vi var rolege, og selane gadd ikkje stresse seg opp. Det tok ei heil stund før dei registrerte at vi var der, og då seig dei meir eller mindre motvillige til sjøs. Fleire var nyfikne og kom heilt oppunder kajakkene for å sjekke oss ut. Eit par gav oss ein skikkeleg leksjon i elegant brottsurf - på stader der det var uaktuelt for oss å vere.. Og det såg vitterlig ut som leik frå desse selane si side. Nokre fulgte etter oss lenge, og det var tydeleg stor underhaldning for dei å sjå oss leike oss i brotta og. Det var nett som dei tenkte: -Kva er det dei kavar med? Dette gjer no vi hundre gonger betre..

Kom då vel! 

Kva er det dei held på med?

Vi heldt no i grunn på med litt av kvart. Eg til dømes, hadde visst gløymt støttetak i ferien, i kombinasjon med å utvikle ei ekstrem lang reaksjonstid. Den todelte løysinga med tørrbukse og padlejakke var overraskande vasstett på uplanlagt badling. 

Demonstrasjon av djupt støttetak

Surf (nesten)

Den sprekka her såg i grunn veldig interessant ut. Så interessant at den med plastkajakk vart sendt ut som frivillig. 

Jaggu kom han seg ikkje gjennom - begge vegar! 

Det er ganske imponerande å skvise ein kajakk på 57 cm gjennom ein opning som er ca 58 cm brei. Utan ein einaste skrapelyd. Dei med glasfiberkajakk fekk god høve til å studere (mangelen på) klaring, og stod over denne øvinga. Eg hadde hatt heile 5 cm meir å gå på med Nukaen, men det kom eg ikkje på der og då. Heldigvis.

Grei utsikt til kveldsmaten det her. Fleire plassar å gå i land på desse holmane.

Jønshornet (t.v) og Kolåstind (t.h bakerst). 
Flott å sitte i havet og skue innover stolte Sunnmørstindar som badar seg i kveldssola.

Storholmen lokkar og dreg der ute. Eg VEIT at det er 8 km til ut dit. Ein dag.... 

SMIIIIL. 
Den vanskelegaste øvinga heile dagen viste seg å vere å få alle fire inn på same bildet med hovudet mot kameraet samstundes!

Skumringstimen = heimveg

Siste sjanse ved siste stake må nyttast. Månen held oss med selskap innover.


Det er slutt på sommarkveldane, og hausten bankar på. No må vi hugse å ta høgde for mørkret og finne fram lys til kajakken att. 

Eg tippa vinden til 4-5 m/s. Det kjentes ganske vindstille ut, med ei og anna rosse. Og litt meir på heimveg. Målingane på Vigra 15.08 viste middelvind på 4,5-6 m/s og maks vind på 5,8-8,9 m/s, og at det faktisk stilna utover kvelden.  


Turen vart 10 km - med mykje utforsking og leik undervegs. 

2 kommentarer:

  1. Herlige bilder Lene:)) og en ganske spennende tur synes jeg! Storholmen har vært en drøm lenge. Godt den blir der en stund:)))

    God helg:))

    SvarSlett
  2. Nå er det altså straks bare meg igjen, som ikke er stein gal i padlinga og bare herjer rundt alskens brott og stein. Høh.

    Det blir kule bilder av det, det ser jeg. Jeg gjør det. Kule bilder. Her var det mange kule bilder.

    SvarSlett