Cruiseskipa for ut av byen då vi for ut frå Langevågen. Det gav eit håp om Brosundet..
På Slinningen vert det alltid (gode) arkitekturdebattar. Alltid.
Alle cruiseskip ute, og fritt fram for "kaiing" inn mot Brosundet. Mystisk og spennande.
Sjølvaste Ålesundet
Det er fint med tårn, spir og fargerike fasadar i Brosundet.
Dei med størst risikoaksept gjekk for softis på Stuen.
Høg turistfaktor, og heilt greit med ein urbanstopp downtown Ålesund på padleturen.
Turist i eigen by. Sentrumskaia speglar seg.
Kveldsshow i Moljegapet. Ingen tvil om at vi måtte padle ut i solgliren her.
Padlarar i solnedgang. Snufs. Vakkert.
Landemerka på nordsida. Molja fyr (t.v), Aspøy skule og Trankokeriet (t.h)
Dei "innfødte" på Aspøya held rimeleg fred
Noko fjas og synkronårekast trimma lattermusklane på heimvegen
For andre (t.d innfødte sunnmøringar) er matauk viktigare enn fjas. Kjekt å sjå fiskarliv i sentrum.
Kaiing på Slinningen med siluettane av Aspøya og Godøya heilt bakerst. Her fiska våre nye landsmenn, som kunne fortelje på heilt strålande forståeleg norsk at dei hadde fått to fiskar, ein sei og ein makrell.
Hessafjorden med Runde som eit "Soria Moria" i vest.
Kveld og landing i verdsmetropolen Langevåg. Veldig mykje bra friluftlivklede til god pris her, så verd ein stopp innimellom.
Turen vart ca 13 km. Knakande kjekt med ei bypadling att, og det var mykje å sjå undervegs. Veldig bra turfølgje var det og! Takk for turen!
Flotte bilde frå noko som ser ut til å ha vert ein knakande kjekke tur :)
SvarSlettKjekt å sjå blogginlegga frå nordnorge turen og. Skal/må nordover å padle ein eller anna gong eg og,når eg får bedre tid til meg sjølv ein gang i framtida,kansje....;))
Har fleire turar nordover på ønskelista eg og... og tid får vi! :)
SlettFantastiska bilder!
SvarSlett... og Lene held på sin gode, lyriske fortellarstil... Takk for tur og fortelling!
SvarSlettÅ være turist i sin eigen by kan være ganske så kjekt det :) flotte bilder Lene, og morsomme kommentarer! Og en virkelig koselig blogg å lese :))
SvarSlett