mandag 19. august 2013

Lauparen (1434 moh)

Eg var på Lauparen i 1996, då det var 4H-landsleir på Sjøholt. Den turen hugsar eg lite av. No er det turkode der, Beate var turklar, og laurdagen kom med knallver! Flaks!

Grytalisætra

Turen startar ved Grytalisætra på ca 400 moh (bomveg - p.d. kr 20,-). Innover ein myrete og vid dal. Skilta og meir enn tydeleg sti. 

Herleg med kyr på beite! Bak der er fjellet Høgsvora, som vi skal på snart.  

KYR er attraksjon det. Lenge mellom kvar gong. ALT for lenge mellom kvar gong eg treff dei i det fri. 

Dagens ørn - havørn

Grytavatnet har fått namn med rette. Det ser ut som ei gigantisk jettegryte. Her var post nr 1.

Beate er nøgd og har funne post nr 1. Lauparen bak der. Litt av ein bakke som ventar...

Opp her?

Stien var tydeleg og lett å finne. Sjølv om vi innimellom lurte på om det var råd å komme opp, så løyste det seg alltid då vi kom nærare. 

Og for ei utsikt vi fekk etterkvart! Grytavatnet i blått og vatnet i Isbotnen i turkis. 

Jess! 20 poeng - ny topp! Post nr 2.

Det viste seg å vere eit alvorleg "papirarbeid" på toppen. Molde og Romsdal Turistforening, Vestnes IL, Tomrefjord IL og Lauparen IL hadde turbøker, i tillegg til Telltur-koden frå Ålesund og omegn friluftsråd. Det seier vel litt om kor synleg denne toppen er frå alle kantar; eit skikkeleg landemerke og attraktivt turmål. 

Iskladt var det og. Sesongens første antydning til naglebet. Matpakka skulle ned, og fotografering gjennomførast. Vi "leikar" ikkje topptur. 

Brudefølgjet og Romsdalsfjell på rad og rekke attafor

Mot Sjøholt

FIIIN TUR! FANTASTISK UTSIKT!! 
Det vert god stemning og store bokstavar av slikt.

Rått og sårbart. Vakkert og skremmande.

Det var mykje kjekke folket i fjellet. Rart kor blide og pratsomme vi vert på tur. Sjelevennar. Vi kjenner på det same slitet, gleda over utsikta og kjensla av å nå målet! Kjentfolk var det og. På heimturen hadde vi selskap heile vegen av nokre andre små krabatar

Lemen!

Vi såg sikkert 20 stk. Eg kom ut av teljinga. Eg har aldri sett så mange før. Hypotese: Lemenår? I alle fall på Lauparen, om det så er eit lokalt lemenår.

Vi brukte akkurat ein time gangtid til Grytavatnet og tre timar gangtid til toppen slik det stod på skilta ved stølen. Nedatt brukte vi to timar og eit kvarter. 

Vi runda av dagen med ein siste turmålskode på Gausnesgarden og var veldig nøgd med turen og eigen innsats!

4 kommentarer:

  1. No måtte eg fram med kart og kikke etter kor denne Lauparen låg! Fekk virkelig lyst å gå opp dit! Og så flotte bilder av forskjellige dyr! Lemen var virkelig søt! Og kyr, er enig med deg, se for lite av dei ute. Ser berre hos mine foreldre no som min far la ned gådsdrifta, savner å sjå kyr på markene.
    Takk for en flott blogg! :))

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk det same - neste år vert det meir Sykkylven på meg tenker eg. ;)

      Slett
  2. Hei hei - flott blogg, flotte bilder og flotte turer - jeg linker deg til blogglisten min!!

    KlemKKann

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt! :) Ser du padlar i ferskvatn og "turar" på ein litt anna kant av landet - så følgjer gjerne deg og.

      Slett