torsdag 29. august 2013

Ytterøyane fyr - øyhopping Flora - 2

Laurdag 24.08. Lettskya og fint. Vinden som var meldt såg vi lite til. Lang frukost og klar for sightseeing.

Batalden og Litle Batalden. Lag på lag. På rekke og rad. 

Det går an å skjønne kvifor den litle er kalla opp etter den store. Vi snur "Bataldnane" ryggen og padlar sørover.

Snirkling i Vågane på Skorpa

Skorpa vest. Solid molo. Skikkeleg solid.

Sydenstemning og lunsj på Æsøya

Bading med Ytterøyane fyr i horisonten! Kven hadde trudd det?

Badliv. Fin temperatur i vatnet. Kanskje 16-17 grader? 

Målet for dagen: Ytterøyane fyr. Vi sette kursen rett vest. 

Ytterøyane er del av eit større sjøfuglreservat, med ilandstigningsforbod frå 1. april - 31. juli. 
  
Vi er på land! 

Ytterøyane er berykta for dårlege landingsforhold. Med kajakk på ein roleg dag gjekk det greit, men det var mykje drag og lite manøvreringsrom for båt her ute. 

Fyrstemning! Tårnet er 31 meter høgt. "Døra til Alden" var skikkeleg artig. Det var godt vedlikehald og fint på fyret. 

Mot Batalden

Alden og Værlandet i sør (t.v), innover øyriket i Flora og Skorpa i aust (t.h).

Ytterøyane fyr

Farvel. Adjø. 

Dagen var på hell og vi sette kursen mot sagaøya Kinn og middelalderkyrkja.
Vi padla omlag 20 km på laurdagen. 


Vatn: Vi hadde med oss mykje, men ikkje heilt nok. Eg testa koking av pasta i sjøvatn. Det gjekk heilt fint. Litt salt, men god smak. Vi fekk fylle på noko vatn på Skorpa som var så myrete at vi ikkje klarte å drikke det. I Rognaldvågen fekk vi fylt bra vatn i hamna. Det er ikkje mykje drikkevatn å finne på øyane. Ta med (meir enn) rikeleg!

4 kommentarer:

  1. Aahhh - så flott tur dere har hatt - masse flotte bilder!

    KlemKKann

    SvarSlett
  2. Dåke må ha hatt ei fantastisk fin helg . Fyflate t klaff med DET flott veret som blei då :)) kunne tenkt meg å vert med på ei sånn helg ,men trur eg har forlite erfaring til å henge med dåke på så lang tur...Mange flotte plasser rundt Florø .

    SvarSlett
    Svar
    1. Når eg veit kvar du padlar på ein kveld, så er eg sikker på at du hadde trivdes på denne turen og. Hugs at vi har heile dagar på helgetur, så det er ikkje spesielt langt. Gode pausar og fint turtempo. Erfaring må ein jo skaffe seg på eit vis ;). Håpar du får sjansen til å ta eit teknikkurs - det vil du ha mykje glede av med den flotte kajakken din! Så må vi no klare å få til ein felles tur ein eller anna gong!!

      Slett
  3. For ein tur då!! Eg har vore i Batalden ein gong men det må MINST vere 14 år sidan! Flott tyr innlegg, Lene :-)

    SvarSlett